Gulsvik-nedbør nedjustert

Etter tips frå Hallingdølen, har Meteorologisk institutt sett nærare på nedbøren som var registrert ved den automatiske vêrstasjonen på Gulsvik i august.

Som det kom fram i artikkelen om augustvêret i avisa sist torsdag, var det grunn til å setje spørsmålsteikn ved nedbøren på Gulsvik, som var registrert til 138,6 mm. Og ikkje minst ved døgnnedbøren den 12. i månaden på 67,7 mm, eit døgn då dei næraste nabostasjonane ikkje hadde nedbør i det heile.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me har lagt tvilen fram for Meteorologisk institutt. Der svarar Hildegunn Nygård ved Observasjons- og klimadivisjonen slik i ein e-post: «Jeg har kikket på det og ser at ingen andre stasjoner har målt så mye nedbør, og vi ser heller ingenting på værradaren for det tidsrommet. Vi har derfor korrigert denne døgnverdien til 0 mm i databasen vår. Alle data går igjennom en automatisk kvalitetskontroll når data kommer inn, og så har vi i tillegg en manuell kontroll. Vi fanger opp mye, men klarer nok ikke å fange opp alt. Derfor er det fint å få beskjed om tvilsomme målinger fra brukerne av data.»

For spesielt interesserte, er den korrigerte månadsnedbøren for Gulsvik i august etter dette 71 mm.