Eitt nytt tilfelle av koronasmitte i Gol

Tysdag formiddag bekreftar kommuneoverlegen i Gol, Jagannivasan Thurainayagam, at ein person har testa positivt for korona. Smittekjelda er ukjent.

– Det er alt sett i gang smitteverntiltak. Eg har vore i kontakt med vedkommande. Tilstanden er stabil, seier Thurainayagam.

Gol er no oppe i tre positive tilfelle.