optimistar: Dagleg leiar Geir Treverket Hovda (t,v,) og saksbehandlar Sondre Hagen har all grunn til å smile. Utsiktene er gode for Elektroservice Hallingdal Installasjon AS, og for elektrobransjen generelt.

Inspirert av Eggen og Rosenborg

Fotballtrenar Nils Arne Eggen er ein bauta i norsk fotball. Men han har også inspirert mange bedrifter. Ei av dei er Elektroservice Hallingdal Installasjon AS.

Styreleiar Bård Bøygaard og dagleg leiar Geir Treverket Hovda har all grunn til å vere stolte. Elektroservice Hallingdal Installasjon AS er med sine 47 tilsette den største elektrobedrifta i Hallingdal. Omsetnaden er dobla på ti år. I fjor passerte den 65 millionar kroner. Og ordrepilene peikar berre ein veg – oppover.

Oppkjøp

Det er også bakgrunnen for det siste oppkjøpet. Nyleg kjøpte ein elektrobedrifta Gol Installasjon AS. Fusjoneringa vil skje om kort tid. Oppkjøpet inneber at staben blir utvida med fem nye montørar.

Tidlegare konsentrerte me oss mest om marknaden i dei tre øvste hallingdalskommunane. No kan me også sjå mot Hemsedal og Nesbyen, seier Geir Treverket Hovda som kom til bedrifta i 2018.

Elektroservice Hallingdal Installasjon AS har ei lang historie. Meir enn 70 år. Attende til 1948. Då bestemte hardingen og oddabuen Edvard Havsgård seg for å ta steget over Langfjella. Havsgård starta A/S Elektroservice på Geilo. Bedrifta besto av han sjølv og to tilsette.

I 1974 vart det etablert avdeling på Ål. Gol-avdelinga kom i 2002. Bedrifta rettar seg mot både privat- og bedriftsmarknaden, og det offentlege. Eigarskapen har vore på ulike hender opp gjennom åra, men no er selskapet eigd av sju tilsette; Bård Bøygaard, Tor Ove Helling, Bård Flataaker Hagen, Odd Erik Brataker, Kjell Evjen, Frode Sørensen og Lasse Furuseth.

Fleire roller: Bård Bøygaard (t.v.) er både eigar, styreleiar og avdelingsleiar for Gol-avdelinga. Her saman med dagleg leiar Geir Treverket Hovda.
Miljøfyrtårn: Avdelingsleiar på Ål Kjell Evjen (t.v.), dagleg leiar Geir Treverket Hovda og ordførar i Ål, Solveig Vestenfor under utdelinga av Miljøfyrtårn-sertifikatet.

Utfordring

Også Elektroservice Hallingdal Installasjon AS har fått merke koronakrisa. Man på ein litt annan måte enn mange andre. Etter nokre stille veker då Norge vart stengt ned i mars, har det vore fullt køyr – og vel så det. Den største utfordringa har vore å få tak i nok kvalifisert arbeidskraft. Kjøpet av Gol Installasjon med fem nye montørar vil difor vere til god hjelp.

Elfag – din tryggheitsgaranti

Elektrikerkjeda Elfag består av 2 200 elektrikarar spreidd over store delar av landet. Når du kontaktar din lokale Elfager, møter du elektrikarar som er opptekne av å finne dei beste løysingane for deg, enten du treng hjelp til små oppdrag, eller større oppussingsprosjekt.

Våre elektrikarar sørger for at alle forskrifter blir fylt, og dei set sin stoltheit i å vera pålitlege, engasjerte og ryddige. I tillegg registrerer me alt arbeid i di boligmappe på boligmappa.no – Eit komplett servicehefte for din bolig.

Men her er det viktig å understreke – me er ikkje ute etter å tappa andre firma for arbeidskraft. Gol Installasjon AS og eigarane Ørjan og Ingar Gran spurde om me vil kjøpe bedrifta. Me sa ja. For oss er dette gull verd. Me aukar både kompetanse og kapasitet, understrekar styreleiar Bøygaard og legg til;

Turistnæringa i Hallingdal står sterkt. Byggeaktiviteten er stor. Ikkje minst av hytter. Dermed blir også etterspørselen etter installasjonstenester stor. Dessutan er dette ein bransje kor det heile tida kjem til nye behov. Den teknologiske utviklinga går i ekspressfart. Automasjon og smarthus-styring er sentrale stikkord. I 1970 var det kanskje 40 brytarar, kontakter og lyspunkt i eit bustadhus. I dag er det gjerne 140. Dessutan skal installasjonane vedlikehaldast. Vedlikehald og rehabilitering er også viktige område for oss.

Lærlingar: Bedrifta har for tida 10 lærlingar. Ein av dei er Kjetil Etterlid frå Ål.

Kjepphest

Utsiktene er med andre ord gode. Både for Elektroservice Hallingdal Installasjon AS og bransjen generelt. Det går også fram av ein fersk NOU-rapport (Norges offentlige utredninger). Etterspørselen etter elektrokompetanse vil auke i åra framover. Eit godt utdanningstilbod er difor alfa og omega. Det er også ein av kjepphestane til dagleg leiar Geir Treverket Hovda.

Fakta Elektroservice Hallingdal Installasjon

– Etablert i 1948

– 47 tilsette

– Avdeling på Geilo, Ål og Gol

– Elektroinstallasjon retta mot bolig, fritidsbustad, næring og industri. Eigen serviceavdeling for storkjøkken, ventilasjon og industri. IK-avdeling for internkontroll, elkontroll og termofotografering

– Lokalt eigd selskap

– Omsetnad 2019; 65 millionar kroner

– Medlem av Nelfo og Elfag

Me er heldige som har elektrolina ved Ål vidaregåande skole. Den er avgjerande for heile bransjen i Hallingdal. Men me kan ikkje bere lene oss til skulen. Bedriftene må fylgje opp med lærlingeplassar. Og heldigvis – elektrobedriftene i Hallingdal er flinke. Berre her hjå oss har me for tida 10 lærlingar, fortel Hovda som også understrekar at elektrofaget er ei framtidsretta utdanning for dagens ungdom:

Moglegheitene er store. Ein kan utdanne seg til å bli ein dyktig montør, eller ta steget vidare til teknisk utdanning eller ingeniør. Dessutan – elektrobransjen er ein trygg arbeidsplass, seier Hovda som nyleg kunne motta Miljøfyrtårn-beviset. Eit bevis på at bedrifta tek miljø på alvor.

Samanslåing, stordrift og konsernetableringar breier om seg i alle bransjar. Så også i elektrobransjen. Men Hallingdals største elektrobedrift er innstilt på å stå på eigne bein.

Konsernmodellen fungerer kanskje i dei store byane, men ikkje i distrikta. Lokal eigarskap er viktig for både kundar og tilsette. Kundane kjem nærare bedrifta. Dei tilsette føler sterkare eigarskap. Hjå oss arbeider også alle eigarane i bedrifta, fortel Bøygaard som har jobba i bedrifta sidan 1985.

Rosenborg

Men viktigast av alt er bedriftskulturen. Nils Arne Eggen har inspirert oss. Heller ikkje hjå oss er det plass til individualistar og solospelarar. Me er eit lag. Ingen er større enn laget. Dei tilsette er kapitalen i bedrifta. Kvar på sin plass og på sitt vis, understrekar styreleiaren før han legg til med eit smil med alvor bak; – Me er det lokale Rosenborg!