Fredag 30.juli 2010
Framme frå venstre: Malin Klype Søbstad, Viljar Armann Dahl, Grace Paschal Ogoti. Andrer rekke, frå venstre: Anja Mathisen Stenild, Anna Aurora Plischewski Flage, Ingvild Tveit, Emma Øen Li, Jean Johansen, Lars Erling Olsen Tormodsgard, Solveig Romslo, Ida Marie Fredriksen. Tredje rekke, frå venstre: Eirik Laa, Sandra Trøan Malkenes, Szymon Adam Prokopiak, Torstein Dengerud, Joar Trøan, Airi Nömm, Vegard Breie Bjerke. Ikkje tilstades: Sondre Brauti, Anne Marie Eidsberget Brenno, Hayat Issa Jasem Alharithi.
Nedre-Ål skule 7. trinn: Framme frå venstre: Malin Klype Søbstad, Viljar Armann Dahl og Grace Paschal Ogoti. Andre rekke, frå venstre: Anja Mathisen Stenild, Anna Aurora Plischewski Flage, Ingvild Tveit, Emma Øen Li, Jean Johansen, Lars Erling Olsen Tormodsgard, Solveig Romslo og Ida Marie Fredriksen. Tredje rekke, frå venstre: Eirik Laa, Sandra Trøan Malkenes, Szymon Adam Prokopiak, Torstein Dengerud, Joar Trøan, Airi Nömm og Vegard Breie Bjerke. Ikkje til stades: Sondre Brauti, Anne Marie Eidsberget Brenno og Hayat Issa Jasem Alharithi.

Del 6

Olga lo med ein hes, vondskapsfull latter. Deretter sprang ho berre. Thomas, Mira og Andreas skjønte ingenting, men dei sprang etter for å sjå kvar ho skulle.

A A A

Då dei kom ut, såg dei at ho sprang inn i skogen. Dei skulle følgje etter, men i skogkanten stod Rolf og venta på dei. I det dei fekk auge på han snudde dei brått og sprang inn i huset att.

Då dei såg at mora ikkje var der, vart dei heilt forskrekka. «Kanskje dei har tenkt å mutere ho?» sa Thomas. Han vart heilt på gråten, og med tårer i augo sa han: «Vi må reise og finne ho». Mira gjekk ut ifrå at det var Olga eller Frank som hadde stelt i stand dette. Viss vi bare kunne finne ut kor dei har tatt vegen. Det må finnast ein eller annan grunn til at dei tok mor og ikkje oss. Vi må også finne ut korleis denne katastrofen kan stoppast.

Dei tok med seg dagboka og kartet i ein sekk dei fann, men Rolf stod utanfor og venta på dei, så dei måtte finne på noko lurt for å sleppe unna. «Hadde vi berre hatt noko kjøtt så kunne vi lurt han!» sa plutseleg Andreas. Thomas blei heilt oppspilt og sprang rett ned i kjellaren og henta noko kjøt frå dei døde dyra som hang der nede. Han opna opp vindauget og kasta kjøtstykka ut gjennom det. Rolf fekk ferten av kjøt, og begynte å glefse i seg. Medan han åt, sprang dei ut gjennom bakdøra og opp mot bilen. Mira sette opp farten med Andreas og Thomas rett bak. Etter nokre få meter høyrde dei Rolf puste og pese like bak seg. Berre litt til nå så var dei framme ved bilen, men korleis skulle dei verge seg mot Rolf? Lyset! Lyset på bilen. «Får berre håpe mamma la igjen nøklane», tenkte Mira.

Dei hadde bilen i sikte nå. Men Rolf kom stadig nærmare. Mira reiv opp døra og begynte rastlaus å leite etter nøklane. «Der! Under setet, Mira, fort deg! Rolf er ved enden av skogen». Thomas var så redd at ropet hans høyrdest meir ut som eit pip. Rolf var berre nokre meter frå bilen nå. Mira sette nøklane i og vrei. Bilen starta og lyset kom på. Rolf la ikkje merke til lyset. Han kom berre heilt fram mot bilen. Mira heldt pusten, men plutseleg såg det ut som om han blei blenda, han raste inn i skogen att. Det vart stille. Ingen sa noko, men Mira merka at tårer rann nedover kinnet til Thomas.

Mira ringde til politiet og fortalde alt om både kråkeslottet, dronningbolet og mora si forsvinning, men dei trudde ikkje på noko av det dei sa. Mira la på. «Dei ville ikkje gjere noko med det!». Thomas vart heilt fortvila. «Kva gjer vi no?». Andreas ringde faren og han sa at han kunne kome og møte dei, men at det ville bli ei stund å vente før han kunne vere der. Imens dei venta skrudde dei på radioen. «Eg trur det vil vere bra å få tankane på noko anna», sa Andreas og begynte å leite etter ein musikkanal. Men på alle kanalane var det berre ein skurrelyd. «Pappa hadde vore svært bekymra. Han hadde vore på hytta og leitt, til og med ringt politiet. Dei sa ingenting om det som hadde skjedd».

I bilradioen var det taust i dei fleste kanalar, berre knitring og spraking. Til slutt stoppa søkaren på NRK P2. Der var det nyheiter: «Det er i dag kome ei melding frå ei gruppe som har tatt ansvaret for straumbrota i alle byane. I meldinga heiter det at viss dei ikkje får 500.000.000 kr i løpet av veka, vil dei ta straumen i endå fleire byar. Styresmaktene har ikkje gitt noko vidare info om trugsmålet, men etter det NRK erfarer kjem statsministeren til å kalle inn til pressekonferanse og leggje fram ein kriseplan kl 12.00». Mira vart redd og skjønte at Olga og Frank hadde noko med det å gjere.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:11 | http://www.hallingdolen.no/tema/skrivestafett_09_10/article107481.ece

annonse
annonse
annonse
annonse