Olga prøver å stoppe dei, men dei er på veg inn i malstrømmen! Olga mistar balansen og stuper inn i malstrømmen etter Rolf og Frank. Det høyrest eit høgt skrik frå Fiona. Ho spring bort til malstrømmen, men ved eit uhell kjem ho borti han. Ho slepp frå seg eit gisp og fell saman på bakken.
I same augneblink høyrest ein stor smell. Dronningbolet har eksplodert! Ei diger, svart røyksky stig opp mot himmelen. Plutseleg hugsar Andreas på far sin. Han snur seg raskt og ser. Arnfinn ligg heilt livlaus på bakken. Han er død. Fiona reiser seg. Ho er heilt kvit i andletet, og augo lyser vondt. «Mamma!» ropar Mira. «Kva har skjedd med deg?» Fiona svarar ikkje. Ho berre stirar full av vondskap på Mira. «Løp!» skrik Thomas. Mira og Andreas spring etter Thomas inn i skogen. Bak dei kjem Fiona. Ho pustar tungt. Skogen er stor og mørk, mørkare enn dei hadde trudd. Rundt dei på alle kantar er det store, svarte grantre. Utan at dei har merka det, har fullmånen kome fram på den svarte himmelen.
Plutseleg snublar Thomas. Han dett over ende og oppdagar at det han snubla i, var ein skøyteleidning. Dei ser at leidningen fører til straummaskina inne i fjellet. Det kjem ein liten smell inne frå hola. «Du klarte å øydeleggje straummaskina!» ropar Mira glad. Dei ser at overalt kjem lysa attende. Bak seg høyrer dei Fiona kome pustande og pesande. Dei reiser seg og spring av garde. Brått ser dei vegen framfor seg. «Sjå!» ropar Andreas. «Der er bilen dykkar. Kom, vi gøymer oss i han.»
Dei spring bort til bilen. Andreas set seg ved rattet, Thomas set seg bak og Mira i forsetet. Ut av skogen kjem Fiona brasande. Ho er heilt vill i andletet. Augo hennar lyser av raseri. Ho spring mot bilen, men Andreas er raskare. Han trykkjer inn gasspedalen, og bilen susar framover, rett mot Fiona.
Dei høyrer eit dunk mot undersida av bilen. Andreas svingar på rattet og trykkjer inn bremsepedalen. På graset framfor dei, i eit hav av blod ligg Fiona. Ho har eit stort kutt i panna. Blodet sildrar nedover andletet hennar. Mira kjenner at tårene trillar. «Er ho død?» kviskrar ho andelaust. Ingen svarar. Ho snur seg og ser rett på Thomas. Andletet hans er heilt kvitt, og ho ser at han har tårer i augo, han og. Andreas stirer berre rett framfor seg. Mira går ut av bilen. Ho set seg på kne ved sida av mor si. Buksa hennar blir heilt raud av blod, men det bryr ho seg ikkje om. Plutseleg går ei skjelving gjennom Fiona. Mira ryggar skremt unna. Fiona reiser seg sakte. Eit gjennomtrengjande skrik skjer gjennom natta. Så fell ho død om på bakken. «Vi må reise ein stad. Vi kan ikkje vere her,» seier Andreas.
Han sprang ut av bilen då han høyrde skriket til Fiona. «Vi reiser til hytta vår,» kviskra Thomas stille. Han var svært trist for det med mora. Sjølv om ho var blitt galen, var han sjølvsagt like glad i ho. «Vi har nok mat og lys for mange veker her i bilen,» sa Mira. «Vi kan bera det med inn i hytta.» Ho kjende seg litt betre no som ho visste at Andreas skulle bli med dei.
Andreas svingar opp vegen som fører til hytta. Ho er stor og raud. I skogkanten står det ein liten, brun utedo med eit stort, raudt hjarte i døra. Plutseleg ser dei at det er lys i hytta og at det står ein bil i innkjørselen. Han er liten og svart. «Kven er det som er her?» spør Andreas undrande. «Det skulle vel ikkje vere nokon her no?» Dei ser seg om. Alt er slik det plar vera, bortsett frå bilen og lyset. «Det er bilen til pappa!» ropar Thomas ut. «Då må han vere inne i hytta!» «Vi tar med all maten og går inn,» seier Mira. Dei bankar på døra, og faren til Mira og Thomas opnar. Han er svært overraska over å sjå dei der. «Kvar er Fiona?» spør han sjokkert. «Ho…ho… er død,» kviskrar Mira spakt. «F….» ropar han ut. «Kom! De må forklare meg alt som har skjedd.» Dei går inn og set seg rundt det store bordet. Dei forklarer alt medan pappaen til Mira og Thomas sit og høyrer på. «Vi reiser attende til garden, og tenkjer ikkje meir på det som har skjedd,» seier han. Dei går ut av huset og set seg i bilen. «Når vi kjem heim til garden, ringjer vi politiet. Dei kan sikkert reise opp og hente liket av Fiona,» seier pappaen til Mira og Thomas. «Vi kan sikkert ordne ein gravplass på kyrkjegarden også.» Mira smiler. No vil alt bli nesten som før.
RSS
KONTAKT OSS

Malstrømmen blir større og større. Plutseleg begynner han å skifte til alle regnbogen sine farger. Han snurrar fortare og fortare. Rolf og Frank slepp Arnfinn, og dei begynner å springe.
