Nær og lokal utfordrar byggvare-gigantane

Dei føler seg litt som David. I kampen mot Goliat. Brørne Erland og Olav Slaatto utfordrar dei store byggvare-gigantane. Og dei aktar å bite frå seg.

12 år etter at Maxbo kjøpte byggevareforretninga til Slaatto Sag & Høvleri AS, er Erland og Olav Slaatto i gang att. I forretningslokala ved Rv7 vest for Gol. Med sal av trelast og byggevarer. Nett som då butikken vart selt. Og under same namn – Slaatto Sag & Høvleri AS.

Ikkje nok med det. Slaattobrørne går motstraums. Den nyopna byggvareforretninga er ikkje med i nokon av dei store byggevare-kjedene. Den er sjølvstendig og lokalt eigd. Kort sagt – den er seg sjølv. Hundre prosent. Eigd av to brør med kvar sin 50 prosent aksjeandel. Erland styrer den daglege drifta. Olav er med på eigarsida.

– Nær og lokal er sentrale stikkord for oss, understrekar Erland Slaatto og får eit samtykkande nikk frå bror Olav.

Tradisjonsrik bedrift

Slaatto Sag & Høvleri AS er ei tradisjonsrik bedrift. Etablert i 1927 av oldefar til Erland og Olav, Engebret O. Slaatto, som starta sagbruk med nyinnkjøpt to-takts bensindriven motor til å drive sirkelsaga. I 1934 utvida han sagbruket med høvleridrift.

Drifta var stabil og god i fleire tiår. Men i 1988 tok far til Erland og Olav, Ola Slaatto, bedrifta eit langt steg vidare. I tillegg til høvleridrift og sal av trelast, etablerte han byggevarehus både på Gol og Geilo.

Store endringar og sal

Sønene Erland og Olav kom etterkvart med i drifta. Samstundes skjedde det store endringar i bransjen. Lokale og sjølvstendige butikkar vart kjøpt opp. Dei store kjedene overtok meir og meir av marknaden og vart einerådande.

Etter grundige vurderingar bestemte Slaatto-familien seg for å selje drifta av byggvarehusa til Maxbo. Det skjedde våren 2008. Men familien beheld bygningsmassen. Maxbo leigde forretningslokala for 10 år. Slaatto-familien avtala at dei ikkje skulle starte konkurrerande verksemd dei neste 10 åra.

Berebjelken på Torpo

Viktige årstall

1927: Grunnlagt av Engebret O. Slaatto.Trelast- produksjon med ei enkel sirkelsag som vart drive av ein to-takt bensinmotor. Skjæring av tømmer for det lokale landbruket og til eige bruk.

1934: Kjøpte ein av Hallingdals fyrste høvelmaskiner. Kosta 6.500 kroner. Eit stort økonomisk lyft.

1984: Sagdrifta vart lagt ned. Produksjonen gjekk over i rein høvleridrift.

1985: Bygde nytt høvleribygg med nytt høvlerianlegg.

1988: Begynte med sal av byggevarer både på Gol og Geilo.

1993: Bygde ny byggevarebutikk og lager på Gol.

1997: Kjøpte bygdesagbruket på Torpo, tidlegare Hallingdalsbruket med komplett vidarefored- lingsanlegg og impregneringsverk.

2005: Bygde nytt byggevarehus i Vestlia på Geilo.

2006: Produksjonen på Gol vart lagt ned og flytta til produksjonsanlegget på Torpo.

2008: Drifta av byggevarehusa på Gol og Geilo vart selt til Løvenskiold Handel As, (Maxbo).

2011: Ny produksjonslinje for overflatebehandling av innvendig panel, utvendig kledning og listverk ved anlegget på Torpo.

2018: Avvikla leigeavtalen med Maxbo på Gol.

2019: Nyopning av trelast- og bygggevareutsal på Gol.

2020: Oppgradering ved høvleriet og impregneringsverket på Torpo.

