Torv er ikkje berre torv

Nye produkt er komne til. Bruksområda er vorte fleire. Nye produksjonsmåtar har revolusjonert bransjen. Ingenting er som før. Heller ikkje i torvbransjen.

Dette veit Erlend Medgard alt om. Medgard som eig og driv Naturtorv AS i Ål, har vore i bransjen i 17 år medan firmaet hans nærmar seg 30-års jubileum. I løpet av desse åra har det skjedd ei rivande utvikling. Ikkje minst dei siste åra. Torvtak med naturtorv skore frå bakken på jorder og myrer er på veg ut.

– Andre typar torv har overtatt. Nye miljøkrav og kostnadskutt har tvinga både oss og bransjen til å tenke nytt, understrekar Medgard som også har snudd om litt på drifta. Tidlegare leverte Naturtorv store mengder torvtak til nye hytter. No er utskifting av gamle torvtak og rehab-marknaden hovudgeskjeften.

Frå Hellebu

Det starta tilfeldig. Med eit lausleg spørsmål frå ein hytteeigar fyrst på 1990-talet. Hytteeigaren ynskte naturtorv på taket og spurte om far til Erlend, Håkon Medgard, kunne hjelpe. Medgard som dreiv som maskin og landbruksentreprenør, visste råd. Torv skar han ut frå stølsvollen på Hellebu. Hytteeigaren fekk tak med finaste fjellflora.

Slik held det fram i mange år. Medgard henta naturtorv frå eigen gard og frå bønder som skulle pløye jorda sine. Erlend kom inn i drifta som salsleiar i 2004. I 2018 skilde far og son lag, og Erlend overtok som eigar og dagleg leiar.

Miljøkrav

Etter den tid har det skjedd store endringar i bransjen. Og i marknaden. Ikkje minst på grunn av strenge miljøkrav. Mellom anna er det det langt på veg forbod mot å ta ut naturtorv frå myr – på grunn av klimagassutslepp. Norske myrer lagrar minst 950 millionar tonn karbon. Dette svarar til 3500 millionar tonn CO2, eller Norges årlege utslepp av klimagassar i 66 år. Urørde myrområde er difor viktig i det «grøne skiftet».

Nye torvprodukt

Produksjonen av torv er dermed vorte endra og industrialisert. I dag skjer produksjonen på eigna jorder. Fyrst og fremst på Jæren og Austlandet. Dette har ført til fleire nye torvprodukt. Naturtorv kan tilby ferdige torvprodukt til både tak, plenar, vegskråningar og naturtomter. Produkta kjem i samanrulla matter.

Sedummatter. Desse er grøne og består av 6-11 ulike blomsterartar, dei fleste frå bergknappfamilien. Artssamansetjinga kan variere avhengig av klima. Artane har gule, rosa eller kvite blomar. Fargen varierer gjennom sesongen.

Lyngmatter: Desse kan brukast til restaurering av skoglandskap, etter utbygging av hyttefelt eller til å beskytte mot erosjon. Mattene består av blåbær, tyttebær, røsslyng og krekling samt ulike mose- og lavartar. Kan også brukast på tak.

Mosematter. Desse kan limast direkte på taket. Består av minst fire ulike moseartar. Mosemattene kan brukast i hagen, langs vegar eller på tak.

Alle tre torvtypane har låg vekt i forhold til tradisjonelle torvtak, og egnar seg godt på bygg som ikkje er like kraftig dimensjonert.

Mange trur at torvtak berre høyrer heime på hytter. Slik er det ikkje. I byane blir det meir og meir vanleg med grøne tak. Også på store bygg, fortel Medgard.

Eit døme på nettopp det er er Barcode i Oslo, Norges største byutviklingsprosjekt, og Opera-kvarteret i Bjørvika. Ifylgje reguleringsplanen skal minst halvparten av taka vera grøne med sedumplanter og andre vokstrar. Dette fordi grøne tak har miljømessige, sosiale og økonomiske fordeler. Dei sug opp vatn og avlastar avløpsnettet. Lufta blir betre fordi grøne planter absorberer og filtrerer CO2 samstundes som det blir fanga opp svevestøv. Dessutan skjermar grøne tak mot støy samstundes som dei bidreg til å oppretthalde det biologiske mangfaldet og til karbonfangst. Torvtak og torvprodukt er også ein bidragsytar i det grøne skiftet. Ja, på somme bytak kan du i dag sjå bikuber.

Fornying og utskifting

Medgard har ikkje tenkt å slå seg seg på birøkt. Derimot er fornying og utskifting av eldre torvtak blitt ein stadig viktigare del av drifta. Dette er i dag det viktigaste forretningsområdet saman med sal av nye grøne takprodukt. Naturtorv AS har også inngått avtaler med lokale samarbeidspartnarar.

– Alle tak har ei levetid. Torvtak har to levetider. Ei for torva, og ei for taktekkinga under. Iblant er det nok med litt utbetring og fornying. Andre gonger må heile torvtaket byttast ut, fortel Medgard før han legg til;

– Det er med torvtak som med ektefellar - dei krev godt stell; Kalke og gjødsle om våren, slå graset år om anna, rake turrgraset ned på bakken om hausten og vatne dersom det er tørkesommar. Då forlengar du levealderen på torvtaket. Og du får eit vakkert tak.