Lefseklingen vidare i Årets bakst 2020

Me som kjenner lefseklingen veit han er god! No har fleire oppdaga det.

Det Norske Måltid kårar kvart år dei beste smakane. I år er lefseklingen til Leveld Lefsebakeri med i kategorien Årets bakst og blant dei åtte som er plukka ut til delfinale. Vinnaren blir kåra i februar.

Sigrid Roen og Grethe Bjerke lagar emne til lefsekling.

Bakst i særklasse

Dei er bakstekjeringar, kulturarbeidarar – og har det kjekt i lag!

Kanskje er det oppskrifta på 33 års bakstesuksess i Leveld. Ikkje berre går det unna når ni bakstekjeringar er i sving i lokalet til Leveld Lefsebakeri. Dei har det også moro!

– Skal det bli sving på sakene, må ein trivast, slår Grethe Bjerke fast.

Ho leiar staben i bakeriet. Gamal som ung. Og nettopp det er eit poeng: Her er veteranar, som har runda pensjonsalder og kan bakstekunsten, side om side med yngre som tek tradisjonen vidare.

«Lokalt og laga for hand.»

– Det var også noko av motivasjonen då Leveld lefsebakeri starta i 1987. Å berge den lokale bakstetradisjonen, og ta han vidare til nye generasjonar, fortel Bjerke.

Leveld Lefsebakeri fekk Ål kommunes kulturpris i 2019

«Det er ei historie om gründerverksemd, det er ei historie om stå-på-vilje og usvikeleg tru på eige produkt, det er ei historie om å erkjenne at også tradisjonar knytt til mat har ein verdi og deretter ta ansvar for at dei vert teke vare på.»

Det var Sissel Gurigard, Ågot Bergaplass og Ragnhild Luksengard som starta det heile. Dei var alle 60-årsalderen. Gründerane skulle berre visst den gongen, at bakeriet 33 år seinare er ein sikker arbeidsplass for over 10 personar, kulturprisvinnar og leverandør av kvalitetsbakst ikkje berre i Hallingdal, men over store deler av Austlandet – ja, også på Vestlandet!

Kjevlene rullar, takkene steiker. Smørkniven går i taktfast dans over lefseklingen. Dette er handverk. Eit imponerande samspel. Av slikt blir det bakst i særklasse.

Med stive musklar blir det ikkje god bakst!

Lefsebakst er ekte handverk. Det veit damene i bakeriet. Når klokka passerer halv 12, let dei kjevlene ligge, det er tid for musikk. Til friske rytmar får musklar og ledd sin daglege trim. – Det er heilt nødvendig. Trimmen sluntrar me ikkje unna, slår Grethe Bjerke fast.

I over 100 butikkar

Du finn Leveld Lefsebakeri-produkt i alle butikkane i Hallingdal. Og det stoppar ikkje der. Du kan kjøpe småmat og lefsekling i butikkar i Oslo- og Drammen-området – og på Vestlandet. Få full oversikt på leveldlefsebakeri.no

Viss du virkeleg vil fornærme ein halling, kallar du småmat for suppe. Men småmat er ikkje suppe, det er festmat i Hallingdal. Og sjølvsagt med lefsekling til.