Fredag 30.juli 2010
Erna Viken Holvik signatur. Ungt entreprenørskap, rekruttering reiseliv Hallingdal, industriløftet Hallingdal, Hol ungdomsskule
Erna Viken Holvik
FOTO: Embrik Rudningen

Erna Viken Holvik

Ho leiar tre ulike prosjekt som skal få ungdom til å bli i Hallingdal. Sjølv flytta ho dit det var eit bra volleyballag.

A A A

Erna Viken Holvik har permisjon frå jobben som lærar og rådgjevar på Hol ungdomsskole. Det er fylket, reiselivsnæringa, Ungt Entreprenørskap og andre som betalar lønna hennar, men ho har kontor på servicetorget til Hol kommune på Geilo. Der heng det ikkje mindre enn ti ferske avisutklypp på veggen om ting ho jobbar med. Mellom anna komprimert reiselivsutdanning, gründerkonkurransar for skuleungdom og småfanten på Ål som hadde ordføraren som lærar.

Men Erna seier ho er oppteken av familien, friluftsliv og sport, og ikkje noko utprega karrieremenneske. Sport og familie har òg fått sitt utslag i avisoppslag dersom ho skal ha noko av æra for sonen Tore Holvik sin suksess med snøbrett. Han kom ikkje til finalen i halfpipen i Vancouver natt til torsdag, men han vart beste nordmann med 28. plass. Hadde han klart siste landinga, ville han gått vidare. Familien var på plass og følgde konkurransen.

Hallingdølen møtte grossisten i prosjektleiarstillingar på kontoret før ho reiste til Vancouver.

– I dag er eg glad, og veldig fornøgd. I går kveld godkjende hovudutvalet for utdanning i Buskerud det nye utdanningsløpet innan reiseliv, seier Viken Holvik – og understrekar gleda ved å snurre litt att og fram på kontorstolen.

Hallingdølen har skrive om nyvinninga tidlegare, der elevar kan få både fagbrev og studiekompetanse på fire år. Dei er ute i bedrifter frå fyrste året, og sparar eitt år på utdanninga. Gratulasjonar strøymde på då me var innom, og nokon var stadig på tråden med spørsmål om korleis søknadsskjemaet skulle utformast, sidan søkinga straks skulle i gang.

Viken Holvik tok til som prosjektleiar for rekruttering til reiselivet i august. Då var ikkje ideen om denne utdanninga utklekt ein gong.

– Dette er vel rekordfart?

– Det er jo det som er moro, når ein ser resultat av det ein gjer, smiler Erna og insisterer på å dele æra med dei andre i prosjektgruppa: Brith Toril Flage, Martha Nistad og Marianne Ljosåk.

– I desember fekk me forresten beskjed frå fylkeskommunen om at det ikkje kunne bli noko av tilbodet før eitt år seinare. Det var ein nedtur.

Men det tok ikkje lang tid før opplegget var på skjenene att, før jul vart tilbodet presentert. Berre med atterhald om godkjenninga no i februar.

– Eg gir meg ikkje så lett. Eg trur me fekk det i gang att ved litt utradisjonelle metodar, og ved å bruke dei kontaktane me har.

«Det er ikkje noko poeng at dei aldri skal bu andre stader»

Det har vorte mange kontaktar i arbeidet hennar mellom skule og næringsliv. Det begynte allereie då ho jobba som heimkunnskapsleiar på nittitalet. Elevane lærde vask og sengeoppreiing på hotellrom på Geilo. Korleis skulle dei ha lært det på skulen sin heimkunnskapssal?

Denne kontakten er berebjelken i dei tre prosjekta ho frontar, og som så ofte finn vegen til avisspaltene. I Ungt Entreprenørskap skal elevane bli kjent med bedriftene i nærmiljøet, og gjerne få ein gründermentalitet. Industriløftet skal gi ungdommen eit innblikk i kva moglegheiter dei har i industrien i Hallingdal. Rekruttering reiseliv forklarar seg sjølv.

