Fredag 12.mars 2010
Bergljot Kaslegard Nordahl har gitt ut romanen Magda.
FOTO: Sigmund Krøvel-Velle

Bergljot K. Nordal

Ho har skrive så vakkert og sterkt om det å vere nærare 80, at me nær sagt gløymer at forfattaren så vidt er over 30.

A A A

Bergljot K. Nordal frå Ål er ei sprudlande og energisk kvinne. Varme og smilande auge over mjuke ullfargar og handledd ikledd pulsvantar. Det mørke håret riktig leikar seg kring andletet medan ho snakkar. Ho er laus i forma. Uformell og lettfatteleg. Slik me trur ho har vore det heile livet. Og når ho sjølv er 80, fornektar ho seg sikkert ikkje, men sprudlar like mykje. Heldigvis.

Likevel kviler det eit alvor kring henne. Når det kjem til stykke, er truleg lite tilfeldig i livet hennar. Bergljot er ei slik ein som går målretta inn for det ho gjer. Og ho gjer det skikkeleg.

«Verda blir ikkje snudd på hovudet av boka mi»

Debutforfattaren held hendene trygt kring boka «Magda». Smiler litt ubemerka. Stryk litt skjult. Er stolt. Likevel audmjuk overfor det faktum at ho er ein av svært mange forfattarar denne bokhausten.

– Det er eigentleg for mange forfattarar i verda. I alle fall i Norge. Eg føyer meg inn i ei lang rekkje. Så eg har lyst til å halde beina på jorda, fortel ålingen. Likevel grip tanken henne iblant desse dagane. Gjer at ho nesten mistar pusten. Ørlite granne.

Ho har gjeve ut si fyrste bok.

– Verda blir ikkje snudd på hovudet av boka mi. Eg har ikkje funne opp krutet, fortel ho raskt. Kjenner at det er litt trygt å seie. Legge vekt på. Forsvinne litt med den tanken. Ho gler seg til boklanseringa i Oslo torsdag denne veka. Gler ser til å vere forfattaren som gir ut boka si på kafe i hovudstaden. Men gler seg kanskje like mykje til sundagen.

– Då er lanseringa over og eg kan gå ein lang tur. Og så er det ein vanleg dag på jobb måndag, smiler ho.

At det var forfattar ho skulle bli, er ikkje heilt tilfeldig. Sjølv om skodespelar og musikar var langt opp på lista. Då ungane på barneskulen var sikre på kven som i alle fall ville bli forfattar, vart ho skuffa då det ikkje var ho dei hadde i tankane.

«Det var ikkje noko gøy å kome attende til Ål»

– Å bli forfattar har vore der som noko veldig uoppnåeleg, trur Bergljot som og prøvde seg som journalist ein periode.

Ho ville studere musikk og. Spela fiolin og piano. Men musikarkarrieren vart stoppa av ei bilulykke då ho var så vidt over 20 år. Ho braut nakken og fekk ikkje øvd noko særleg.

Bergljot har prøvd seg på scena. Kledd av seg på scena. Ho ler fritt ut i lufta og held seg ein augneblink for andletet av minnet.

Dotter av ein predikant i Indremisjonen og ein frisør. Budde på Torpo dei fyrste fem åra av sitt liv. Dei neste 11 i Førde i Sogn og Fjordane. Målet røper ikkje noko sognetilknyting.

– Eg hadde inne- og utespråk. Inne snakka eg halling med mor og far. Og så var eg førdianar ute, fortel ho som kom attende til Ål for å gå 2. klasse på vidaregåande. På Gol.

– Det var ikkje noko gøy å kome attende til Ål. Mørkt og fælt. Midt i ein ungdomsperiode, seier ho. Neste år bar det av garde til folkehøgskule på Gjøvik før ho tok siste året på vidaregåande i Gol att.

– Hen skulle eg reist då, ler ho og vil ikkje ha på papiret korleis ho følte for heimbygda på den tida. Etter ex.phil. tok ho litteraturvitskap og teatervitskap. Men heilt heime fann ho seg ikkje før ho tok litteraturformidling. Då kom handverket på plass.

