Fredag 30.juli 2010
Ingrid Hillestad Medhus, ny sjef på Nortura Gilde slakteri i Gol.
Fabrikksjefen: – Folk her på Nortura viser eigarskap til jobben sin, poengterer Ingrid Hillestad Medhus. (Foto Sigmund Krøvel-Velle)
FOTO: Sigmund Krøvel-Velle

Ingrid Hillestad Medhus

Allmannamøtet på Nortura Gol gav klar melding i form av unison applaus då den nye fabrikksjefen var klar.

A A A

Leiarskiftet ved den største industriarbeidsplassen i Hallingdal kom raskt på. Det heile var gjennomført på nokre veker.

– Nei, me hadde vel ikkje heilt tenkt oss at Torleif Bjella skulle forsvinne ut etter meir enn 25 år som sjef. På den andre sida er det ikkje vanskeleg å forstå at konsernet gjerne vil nytte seg av hans kvalitetar som leiar i ein større samanheng, medgir Ingrid Hillestad Medhus.

I løpet av kort tid er hennar rolle endra, frå avdelingsleiar til fabrikksjef. Endringane er til å ta og føle på, men landskapet ho arbeider i er velkjent.

– Ver så god stig inn. Eg bytta berre kontor med Torleif som held til innanfor her, opplyser sjefen og nikkar mot ei open dør.

Den tidlegare fabrikksjefen med ny direktørtittel skal framleis ha Gol som base og kontorstad. Men med overordna ansvar for samtlege råvarefabrikkar i Nortura-systemet, medrekna hans gamle arbeidsplass, seier det seg sjølv at han vil vera mykje på farten. Etterfølgjaren reknar med å dra nytte av hans erfaring, men nektar bestemt for at Bjella blir som ein sjuande far i huset.

Ingrid Hillestad Medhus står på eigne bein, også i rolla som sjef. Men ho legg ikkje skjul på at ho set stor pris på forgjengaren og den erfaring og kunnskap som han representerer.

Me tek plass rundt bordet i eit ryddig og strøkent kontor, der ting er i greie. Kvite vegger, eit ryddig skrivebord og permar på rekkje i hyllene bak.

– Å få ting gjort, og dermed unna, er viktig, medgir ho.

«Eg hadde nok ikkje søkt om eg ikkje visste at eg hadde folk på huset her i ryggen»

Når konsernleiinga i Nortura lyser ut leiarstillingar internt, er det ei oppmoding til potensielle kandidatar om å melde si interesse. Prosessane er kjent for å vera ryddige.

– Eg hadde nok ikkje søkt om eg ikkje visste at eg hadde folk på huset her i ryggen, seier fabrikksjefen når me nemner mottakinga meldinga om tilsetjinga fekk. Å ha støtte blant dei ho skal leie, er viktig for henne.

Ingrid Hillestad Medhus kom til denne arbeidsplassen i 2003. Ho hadde då jobba i Tine lokalt i Hallingdal i ni år, og før det ein periode ved Toro-fabrikken i Bergen. Kanskje mest kjend for sine suppeposar.

– Der arbeidde eg med produktutvikling. I Tine stod kvalitetsarbeid sentralt. Begge desse felta har eg hatt god nytte av etter at eg kom hit.

Ingrid Hillestad Medhus har leia arbeidet med utvikling av premiumprodukta frå Gol. Ei gruppe kjøtvarer av ekstra høg kvalitet av lam, kalv og storfe. Dette produktområdet har vore ein ubetinga suksess både marknadsmessig og økonomisk. For bedrifta på Gol er dette ikkje berre eit satsingsområde framover, men også i dag ein viktig del av eksistensgrunnlaget.

I tillegg har ho hatt ansvaret for kvalitetsarbeidet. Også dette er eit utfordrande og viktig område. Gode system, rutinar og eit nært samarbeid med Mattilsynet som overvakar produksjonen, har mykje å seie for resultat.

– Det er gøy å få sett tiltak ut i livet, sjå at det fungerer i praksis i produksjonen – og endeleg få stadfesta dette gjennom revisjon.

– Kvifor søkte du på stillinga?

– Eg såg fram til å lære meir og få breiare erfaring. Men eg skal ikkje stikke under ein stol at eg vurderte både fram og tilbake, før eg leverte søknaden. Eg treivst godt med det eg hadde av oppgåver og ville ikkje ha opplevd det som noko nederlag å halde på med det vidare. Også der ville eg hatt høve til å påverke utviklinga i bedrifta, om enn på ein annan måte enn som sjef. Men samtidig var det også viktig å søkje nye utfordringar.

Svara kjem raskt, er klare og velformulerte. Og ho er samtidig god til å lytte. Fabrikksjefen er openbert på heimebane, og ho legg heller ikkje skjul på at ho meiner å kjenne bedrifta si godt. Ikkje berre det som går på produksjon og tekniske forhold, men minst like mykje folka.