I staden konsentrerte ein seg om å vidareføre og utvikle trelastproduksjonen ved anlegget på Torpo, tidlegare Hallingdalsbruket som vart kjøpt i 1997. Her hadde og har Slaatto Sag & Høvleri bygd opp eit komplett produksjonsanlegg for vidareforedling av trelast – med eit vidt spekter av trelastprodukt, også trykkimpregnerte materialar og engrossal til dei store kjedene.

Men berebjelken på Torpo er produksjonslina for overflatebehandling av trelast. Det gjeld både for utvendig kledning, innvendig panel og listverk. Kundane bestemmer farge. Produksjonen blir utført etter bestilling direkte frå kundane. Ei vidare utvikling av produksjonslina er viktig for den framtidige drifta på Torpo, understrekar Slaatto-brørne.

I 2018 hadde det gått 10 år sidan salet til Maxbo. Byggvaregiganten sa opp leigeavtalen og flytte butikken frå Rotneim til Glitre. Erland og Olav Slaatto begynte på si side å pusse støv av butikktanken. Dermed var det gjort. I januar i fjor låste dei opp dørene i det tidlegare byggvarehuset på Rotneim. Lagera vart fyllt opp med eit rikt utval trelastprodukt. Samstundes vart det inngått avtalar med ei rekke leverandørar. Både av byggevarer og produkt som høyrer til i eit fullsortiments byggvarehus.

Attende i butikken

Men Erland og Olav Slaatto fekk også ei anna gledeleg overrasking. Mange av medarbeidarane som var med i «gamle dagar» og før salet til Maxbo, er komne attende. I dag er det 14 tilsette i bedrifta. Omsetnaden var i fjor på snautt 40 millionar kroner. Og Slaatto-brørne trur på vekst;

– Eg seier som far; «årsomsetnaden må vera som fjorårsomsetnaden pluss 10 prosent, ferdig banka», understrekar Erland som synest det er moro å vera attende i byggevarebransjen.

Når ein er fødd og oppvaksen i sagflishaugen, oppdagar ein fort at det er her ein høyrer heime, smiler han.

Men dette er ein tøff og krevjande bransje. Nokre få gigantar har hand om det meste av marknaden. Å starte opp på eiga hand er som Davids kamp mot Goliat. Men det har også sine fordeler å vere liten. Fagkunnskap, fleksibilitet, rasjonell drift, tett på kunden, eit sortiment tilpassa lokale behov er sentrale stikkord.

– Me er ikkje bundne opp av kjedeavtaler. Dermed kan me skaffe det kunden ber om. Dessutan er me opptekne av å ha eit stort og rikhaldig lager av trelast og byggevarer. Varene må vere tilgjengelege når kunden vil ha dei.

God porsjon idealisme

Men han vedgår at at det det også ligg ein god porsjon idealisme bak nyopninga av byggvarehuset.

– Me meiner verdiar som blir skapt lo kalt bør bli verande att lokalt. Det er nødvendig om ein vil utvikle bedrifta, etablere nye verksemder og fleire arbeidsplassar, seier Erland Slaatto og legg til;

– Bevisstheita hjå kundane til å handle lokalt, støtte opp om små og lokale bedrifter er vorte større. Ikkje minst i desse koronatider.

– Så Slaatto Sag & Høvleri er i realiteten ei god gamaldags motstraumsbedrift?

– Ja. Også ligg det ein god porsjon staheit i denne satsinga. Me har ein klar strategi om at bedrifta ikkje berre skal bestå. Den skal utvikle seg vidare.

Det er dette me kan. Det er dette me vil drive med. Også bur det ein liten kremmar i oss båe. Har du eit byggeprosjekt, ta kontakt med oss for eit godt tilbod, avsluttar Erland Slaatto.

Arbeidskameratar: Olav Slaatto (f.v.), Jon Knaldre, Engebret Slaatto, Ivar Larsen, Engebret Gutigard og Tor K. Jegleim fotografert ved Slaattosaga på slutten av 1930-talet.