Mens vanlige biler jevnlig øker i pris, har elbilene blitt betydelig billigere de siste årene.
Mens vanlige biler jevnlig øker i pris, har elbilene blitt betydelig billigere de siste årene.

Elbilar blir endå billigare

Elektriske bilar er blitt fleire ti tusen kroner billigare det siste året. No vert priskrigen skjerpa på ny.

At konkurransen verkar er det høge salet av elektriske bilar i Norge eit klart bevis på. For sjølv om fleire importørar brukar meir tid på å ordne køen av kundar enn på å marknadsføre bilane, går prisane ned.

Medan VW ventar på elektriske Golf, held Nissan fram med kampanjeprisar på Leaf, samtidig som Ford set ned prisen på elektriske Focus med inntil 59.000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prisnedsetjingar

Det er ikkje meir enn fire år sidan ein enkel elbil kosta nær 300.000 kroner. Med introduksjonen av Mitsubishi i-MiEV – den første elbilen som tilfredsstilte kravet frå normalbilkjøparen til tryggleik, utstyr og komfort – datt prisen til 250.000 kroner.

Tre år seinare kostar i-MiEV 159.000 kroner, og med litt pruting er det mogleg å få han til 150.000 kroner. Altså 100.000 kroner ned i pris på tre år.

Det same gjeld for Nissan Leaf, den klart mest selde elbilen i landet. 2.300 nye og 850 bruktimporterte eksemplar er omsette så langt i år. For halvtanna år sidan kosta bilen 255.000 kroner. I oppgradert utgåve med betre rekkevidd vert bilen no seld frå 191.000 kroner. All erfaring viser at etter slike kampanjar vil det ikkje vere mogleg å auke prisen.

Den elektriske varianten av Ford Focus prisnedsettes med inntil 59.000 kroner.
Den elektriske varianten av Ford Focus prisnedsettes med inntil 59.000 kroner.
Nissan gjør kampanjen på Leaf permanent for å holde spenningen oppe i elbilmarkedet.
Nissan gjør kampanjen på Leaf permanent for å holde spenningen oppe i elbilmarkedet.

Konkurranse virkar

Nissan gjer naturlegvis dette for å hevde seg mot aggressive BMW med elektriske i3 og VW. Sistnemnde sel bra med elektriske VW e-Up, og frå i sommar og ut året kjem 2.000 elektriske VW e-Golf-ar til landet.

Ford hadde store forventningar til den elektriske varianten av kompakte Focus. Men Ford feila på hoppkanten. Prisen vart for høg og konseptet ikkje gjennomtenkt nok, samanlikna med dei beste konkurrentane. Så langt i år er det selt 60 Focus electric, og modellen står for berre 0,8 prosent av elbilsalet.

Så Ford bøyer seg no audmjukt for konkurransen, og set ned prisen til 219.900 kroner inkludert levering, som likevel i praksis betyr 20.000 kroner over Nissan Leaf.

Prisnedsetjinga kan gjere Forden meir attraktiv, men avslaget er neppe nok til å redde batteridrivne Focus i Norge.