– Og innimellom gifta eg meg og fekk barn, smiler trebarnsmora som ser ut til å få til kva som helst. Masteroppgåve i litteraturformidling og småbarnsmor, sjølvstendig litteraturkonsulent, regi på skodespelet om Huldra og prins Hadding i sommar. Og har dei siste to åra skrive på romanen «Magda». Den starta ho på samstundes som ho begynte på masteroppgåva.

«Det handlar om eit godt handverk»

– Det er masse teknikk og dramaturgi, fortel ho og nikkar mot boka. Og handverket sit ho inne med. Nok til å fylle ei heil bok. Eller fleire. Utdanninga gjorde at ho skjøna kva som skulle til for å få skrive ei bok.

– Eg trur du kunne vorte interessert i ein datanerd som spelar dataspel berre historia var bygd opp på rett måte. Det handlar om eit godt handverk, slår ho fast oppe på loftet i gamle Lensmannsgarden i Ål sentrum. Her er kontor og skrivestove i omgivelsar med sjel. Etter nakkeskaden har ho måtta vere forsiktig med å sitje for lenge statisk framfor ein skjerm og skrive. Ho har skrive på romanen maks ein time kvar dag.

– Det har kanskje gjort at ein ikkje forsvinn i teksten, trur ho. Når ho set seg for å skrive, veit ho kvar ho skal. Og ho har ein time på seg. Bergljot smiler og fortel.

Familien kom attende til Ål for to år sidan. Ville sleppe unna pendlinga rundt Oslo. Ville nærare gommo og goffa.

– Og bu sentralt utan å betale skjorta, legg ho til. Ein enklare og rolegare kvardag. Med tid til å skrive som eit stort bonus.

Bergljot har teke eit djupdykk inn i alderdommen med debutromanen «Magda». Eigentleg skulle ho lage ei novellesamling, men så veks historia om Magda og ektemannen Bodvar ut av novelleramma og vart ei eiga bok. Forfattaren vart interessert i problemstillinga. Det å bli eldre. Det å vekse inn i rammer – og bli der.

Noko ei eldre dame svara, på spørsmål om kor gamal ho følte seg, fekk Bergljot til å tenkje vidare. Den eldre dama nølte nemleg ikkje. Ho følte seg ikkje ein dag over 30.

– Eg ser at generasjonar er i ferd med å forflytte seg, fortel Bergljot som sjølv har flytta over til foreldregenerasjonen.

– Neste stopp er middelalderen, kviskrar ho litt vel høgt. Bodskapen i boka er menneskeverd. Menneskeverd og moglegheita til forandring. Uansett kor gamal ein er.

– Det er aldri for seint med endring, og alt kan endrast på. Frå heile miljøet og verdssituasjonen, og heilt ned på konkrete enkeltliv er det mogleg med forandring, påpeikar ho fast blikket.

«Eg trur kanskje det blir ein trilogi»

Bergljot sende boka til fleire forlag. Til vanleg tek det frå eit par veker opp til åtte for å få svar. Dei ringde etter fem dagar. Både forlaget Oktober, Tiden og Samlaget var interessert. Ein ufatteleg situasjon for ein debutant.

Ho har til og med begynt på bok nummer to. Då blir det Rut si historie som kjem. Venninna til Magda. Den siste boka skal tilhøyre Bodvar.

– Eg trur nemleg det blir ein trilogi, smiler Bergljot.

Ho har lært masse om seg sjølv medan ho har skrive denne boka. Ho seier ikkje meir, men fortel at ho og har gråte ein del medan ho har skrive.

Handverket hennar er solid. Forlaget har ikkje endra på ei setning.

– Herleg. Det er det aller beste. Dette er mitt, strålar ho.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 12.03.10 kl. 03:25 | http://www.hallingdolen.no/tema/signaturen/article96168.ece

annonse
annonse
annonse
annonse