- Det er selt over dobbelt så mange hytter i Hallingdal i mai i år som i fjor, seier eigedomsmeklar Gjermund Svendsen- Rosendal i Fjellmegleren. (Foto: Arkiv)

Hyttesalet til vers i mai

Det vart selt dobbelt så mange hytter/fritidsbustader i Hallingdal i mai i år som i fjor. Trenden har snudd etter bråstoppen under hytteforbodet i mars/april.

I tysdagsavisa hadde Hallingdølen eit oppslag om at «alle» vil kjøpe hytte i fjellet, og at Hallingdal er eit ekstra attraktivt område.

– Mange vil hamne i fjellet

Det var Bjørn Erik Øye i Prognosesenteret som hevda at det går mot eit rekordår i hyttemarknaden landet over. Han viste til ein analyse om at 100.000 nordmenn planlegg å kjøpe hytte i nær framtid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Rekordstor interesse i hyttemarknaden

– Mange av dei som startar med å utforske mogelegheitene ved sjøen, vil nok hamne i fjellet, sa Øye.

Bråstopp i mars/april

Hallingdølen har fått tilbakemelding om at etterspørselen og salet av hytter/fritidsbustader i Hallingdal ikkje er så positiv som bransjen vil ha det. Statistikken over hyttesalet viser også at det har vore ein nedgang i vår region dei tre siste månadene i år samanlikna med i fjor.

Salstala frå Eiendomsverdi AS, som registrerer aktiviteten i bustad- og hyttemarknaden, viser at det vart selt 89 hytter i Hemsedal, Gol, Ål og Hol i perioden 12. mars til 10. juni i år. I same periode i fjor vart det selt 105 hytter i dei fire kommunane.

Les også
– Alle skjønar at me ikkje kan bygge hytter til himmelen

Årsaka til nedgangen er koronakrisa og hytteforbodet som førde til bråstopp i hyttesalet frå midten av mars.

– Beste mai nokon gong

Dagleg leiar i Eiendomsmegler 1 Fjellmegleren, Gjermund Rosendahl-Svendsen, stadfestar at hyttesalet gjekk på sparebluss frå midten av mars og i april. Men frå mai har det tatt seg kraftig opp og vore beste mai-månaden nokosinne.

Les også
– Kva skal me leve av i framtida?

– Då fjellet stengde hadde me ein tilbakegang på 50 prosent, og det har si naturlege forklaring. Men mai-månaden er den beste meklarbransjen me har hatt nokon gong. Då vart det selt 40 fritidsbustader i Hallingdal mot 17 i mai fjor. Så langt viser juni-tala same tendensen, seier Svendsen-Rosendahl.

– Det ser lyst ut

Han understrekar at salstala gjeld brukte hytter/fritidsbustader for alle meklarselskapa som opererer i Hallingdal. Salet av nye hytter/leilegheiter er ikkje med i statistikken.

– Interessa for fritidseigedom og draumen om det gode liv på fjellet er sterkare enn nokon gong. Det ser lyst ut, seier eigedomsmeklar Gjermund Svendsen-Rosendahl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Til himmels opp frå bjørkeskogen?