Så langt er det berre sendt ei smitteprøve frå Nore og Uvdal. Foto: Arkiv.

Fem i karantene i Nore og Uvdal

— Me har god kontroll og god oversikt. Så langt har me sendt éi smitteprøve. Denne var negativ.

Det opplyser Einar Braaten som er kommuneoverlege for alle Numedals-kommunane. Av kommunane i vår region er Nore og Uvdal mildast ramma av koronaviruset.

Ifylgje Braaten er fem personar sett i karantene. Når det gjeld tiltak, fylgjer kommunen retningslinene frå Folkehelseinstituttet. Det betyr at alle arrangement med fleire enn 500 personar vil bli avlyst. For arrangement med 100 til 500 personar eller deltakarar må ein søkje kommuneoverlegen som gjer ei risikovurdering. Arrangement med færre enn 100 personar treng inga godkjenning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Braaten har så langt ikkje sagt nei til arrangørar. Han er heller ikkje kjent med avlysingar i Nore og Uvdal.

— Men fleire større arrangement står for tur. Ikkje minst i påska. Desse må me vurdere om kan gjennomførast. Elles er det mange spørsmål. Folk lurer på om dei kan arrangere alt frå loppemarknad til foreldremøte, fortel Braaten.