Filmprodusentane: Filmprodusentane ved John (t.v) og Jørgen Storhaug produserer filmar for ulike oppdragsgjevarar. Det kan vere produkt- og reklamefilmar, eller dokumentarar og større TV-produksjonar. Her frå opptak på Kikut for Sjemmedalhytta.

Dei gir liv til historiene

Du treng ikkje gå over bekken etter vatn. Ikkje om du bur i Hallingdal og vil kjøpe film- og videotenester. Filmprodusentane AS har ein lang og imponerande CV. - Me lever av å fortelje historier - med levande bilete, fastslår dagleg leiar John Storhaug.

Filmselskapet med tilhald i Ål produserer filmar for store og små oppdragsgjevarar. For NRK, TV2, offentlege aktørar og private bedrifter. Det kan vere bedriftspresentasjonar, reklamefilmar, dokumentarar eller tv-program. John og sonen Jørgen Storhaug er dei einaste fast tilsette. Men dei har eit koppel av tungvektarar innan filmbransjen som dei hyrer ved behov. Ein av dei er filmfotograf og Hollywood-busette Hallgrim Haug frå Ål. Haug er også medeigar i selskapet.

– Me er fleksible på oppdrag. Me kan ta på oss store og små produksjonar, understrekar Jørgen Storhaug som i mange år dreiv «Oslo-avdelinga» til Filmprodusentane før han tok med familien til Ål i haust.

På restane av Døves Media

Historia starta med flyttinga av Døves Media. Produksjonsselskapet som produserte TV-program for døve på oppdrag for NRK, vart flytta frå Ål til Oslo i 2009. Dei tilsette fekk tilbod om å bli med på flyttelasset. Mellom dei John Storhaug som hadde jobba ved Døves Media i 18 år. Dei siste åra som teknisk sjef. Men Storhaug takka nei. I staden etablerte han og nokre av kollegane eit lokalt produksjonsselskap, Filmprodusentane AS. I tillegg fekk dei med seg ein av nestorane innan norsk film og TV-produksjon, Hallgrim Ødegård frå Torpo.

Storhaug og Ødegård etablerte seg på Torpomoen. Etter tre års drift flytte dei inn i fyrsteetasjen i Hallingdøl-bygget på Sundre. Her har dei installert seg med eit spesialbygd redigeringsrom og topp utstyra studio for direktesendingar og opptak.

– Folk får bakoversveis når dei ser utstyret og fasilitetane. Overskota er pløgd tilbake til bedrifta - til produksjonsutstyr, fortel John Storhaug.

Filmprodusentane: Filmprodusentane har etablert eit nytt velutstyra studio som er godt eigna for opptak til produktprofilering.

Skiskyttar-VM og Mitsubishi

Etter snart 12 års drift kan Filmprodusentane sjå attende på ei rekke produksjonar. To av dei har vore viktige døropnarar.

I 2011 vann Filmsprodusentane kampen om å få lage promoteringsfilmen Norges Skiskytterforbund skulle produsere i samband med skiskytter-VM i Holmenkollen.

Filmen slo an. Ikkje berre i Norges Skiskytterforbund. Også utlendingane let seg imponere. Norge og Oslo fekk tildelt VM i skiskyting i 2016. Sjølvsagt ikkje på grunn av filmen, men den var iallfall med på å bygge opp under ein god VM-søknad.

Mitsubishi Europa er den andre døropnaren. Eit litt tilfeldig oppdrag under isbanekøyring på Tisleifjorden i 2017 har utløyst ei rekke profileringsfilmar for den japanske bilgiganten og marknadsavdelinga i Paris. Opptaka er gjort både i Norge, Portugal, Frankrike og Spania.

Filmprodusentane: Filmprodusentane har produsert fleire profileringsfilmar for Mitsubishi Europa. Her frå opptak i Portugal.

– Desse produksjonane har betydd mykje for oss økonomisk. Dessutan har det vore fagleg utfordrande og spennande, understrekar Jørgen Storhaug.

Det same kan seiast om dei to dokumentarfilmane Filmprodusentane har produsert for TV2. Den eine «Norsk på italiensk» handla om Lofottorskens møte med italiensk vin. Den andre om ålinganes store sykkelhappening; Hillbilly Huck-festivalen.

Filmprodusentane: Under opptaka i Portugal vart kameraet montertpå ein bilrigg som vart fjernstyrt innanfrå bilen.Frå venstre John Storhaug, Tiago Rito (sjåfør) og Jørgen Storhaug.

Makketen ost

Det neste som står for tur er dokumentarfilm om krafthistoria til Hallingdal.

– For å sitere tidlegare ordførar i Hol, Osvald Medhus, - Hallingdal med alle sine krafttunnelar er som ein makketen ost. Samstundes er krafta grunnlaget for mykje av velstanden i regionen. Dette er ei fantastisk historie dei færraste kjenner til. Denne gongen skal me også syne det som gøymer seg inni fjella og dalsidene, fastslår John Storhaug.

Rekrutteringsfilmar

Duoen Storhaug ser lyst på framtida. Langt lysare enn for 12 år sidan då produksjonsselskapet tok sine fyrste nølande steg. Video- og filmbransjen er ei vekstnæring.

– Reklamefilmar har vore og er ei viktig inntektskjelde. Men det er kome til nye produkt. Eitt av dei er rekrutteringsfilmar. Dette er eit produkt både offentlege og private bedrifter etterspør stadig meir av. I dag er det kamp om arbeidskrafta. Gode filmar kan vere utslagsgjevande i rekrutteringsarbeidet, understrekar Jørgen Storhaug og legg til; - Men det er med dette som alt anna. Skal ein nå fram med bodskapen, må det vere kvalitet i innhald og innpakning.

.

Lokale butikkar og bedrifter

John Storhaug har store forhåpningar til eit anna nytt produkt; produktprofilering.

– Dette er ei nisje me har stor tru på. Studioet er oppgradert til denne typen produksjonar. Me kan produsere profesjonelle og rimelege reklamefilmar med vekt på produktprofilering. Målgruppa er lokale bedrifter og butikkar. Filmen kan leggast ut på eigne nettsider, sosiale medium eller på annonseplass på digitale flater.

Skjerm i lomma

Den digitale revolusjonen har revolusjonert film- og videobransjen. I dag går alle med ein skjerm i lomma. Telefonen er vorte den viktigaste visningsplattformen for levande bilete. Og det er ein plattform alle har tilgang til døgnet rundt.

– Heilt ærleg – eg er overraska over at me har greidd oss. For det var naturstridig å etablere eit filmselskap i Hallingdal. Men det har vore ei artig og spennande reise, fastslår John Storhaug før han legg til; Og meir moro skal det bli!

Døme på produksjonar og oppdrag

TV-produksjonar;

•Hillbilly Huckfest, (TV2)

•Norsk på italiensk (TV2)

•Ei rekke nyheitsinnslag for TV2 og NRK

Har jobba med kundar som;

Norges Skiskytterforbund, Mitsubishi Europa, Hallingplast, Eco, Sparebank1 Hallingdal, Gjensidige Hallingdal, Ustekveikja, Sjemmedalhytta, Ål vidaregående skule, Trygg Trafikk, Ål kommune.

Underleverandør (fotograf) til TV-produksjonane;

Eventyrlige Nordmenn (TV2), Vårt lille land (TV2), Underholdningsåret 2014 og 2015 (TV2), Gylne tider (TV2), Exit Sesong 1 og 2 (NRK), Mora mi (NRK), Wisting (TV3), Gatebil-TV (TV2).