Ingrid Hillestad Medhus er stolt over arbeidsstokken sin og poengterer positiviteten som rår. Her er stor fagkunnskap, ståpåvilje og evne til omstilling og nytenking. Kvalitetane er viktige i ei slik bedrift og i eit konsern som har gått gjennom store omstillingar. Samtidig veit alle at også framtida blir krevjande, også sjefen.

Ho går inn i kvardagen med løfta blikk. Så langt har Nortura Gol vore ein vinnar. Målet er å følgje opp løpet som vart lagt under Torleif Bjellas leiing. Syte for ei god utvikling av premiumprodukta og samtidig ha fokus på slakting og skjering som også er viktige berebjelkar i aktiviteten på anlegget.

– Å vere effektiv, levere produkt av høg kvalitet i ein marknad som stadig blir meir krevjande, er utfordrande, men også stimulerande, meiner ho.

Å ta vare på dei om lag hundre årsverka som bedrifta representerer, er ein del av målet ho set seg som sjef.

I Hallingdal er dette ei bedrift i absolutt tet både i omsetning og sysselsetting. Det er ein arbeidsplass prega av store omskifte gjennom året. Når haustslaktinga av sau og lam tek til, rykkjer sesongarbeidarane inn. I den mest hektiske perioden er talet på medarbeidarar i bedrifta oppe i 160-170, det dobbelte av grunnbemanninga. Ein slik årssyklus er utfordrande for alle og stiller store krav til dei faste medarbeidarane på alle plan. Samtidig er bedrifta prega av stor stabilitet og liten gjennomtrekk blant dei faste på laget.

«Når eg går ut, er det som regel til bønder»

Krava til effektivitet er høge. Bedrifta har i løpet av seinare år investert mykje i ny teknologi og har drive banebrytande utviklingsarbeid i eige hus.

– Ein tøff jobb å vera sjef i ei slik bedrift?

– Eg føler meg iallfall ikkje åleine, eg opplever å ha folk med meg. Samtidig er dette både utfordrande og spennande. Arbeidet tyngjer meg ikkje. Det skulle berre mangle med så mange engasjerte, positive og flinke folk rundt meg. Folk her på Nortura viser eigarskap til jobben sin, noko som er viktig for oss alle, poengterer Ingrid Hillestad Medhus.

Ho kjenner seg vel til mote med Nortura. Konsernet har gode system og støttefunksjonar som er verdifulle å ha med seg inn i bedriftskvardagen. Som produsent av kjøtvarer med høg og sterk profil i marknaden er kvalitet avgjerande, og systema som byggjer opp under omdømmet til Gilde-merket, er viktige.

«Eg kan forsikre om at mange spørsmål er løyst over skjerebordet inne i fabrikken»

– Er du ute blant bøndene?

– Når eg går ut, er det som regel til bønder, smiler Nortura-sjefen og minner om at ho bur på bygda, og er bonde sjølv. Forgjengaren hennar held seg med gard nede i Torpo. Sjølv er ho gift med ein mjølkebonde i Opheim. Det må kallast eit pussig samantreff at både den gamle og den nye Nortura-sjefen har Torpo som postadresse.

Men for å koma attende til svaret på spørsmålet; – jobben har gitt henne mange kontaktar ute blant husdyrbøndene i og utanfor dalen, ikkje minst i samband med premiumprodukta.

Jobben med premiumprodukta har dessutan gitt henne godt overblikk over marknaden. Ho seier nærkontakt til dei som møter forbrukarane er viktig, anten det er i kjøttdiskane eller ved restaurantborda.

– Regelmessige faglege samlingar med kokkar og fagfolk på kjøt i butikkar er utviklande. Dei er gjerne med oss ut til bonden fyrst, før me samlast her og ser på kjøttvarene. Eg kan forsikre om at mange spørsmål er løyst over skjerebordet inne i fabrikken, forsikrar ho.

Nærkontakten til produsentar og marknad er uansett viktig for ein person i hennar rolle.

Ingrid Hillestad Medhus er knytt til bygd og landbruk frå barnsbein av. Ho voks opp i Skedsmo i Akershus. Faren var knytt til jordbruksdelen i Selskapet for Norges Vel. Etter vidaregåande gjekk ho vegen til Norges Landbrukshøgskole på Ås for å studere næringsmiddelfag. Her møtte ho Svein Medhus som skulle bli ektemannen hennar. Med utsikt til å overta gard i Opheim, var løpet lagt. Også Skedsmo-jenta som i barne- og ungdomsår hadde gått gradene i 4H og bygdeungdomslaget, såg gjerne for seg eit liv på gard. I 1992 kom også ho til Hallingdal. I dag tel familien fem. Med tre ungar på 9, 12 og 14 år og ein mann som er mjølkebonde, er dagane gjerne fylte med arbeid, skule og aktivitetar.

– Familien er viktig for meg. Samværet mellom oss fem og med storfamilien betyr mykje, slår Ingrid Hillestad Medhus fast.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:14 | http://www.hallingdolen.no/tema/signaturen/article136129.ece

annonse
annonse
annonse
annonse