Halvrustne søppelcontainerar vil bli erstatta med pent opparbeidde returpunkt som i Kvinnegardslia i Ål.

No skal me bli meir miljøvennlege

EU vil ha opp farten på kjeldesorteringa. Hallingdal Renovasjon er godt i gang. Gjennom prosjektet «Færre og større».

–Dette blir eit stort framskritt for både fastbuande og hytteeigarar, understrekar Tore Gjeldokk som leier «Færre og større-prosjektet» ved Hallingdal Renovasjon. 1. januar 2023 skal mange av endringane vere på plass.

EU-DIREKTIV

Dette er dei nye EU-krava;

– 55 prosent av alt hushaldningsavfall og liknande næringsavfall skal gjenvinnast innan 2025, 60 prosent innan 2030 og 65 prosent innan 2035.

– 65 prosent av emballasjeavfall skal materialgjenvinnast innan 2025. 70 prosent innan 2030.

– Vidare krev EU at det skal vera kjeldesortering av papir, og av all emballasje av plast, glass og metall – og innan 2025 – tekstil. Matavfall skal sorterast ut innan 2023 og farleg avfall innan 2025.

Bakgrunnen er eit EU-direktiv frå 2018. Som EØS-medlem er Norge forplikta til å fylgje direktivet. Forskrifta er rett nok ikkje klar, men dei fleste av landets renovasjonsselskap har starta arbeidet med omlegginga. Hallingdal Renovasjon ligg godt an i løypa.

Skal ein lykkast, må alle bruke nyordninga på rett måte, understrekar prosjektleiar Tore Gjeldokk.

«DET GRØNNE SKIFTET»

–Dette er ledd i det «grøne skiftet». EU vil ha ned mengda på restavfall. Difor må det leggast til rette for meir kjeldesortering, fastslår Gjeldokk og legg til;

– Hallingdal Renovasjon kan alt i dag handtere mange av EU-krava. Men for å kome i mål, må me utvikle kjeldesorteringa vidare. Me må tilby kjeldesortering av alle avfallstyper til alle abonnentar, inkludert hytteabonnentar. Det gjeld matavfall, papir og emballasje av plast, glass og metall.

Skal ein lykkast, må alle bruke nyordninga på rett måte, understrekar prosjektleiar Tore Gjeldokk.

AVFALLSBRØNNAR

Endringa vil bli mest synleg på returpunkta. Halvrustne søppelcontainerar i skogkanten – gjerne omkransa av restavfall som folk har slengt frå seg – er snart historie. I staden skal containerane erstattast med pent opparbeidde returpunkt. Her vil ein finne avfallsbrønnar for ulikt type avfall.

Returpunkta vil bli asfaltert. Dei skal vere opplyst. Og det kan bli snakk om kameraovervaking for å hindre at folk hiv frå seg likt og ulikt som skal leverast til anlegget i Kleivi, eller dei kommunale mottaka. Returpunkta skal nyttast av hytte-eigarar og fastbuande som ikkje har eigne dunkar.

HALVERING

Talet på returpunkt vil bli meir enn halvert – frå rundt 180 til 80. Kommunane må koste grunn og anleggsarbeida. Hallingdal Renovasjon dekker utgiftene til avfallsbrønnane. Dette er rekna til om lag 20 millionar kroner.

– Skal me ha ei kostnadseffektiv og miljømessig god avfallsinnsamling, må me ha færre og større returpunkt. Delvis nedgravne avfallsbrønnar reduserer brannrisikoen. Luktproblema blir mindre. Plassutnyttinga på returpunkta blir betre. Returpunkta bli meir estetiske. Og ikkje minst – det blir enklare for brukarane å kjeldesortere, sjølv om det for somme blir litt lenger køyring enn i dag, understrekar Gjeldokk.

– Kva med avfall som ikkje kan kjeldesorterast?

– Det blir som i dag. Det skal leverast til anlegget i Kleivi, eller dei kommunale avfallsmottaka.

Restavfallet vil som i dag gå til energigjenvinning i forbrenningsanlegget i Kleivi.

INGEN STOR ENDRING

For abonnentar med henteordning blir det berre mindre endringar. Bortsett frå på eitt område – matavfallet. Alt matavfall som i dag blir rekna som ein del av restavfallet, skal sorterast for seg og tømmast i eigne dunkar. Deretter vil det bli henta inn til anlegget i Kleivi. Her vil det bli mellomlagra før det blir transportert vidare til eitt av biogassanlegga i Sør-Norge. Hallingdal Renovasjon vurderte å bygge eige biogassanlegg, men kostnaden og risikoen vart for stor.

Kjeldesorteringa blir utvida frå fire til fem kategoriar; matavfall, glass og metall, papir, plast og restavfall. Restavfallet vil som i dag gå til energigjenvinning i forbrenningsanlegget i Kleivi.

RENOVERINGSAVGIFTA

– Vil det bli dyrare renovasjonsavgift?

– Meir kjeldesortering kostar. At avgifta vil gå ned, er difor lite truleg. Kor mykje den vil auke, er uråd å spå. Men me gjer vårt yttarste for å redusere auken. Det ligg også innsparingar i nyordninga. Færre returpunkt reduserer transportkostnadene, opplyser Gjeldokk.

EKSTRA KOSTNADER

Hallingdal Renovasjon

Tilsette: 52

Eigarkommunar: Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Krødsherad, Nesbyen og Ål.

Etablert: 1980

Omsetning 2019: 80 mill.

Avfallsmengde motteke i 2019: 30 000 tonn

Prosjektleiaren reknar med at det meste skal vere på plass til 1. januar 2023 – «deadline-datoen» EU har sett. Men alle returpunkta vil ikkje vere ferdig opparbeidde til då.

Hallingdal og Krødsherad er med sine 23000 hytter ein av dei største hytteregionane i landet. Det betyr at det må byggast langt fleire returpunkt enn i sentrale strok. Det inneber også ekstra kostnader for eigarkommunane og Hallingdal Renovasjon.

– Men, seier Gjeldokk og hevar peikefingeren; –Det er med dette som mangt anna nytt. Skal me lykkast, må alle bruke nyordninga på rett måte. Då vil me få ei god og miljøvennleg avfallshandtering i Hallingdal og Krødsherad.