Torsdag 02.september 2010
Bitte Olstad, arrangementsleiar Goldagan 2010
Bitte Olstad
FOTO: Sindre Haugen Mehl

Bitte Olstad

Ho har reist verda rundt, budd på Stiftsgården i Trondheim og ho danka ut mannen i kampen om jobben i Gol Reisemål.

A A A

Bitte Olstad er sannsynlegvis eit ukjend blad for mange hallingar.

Men for reisande som kjem innom turistkontoret på Gol, må den energiske og positive totningen ha gjort inntrykk.

– Eg ser på meg sjølv som blid og kreativ, seier ho.

Det er travelt i sommarsesongen, men Olstad tek seg tid til alle. Ei handfull brasilianske turistar får eit omfattande oversyn over aktivitetar og overnattingstilbod i området. Samstundes vil eit kresent norsk par vite om billege hytteløysingar og kor lang tid det tek å køyre til Golsfjellet.

Tid skulle ho nok hatt meir av. Arbeidsdagen hennar går unna i ein fei, trass i at den sjeldan varer mindre enn 10-12 timar. Det er ikkje for ingenting ho er mot sekstimarsdagen.

– Sekstimarsdagen er vel og bra for dei som har tid til å gå heim og dei med små ungar, men eg hadde ikkje fått gjort alt eg skulle, seier Olstad.

Olstad er eit skikkeleg arbeidsjern. I tillegg vekependlar ho frå Hønefoss. Der bur ho med mannen Ivar, som også er i reiselivsbransjen. Han arbeider med å samordne reiselivet i Modum, Krødsherad og Sigdal.

– Me søkte først ulike jobbar i reiselivet i Gol. Eg fekk jobb, og han hamna på Destinasjon Norefjell, fortel ho. Samarbeid og samordning av reiselivet er noko av det ho brenn mest for.

– Det skulle vore ein reiselivsminister. Det er for mange aktørar som dreg i ulik retning, meiner ho.

– Fylkeskommune, fylkesmann, kommune, Innovasjon Norge og ulike prosjekt for fjell og fjord. I tillegg finst det utruleg mange reiselivsaktørar rundt om i landet med ulike interesser. Om Norge skal hevde seg som reiselivsnasjon, burde me absolutt hatt ein reiselivsminister, seier Olstad.

«Berre sjå på Flå, der er alle med på dugnaden»

– Kva tykkjer du om Hallingdal som ein reiselivsdestinasjon?

– I utgangspunktet er det ein god idé, men eg meiner det er eit utopisk prosjekt. Det er så mange forskjellige aktørar. Det er store krefter! Det ser ein tydelegast på vinterstid. Du har store destinasjonar som Geilo og Hemsedal med eigne merkenamn som dei ønskjer å byggje opp under. Dei har masse ressursar til marknadsføring. Korleis skal ein få med dei små? Sommarstid er det litt enklare med samarbeid, til dømes med Eventyrvegen. Eg trur Hallingdal må bli éin kommune før me kan få til eit større samarbeidsprosjekt, seier ho.

Bitte Olstad er heller ikkje nøgd med samarbeidet i reiselivet i Gol.

– Også her er det for mange ulike interesser som dreg i forskjellig retning. Ein må tørre å stole på kvarandre. Eg er redd destinasjonane kring oss vil byggje seg opp og ta marknadsandelar, medan me diskuterer kva for mål og middel me skal nytte. Berre sjå på Flå, der er alle med på dugnaden, seier ho. Arbeidet med reiselivs- og næringsplanen til Gol kommune er eit steg i rett retning, trur ho.

– Eg gler meg til den kjem, seier Olstad.

– Den største utfordringa reiselivet i Gol og Hallingdal har, er å få turistane som kjem til å bli. Det er eit faktum at dei fleste som er her berre er på gjennomreise. Det er fjordane og Vestlandet dei vil sjå. Då blir utfordringa vår å få dei til å ønske å bli verande, meiner ho.

– Me treng fleire aktivitetar og opplevingar. Det er dette gjestene spør etter, seier ho,

Bitte Olstad har ein lang og innhaldsrik arbeidskarriere bak seg. Ho starta som jordbærplukkar på heimplassen, og har vore innom alt frå gatekjøken til reiseguide, helsevesen og flyvertinne. Jobba for kongen har ho òg.

– Me budde på Stiftsgården i Trondheim. Vilkåret var at me skulle vere vertskap for kongefamilien når dei var der, fortel ho. Ho skildrar kong Harald som ein stødig type.

– Han er ein «lungn» kar med ei energisk kone, seier Olstad.

Oppveksten på Toten tykkjer Bitte var veldig bra. Ho er frå Kapp, som ligg langs Mjøsa.

– Eg saknar nærleiken til vatnet her. Me gjekk på skeiser om vinteren og bada på sommaren. Det er gode minne. Det har blitt reine eldoradoet der no, seier Olstad. Ho gjekk på Lena vidaregåande skule og var ein del av «Lenabohemen».

– Me diskuterte utanrikspolitikk med palestinaskjerf, og lærarane skulka saman med oss. Fleire av oss har framleis god kontakt, fortel ho. Storbyen Oslo lokka fleire frå Toten etter gymnaset, men hovudstaden verka for skummel for Olstad. Ho gjekk husflidsskule på Fagernes, Lillehammer og Elverum og utdanna seg til å bli aktivitør.

