I løpet av to tiår er Hellbillies blitt norgesmeistrar på folkesjarm. Spelemennene frå Ål veit korleis ein skal tettpakke eit konsertlokale og skape folkefest. Kvar og ei av dei 12 platene deira har fått heiderleg omtale. Hallingdølen har invitert seg sjølv heim til hjernen bak det heile. Vel vitande om at tekstforfattar Arne Moslåtten er heimom på ein av dei inneklemde dagane mellom travle spelejobbar. Ålingane skal halde koken kvar helg i tre sommarmånader. 28 konsertar. Midt i fjorårets høgsesong vart det bråstopp då Aslag Haugen ramla ned frå ei konsertscene. 13 mann stod arbeidsledige. Vokalisten kunne blitt både lam og stum, men dei slapp med skrekken.
– Er det slik låten «Fordi eg glei» vart til?
– Du er ikkje den første som spør, men nei, seier han og smiler litt i skjegget, trur eg. Aslag glei ikkje. Han tråkka ut i lause lufta, og det er ikkje til å spøke med. Ikkje då, og knapt no. I dag trur Arne at det likevel kom noko godt ut av sprellet.
– Sikkerheita var aldri dårlegare på Skippagurra-festivalen enn andre stader. Det var like dårleg over alt. Mange arrangørar brydde seg ikkje om sikring rundt scena. Dei har fått leve i ei gråsone utan kontroll. No har bransjen skjerpa seg. I år har alt vore eksemplarisk.
«Radiokanalane blir heilt like. Dei får sikkert lyttartal, men lokale artistar tapar»
I 1990 var ambisjonane ikkje særleg høge. Ein demo med amerikansk country-rock og engelske tekstar var utgangspunktet. Draumen var å spele inn plate. Kanskje ville dei selje eit par tusen eksemplar – i Buskerud. Karane hadde aldri spelt utanfor dalen. Arne omsette i all hast tekstane, og utan at ein forsto det då, var spira til noko stort sådd.
– Utan felles lydteknikar med Øystein Sunde hadde det sikkert ikkje blitt noko meir, seier Arne og vedgår at det starta litt tilfeldig. «Tilfell-billies». Men det stoppa ikkje der. I dag har ålingane snart selt 800.000 plater. Etter halvannan månad er 55.000 av «Leite etter lykka» også rivne bort. Tekstforfattaren trur radiospeling er ein av nøklane til suksessen. I dagens sendeflate tvilar han på at det hadde vore plass for Hellbillies.
– Problemet er at ein er avhengig av å nå fram til dei som har makta. A-, B- og C-lister med nokre få artistar som roterer ville nok ikkje opna nokon veg for oss. Programleiarane har berre eit knippe låtar å velje blant. Radiokanalane blir heilt like. Dei får sikkert lyttartal, men lokale artistar tapar.
Arne har så lenge han kan hugse vore oppteken av musikk og lokalt kulturliv. Som kulturskulelærar, -rektor eller musikar. Veggene i stova er tapetsert med ulike prisar. Spellemenn-, målpris og kulturpris. Diverse cd-ar i glas, gull- og platina for platesuksess etter platesuksess heng som girlandrar ned frå hemsen. Rommet er førebels det næraste ein kjem eit Hellbillies-museum. Er det opp til Arne blir han ikkje utstilt med det første.
«Eg er aldri inspirert. Det er ikkje den måten eg jobbar på»
Ikkje alle er like glade for veggdekoren. I motsetning til ektemannen har Lene Moslåtten sommarferie. Ho kjem sveitt ut frå kjøkkenet med eit par koppar kaffi. Ho organiserer ei sårt tiltrengt utbygging av huset ettersom dei nyleg er blitt besteforeldre. Ein vil trenge plass, også til familiefoto.
– Ja, det er jo fantastisk, seier Lene med heile seg. Arne nyttar høvet til å konsentrere seg om signaturen sin og har kopla ut. Eller rettare sagt – kopla inn. Det er visst slik det er. Han går inn i arbeidsoppgåvene med hud og hår. Kvit hud og vasskjemma kvitt hår. Arne er mindre oppteken av soling enn Lene og meir fokusert på at teikninga skal bli ferdig. Etter eit bel kikkar han likevel opp frå pennestreken.
– Fungerer du dårleg under press altså?
– Nei, eg vil si bra. Men for dei rundt meg fungerer eg dårleg.
Han må vedgå at jobben frå tid til annan tek vel mykje av han. Eg spør på ny.
– Bestefar? Jau, det er rart. For meg er ungane våre framleis ungar, sjølv om dei er blitt vaksne.
