Faren til Andreas rusla mot de tre forskremde ungdommane som sat i bilen. Mira, Thomas og Andreas gjekk ut av bilen og bort til Andreas sin far. «Eg heiter Arnfinn Fjellheim» sa han venleg og tok Mira og Thomas i handa. «Kva i ...», utbraut Thomas. «Kva meiner du», spurte Mira forvirra. «Eg seier det seinare», kviskra Thomas». «No må me konsentrere oss om å fortelje Andreas og Arnfinn kva som har skjedd».
Dei starta heilt frå byrjinga på ferja heilt fram til dei ringde Arnfinn. «Eg veit ikkje heilt om eg trur på dette her, men viss de kan vise meg kråkeslottet og kjellaren med det hovudlause skjelettet, kan eg tru på dykk. «Kva ventar me på»? Spurte Andreas ivrig. «Me må vere forsiktige når me beveger oss inne i skogen, så ikkje Rolf kjem etter oss», sa Mira. Ho kasta eit blikk mot skogen. Dei gjekk seg sakte mot kråkeslottet. Brått knakk det i ei grein rett bak dei. «Hjelp, Rolf kjem» «Løp!», ropte Mira.
Dei tre ungdommane spurta alt dei kunne mot kråkeslottet. Når dei kom fram, oppdaga dei at Arnfinn var borte. «Kvar er pappa», spurde Andreas bekymra. «Eg veit ikkje», svara Mira.
Etter ei lita stund så dei Arnfinn kome joggande ut frå skogen. «Kva er det der? Er det blod?» «Ja, det er berre litt blod frå kjeven til Rolf.» «Har du drepe han!?» Andreas var forskrekka. «Eg trudde du berre var maskiningeniør eg pappa» «Jo da, men eg har jo vore i militæret». «Enda eit teikn Mira», kviskra Thomas. «Kva er det du pratar om, Thomas?» «Forklarar seinare». «Me er nøydde til å koma oss ned til kjellaren», sa Andreas skeptisk.
Dei gjekk inn døra som knirka noko forferdeleg. Dei gjekk bort til lemmen og opna, så den stod på vidt gap. Den tjukke lufta og den gufne lukta av døde dyr slo imot dei som ein vegg. Dei klatra ned ein etter ein. Mira og Thomas klatra ned fyrst. «Kva var det som var så viktig, Thomas», spurte Mira forvirra. «Skjønar du ingen verdas ting, Mira? Arnfinn Fjellheim A.F. Arthur Fylliksen same frambokstavar. Skjønar du? Maskiningeniør dronningbolet, no må du vel skjønne det!», sa Thomas litt oppgitt. «Ja, du meiner at Arnfinn kan ha noko med straumbrotet og mor si fosvining og gjere!» «Ja, nettopp!» «Er du heilt tett eller? Det er jo faren til Andreas», utbraut Mira. Meir fekk dei ikkje sagt før Arnfinn og Andreas kom ned stigen. «Skal me gå ned og finne dronningbolet». Andreas var litt utolmodig. «Det er grådig mørkt her», kviskra Thomas og snubla over kista med hovudet til Arthur Fylliksen. «Kan du ikkje ta fram mobilen, Mira», spurde Thomas irritert. «Det kan eg godt gjere». «Kva er det som ligg der borte ved sida av Thomas?» Arnfinn såg ned på det som låg ved sida av Thomas. «Det ser ut som eit slags gammalt ark», utbraut Andreas. Mira gjekk bort til det gamle samankrølla arket, og tok det opp. «Det ser ut som ei slags teikning av ein maskin!» «Me kan spørje pappa. Han veit sikkert kva slags teikning det er», foreslo Andreas. Når Arnfinn fekk sjå teikninga, var det som alt blodet forsvann frå andletet hans. Han vart heilt kvit.
«Kva er det pappa?»
«Ehh... ikkje noko.»
«Veit du kva slags maskin det er?»
«Det einaste eg veit er at den er laga for å vera i vatn.»
«Kva er det som står på toppen av arket der med liten skrift», spurte Mira nysjerrig.
RSS
KONTAKT OSS

Dei kunne ikkje anna enn og sitje i bilen å vente til faren til Andreas kom. Etter nokon få minutt kom det ein ny Ford Focus trillande bortover vegen. «Der er jo pappa sin bil», utbraut Andreas.
