Fredag 30.juli 2010
Malstrøm , 7.klasse Leveld skule Bakerst frå venstre: Helena Espegard, Helga Springgard, Ragnhild Skrindo, Ragnhild Fuglesteg Luksengard, Linea Medgard Framme frå venstre: Ingrid Berg, Embrik Bjerkehoel Ellingsgard, Adam Larsson Wikstrøm, Aron Ravenson Peter og Torgrim Klefstad Ådnegard Foto av Anita K Veslegard
7. klasse Leveld skule: Bak frå venstre: Helena Espegard, Helga Springgard, Ragnhild Skrindo, Ragnhild Fuglesteg Luksengard og Linea Medgard. Framme frå venstre: Ingrid Berg, Embrik Bjerkhoel Ellingsgard, Adam Larsson Wikstrøm, Aron Ravenson Peter og Torgrim Klefstad Ådnegard.
FOTO: Anita K Veslegard

Del 10

«Søk dekning, maskina eksploderer!,» skrik Mira. «Kanskje den ikkje tålte å koma opp frå vatnet?» seier Andreas. «Å nei, no får vi aldri svar på kva denne maskina var til,» sukkar Thomas. Så skjer det noko uverkeleg.

A A A

Bak røykskya kan dei høyre at maskina startar. Akkurat som om eit aggregat blir drege i gang. Alle er vitne til at den sota maskina byrjar å blinke med gule lys, og rare forvridde stemmelydar kjem ut av eit røyr. «Dei stemmene har eg høyrt før,» seier Mira. Ho hysjar på dei andre – «høyr kva dei seier»: «Dotter------ Fiona---- dronning-----snart -----nøkkel.» «Det er Olga og Arnfinn,» seier Thomas, og ser temmeleg forvirra ut; «Kva snakkar dei om? Er dei inne i maskina eller?» Mira går mot maskina mens ho uttrykkjer: «Eg har ei ekkel kjensle av at Olga kan vera vår bestemor?!»

«Eg skjønar ingen ting, kva handlar alt dette om; ein kjellar med daude dyr, eit hus med kaninskrottar, dyrefeller i bakken, menneske som er halvveges dyr, og straumbrot i Europa,» seier faren til Mira og Thomas. «Men kvifor er mor innblanda i dette,» kviskrar ei gråtande Mira. «Eg begynner å skjøne kvifor ho var så rar då meldinga om straumbrotet kom over radioen, det var ho som leia oss til Kråkeslottet. Kvifor? Kva er det ho skjular? Og kva har far til Andreas, eller Arthur Fylliksen som han ser ut til å heite no, med dette å gjere? Drøymer eg? Er du sikker på at du ikkje veit noko pappa?» Mira snur seg hysterisk mot far sin.

Far til Mira og Thomas ristar bestemt på hovudet, og gir uttrykk for at han er glad han fekk beskjeden og at han er saman med dei. «Eg lovar dykk, dette har eg ingen kjennskap til. De kan vera trygge på at vi saman skal løyse dette.» Så kjem Mira på nøkkelen. «Nøkkelen Thomas, nøkkelen frå hovudskallen – eg har han i lomma.» Thomas ser overraska ut. «Men står det ikkje A.F på den nøkkelen?» «Jo, Thomas, men nede i hjørnet på maskina står det A.F.F.A. Eg er sikker på at initialane betyr Arnfinn Fjellheim og Fiona Aga.» «Trur du at nøkkelen har noko med maskina å gjera?» Thomas ser ut som eit stort spørsmålsteikn. «Snu nøkkelen!» seier Mira.

Thomas gjer som han får beskjed om. Oi, på baksida står det F. A! «Kanskje den passar i nøkkelholet på maskina?» Thomas ser undrande på dei andre, som nikkar samtykkande. Dei set nøkkelen i maskina. Høyr! Det kjem fleire stemmelydar! ------Kvar----tau---treng--- dronningbolet---. «Tau? Tauet eg brukte for å redde Mira?» spør Andreas. «Kanskje me treng tauet for å finne dronningbolet,» seier Thomas ivrig. «Jamen, eg trudde dette var dronningbolet,» seier faren til Thomas og Mira. «Kva slags maskin er dette da?» Mens Mira og dei andre undrar seg over maskina, sit Olga, Frank, Rolf, Fiona og Arnfinn/Arthur og pratar inni hytta der alle kaninskrottane heng. «Skru opp volumet på høgtalaren Frank,» seier Olga. «Dei lurer på kvar dronningbolet er,» ler Frank hånleg. «Snart har me ikkje meir kaninskrottar for å produsere energi til straummaskina,» seier Arnfinn/Arthur. «Kvifor måtte Andreas koma og øydelegge heile planen vår?!» Olga ristar oppgitt på hovudet. «Stakkars Mira-jenta mi, ho har levd alle desse åra og ikkje visst kven eg eigentleg er,» sukkar Fiona. Mira og dei andre høyrer praten inne i hytta som skurreprat frå maskinrøyret. Mira seier forundra: «Hæ, kven er eigentleg mor mi?» «Eg trur eigentleg ikkje at mor vår er slem eller på deira side,» seier Thomas. «Eg trur ho er innblanda i dronningbolet og noko som har hendt for lenge sidan, som ho ikkje har kontroll over sjølv.» Thomas ser ut som han har skjønt noko ...

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:11 | http://www.hallingdolen.no/tema/skrivestafett_09_10/article130260.ece

annonse
annonse
annonse
annonse