– Det var innskrenkingar og små budsjett. Eg fekk ikkje gjort noko og hoppa av, seier ho.

«Ein stad må ein jo spare når eit flysete kostar 199 kroner».

Olstad jobba sidan på Hamar og eit halvår på Lillestrøm med autistar med psykotiske tilleggslidingar.

Så fekk ho jobb som reiseleiar for Vingreiser. Ho budde på Kreta og i Østerrike og guida charterturistar på Knossos og i skibakken. Det var midt i blinken for nyfikne Bitte.

– Eg er kjempeinteressert i historie og kultur, seier ho. Ho vart ikkje ferdig med det store utland riktig enno. Ho jobba som flyvertinne i Sverige og for Braathens i Trondheim. I starten var det berre kjekt.

– Me kunne liggje på strender i Middelhavet i ei veke før me tok med oss turistane med det same flyet tilbake. No er det ei rovdrift på kabintilsette, seier ho.

– Ingen veit når dei skal jobbe, og arbeidsdagane er lange. Ei flyreise skal jo helst ikkje koste noko, så det var oss det gjekk utover. Ein stad må ein jo spare når eit flysete kostar 199 kroner, seier Olstad. Ein skulderoperasjon gjorde at ho ikkje ville meir, etter 18 år som flyvertinne.

– Eg ville ikkje pensjonere meg med flyyrket, fortel ho.

Allsidig og nyfiken som ho er, starta Bitte Olstad som vaksenstudent i 40-årsalderen. Nye utfordringar var ingen problem.

– Je er jo litt pottit, da veit du. Er itte fra Toten for ingenting, seier ho.

Høgskulen i Buskerud og bachelorgrad i reiseliv var neste stopp. Å vere tett på ungdomen og ta fatt på studielivet tykkjer ho berre var gøy.

– Den nest eldste var 30. Me som var litt eldre danna «vaksenklubb», men det var artig å vere med dei unge også. «Du verkar enten som du er 15 eller 80 år», sa medstudentane om meg, ler ho.

No stortrivst ho som arrangementsansvarleg i Gol Reisemål. Det beste med jobben tykkjer ho er variasjonen og alle menneska ho får møte.

– Det er så mange hyggelege gjester og menneske i reiselivet, fortel ho. I helga er det Goldagan. I fjor var ho «trainee», men no har ho mesteparten av ansvaret sjølv.

– Goldagan er ein folkefest. Eg trur det er sånn at folk berre må «hematt» til Gol denne helga. Eg møter folk som bestiller overnatting året i forvegen, seier Olstad.

Etter berre eitt år i jobben har ho mange tankar rundt kva Gol bør gjere for å trekkje til seg fleire turistar.

På kontoret har dei ein boks som blir kalla «Bitte sine idear».

– Ho er utruleg positiv. For Bitte finst det ingen dårlege idear, seier Gro Hjelmen, sjefen ved Gol turistkontor.

«Paradise Hotel burde bli sendt på Animal Planet»

På den fritida ho har, plar Olstad lese. Dette trass i at ho ikkje alltid får med seg korkje tittel eller forfattar på det ho les.

– Eg er skrekkeleg dårleg på namn og titlar, ler ho. Olstad er medlem i husflidsforeninga på Gol og sit i vevstolen når det blir tid. TV-titting blir det lite av, men ho har meiningar om dei populære underhaldningsprogramma.

– Paradise Hotel burde bli sendt på Animal Planet, meiner ho. Elles har ho godt selskap i Enya, ein sju år gammal Irsk setter, kalla opp etter artisten med same namn.

– Ho oppfører seg som ein tenåring, akkurat som meg, ler Olstad.

Sjølv om det blir gjort mykje for å lokke turistar til Gol, er Olstad på langt nær nøgd.

– Eg saknar nyheiter på Gol. Me må gjere noko for dei som bur her til vanleg også, slik at dei blir verande. Difor vil eg rose Torbjørn Rustberggard og ideane hans, og eg ser fram til at området på Storøyne blir fullt utbygd, seier ho. Olstad har også meiningar kring identiteten til bygda.

– Utbygging og arealplanlegging er viktig, men Gol må finne ein balanse mellom gammalt og nytt, seier Olstad.

– Kven er det me vil vere, spør ho. Ho meiner Gol må velje mellom å vere bygdeby eller landsby. Sjølv har ho klare meiningar om kva som er det rette for bygda.

– Eg har inntrykk av at folk har sett nok av småbyar utan særpreg. Dei søker det autentiske og ekte, og ønskjer opplevingar og aktivitet. Samstundes må Gol grunnfeste seg som sentrum i Hallingdal og vere ein motor og drivkraft for næringsutvikling; ein plass der folk ønskjer å bu heile livet.

– Det var nokre nederlendarar som sa til meg at Gol likna på ein cowboylandsby. Kanskje får me vere ein cowboylandsby då, ler ho.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 02.09.10 kl. 21:50 | http://www.hallingdolen.no/tema/signaturen/article171088.ece

annonse
annonse
annonse
annonse