Han seier ikkje meir. Det er for tidleg å snakke om bestefarrolla, for han har berre så vidt halde guten. Det er 62 år sidan han sjølv vart fødd. Det skjedde bak veggen som flatskjermen og eit nyinnkjøpt mediesenter no har okkupert. Året var 1948 og huset var knapt eit år. Garden ligg framleis eit steinkast frå grensa til Torpo, nokre par høgdekoter over riksvegen. Det er stille i skogholtet. Her kan ein bli inspirert til både det eine og det andre skulle ein tru.
– Eg er aldri inspirert. Det er ikkje den måten eg jobbar på. Tekstarbeidet liknar meir på kryssordløysing, seier han og legg i veg om kor fantastiske diftongane er, særleg å kore på. Dessverre er det få av dei. Det er ikkje utan grunn at stein, bein og heim går igjen, røper han. I begynnelsen kjem orda, deretter rytmen. Historia kjem til slutt.
– Faren er at historiene blir heilt vanvittige. Litt kritisk sans må til. Det blir ein del strykingar.
150 låtar er det blitt. Kor mange som er forkasta, er uvisst. Berre éi låt har ein annan tekstforfattar. «Røta».
«Hellbillies er større enn summen av enkeltdelane. Skallen min er berre éin del»
Mykje har grodd på eigedomen også medan kryssordpennen har jobba. – Det er attgrodd, seier Lene før ho forsvinn ut for å få snikkaren på taket i arbeid. Arne skulle også vore med. I staden skriv han songar om å «sende hit ein snikkarsvein før alt fell i grus». På grunn av Hellbillies er det ikkje mange dagane han kan bidra. No vil lokalavisa også ha sin bit av han.
– Kva vil du seie oss med ordleiken din?
– Eg er oppteken av klisjeoppfatninga av folk som bur i utkantstrøk. Altfor mange journalistar har bestemt seg for ei vinkling før dei forlet redaksjonen sin. Når dei kjem ut på landet, leitar dei etter motiv som stemmer med denne. Etterpå les me om traktorar, grilldress og camping. Og det finst, men det er lov å oversjå det openberre. Dei kunne jo leita etter kvalitet. Det er fullt mogleg å framstille Oslo som ein tåpeleg plass også viss ein ville det.
Spør du Arne Moslåtten er det ikkje blitt mindre kiving mellom by og land. Han håpar Hellbillies kan bidra til å bygge ned skiljet. Det er inga motsetning mellom folkeleg og kvalitet, seier han.
– Kvifor råkar Hellbillies så breitt?
– Eg trur me kan appellere til ulike ting. Gitarfans ser på Lars Håvard sitt fantastiske gitarspel. Nokon har sans for språk og dialekt. Andre relaterer seg til innhaldet og føler tekstane er relevante.
Arne Moslåtten har sjølv drivkvite bein og etterlyser i songen med same namn ein fabelaktig skalle. Strengt tatt skulle det vel ikkje vere nødvendig.
– He-he. Hellbillies er større enn summen av enkeltdelane for å seie det slik. Skallen min er berre éin del.
Nytt av året er ordet «kjensletjuveri». Eit munnhell, seier han. I songen «Dirkefri» freistar ei jente å få ein kar på kroken. – Eg har aldri opplevd det sjølv, men eg har høyrt at det skal vere populært.
Kryssordløysaren er stadig å sjå med tamburin og fløyte. Når han ikkje syslar med musikk, krukar han seg rundt i hagen med fotoapparatet for å fange ørsmå detaljar. Kombinert med ei utprega interesse for data skaper han gull ut av pixlar på ein Mac. I framtida kan det vere me kjenner han som fotograf også.
– Eg er klar over at eg har talent i ulike retningar. Eg kunne vel også blitt god, men eg trur nok at rektor på gymnaset i si tid likevel hadde rett i sin analyse: «Denne Moslåtten er ein kunstnartype med lite tiltak», sa han. Min taktikk har vore å drive litt med mange ting. Ferdigheitene går kanskje over middels, men aldri til topps.
Beskjeden er han òg. Der kystkulturen hadde giganten Erik Bye har bygdekulturen «The Grand Ål Man» Arne Moslåtten.
Og etter at Hellbillies-toget kom på skinner igjen, er det visst ingen planar om å parkere på Ål stasjon med det første. Med unntak av ein svipptur innom Folkeparken 24. juli.
RSS
KONTAKT OSS

Skal me tru Arne Moslåtten, er det tilfeldig at Hellbillies er blant norgeshistorias største musikksuksessar. 20 år med kryssordløysing er det i alle fall.