– Eg meiner skulen har vore for isolert. Det er mykje å hente for skulen ved å ta representantar frå bedriftene inn i skulen, eller elevane ut i bedriftene. Dessutan ser bedriftene kva som skjer i skulen, og kva det vil seie å vera lærar, meiner Erna.

– Kva er målet?

– Ungdom blir kjent med plassen dei har vakse opp. Det er ikkje noko poeng at dei aldri skal bu andre stader, men dei skal vite kva moglegheiter som finst, slik at dei kan koma att. 35 prosent er sysselsett innan reiseliv her, då kjem ein ikkje utanom å synleggjere det.

«Eg var med og fekk to NM-sølv på åttitalet»

Ho er altså eigentleg lærar. På Hol ungdomsskole frå 1990, der ho òg har vore rådgjevar frå 1999. Ho voks opp på Vestlandet, Viksdalen utanfor Førde. På lærarskulen på Hamar trefte ho mannen sin, Egil Holvik som også er lærar. Etter Hamar var det eit år på idrettshøgskulen i Oslo.

– Eg har alltid spelt volleyball, og alltid vore oppteken av idrett. Då me var ferdigutdanna vart Egil og eg einige om å flytte dit den fyrste fekk jobb i nærleiken av eit volleyballag i fyrstedivisjon.

Det vart Tambarsjelvar IL i Naustdal, heller ikkje langt frå Førde.

– Tambarsjelvar?

– Alle som er inne i volleyball veit om Tambarsjelvar. Eg var med og fekk to NM-sølv på åttitalet.

– Men kvifor Geilo, dei har ikkje volleyballag?

– Etter at eg hadde fått barn nummer to, var ikkje konkurrering så viktig lenger. Ungane vart viktigast. Jentene var astmatiske, og me hadde høyrt om Geilomo, og kor bra lufta var her.

Ekteparet starta opp allidrettsgruppe rett etter dei hadde flytta til Geilo, og hadde kvar si gruppe. Framleis trenar Erna ei gruppe med stort aldersspenn kvar måndagskveld. Allsidigheit er viktig, meiner Erna, innanfor idrett òg. Dei tre barna var med på mange forskjellige idrettar, og var gode i mykje. Tore var til dømes veldig god i fotball.

– Han var med på alpintrening, men nekta å bruke anna enn langrennsski. Storesystera hans Elin har gjort det bra i snowboard ho òg, men det var den mellomste, Guro, som begynte. Då Tore var åtte år, lurde me på om han òg ville ha brett til jul. Han ville heller ha CD-spelar, og fekk det. Men då han fekk prøve brettet til systera seinare, kjøpte han seg snøbrett for eigne pengar.

– Men du ville heller hatt ein OL-deltakar i volleyball enn i snøbrett?

– Nei. Snowboard er ein flott sport, sjølv om det er ein risikosport. Dei tek vare på kvarandre. Ein gong Tore konkurrerte, var det fire att som kniva om fyrstepremien på 50.000 kroner. Dei vart einige om å dele potten. Tore vann, og delte med dei andre.

– Eg trur mange ikkje skjønar kor store kroppslege prestasjonar det er snakk om. Dei skal gjere reine triks, fire-fem meter over kanten på halfpipen, som er seks meter djup. Så skal dei opp på andre sida og gjere eit nytt triks. Me kjem til å støtte han så lenge det er dette han vil drive med. Men om han vil slutte for å begynne med utdanning i staden, er det òg heilt greitt.

Ho har prøvd snøbrett, men likar langrennsski betre – faktisk svært godt. Ho har likevel site i styret i Norges Snowboardforbund. Erna tok nattoget opp att til jobb på Geilo om morgonen, etter møta i Oslo på kveldstid. Det var naturleg å engasjere seg der, meiner ho. Samt i ei mengd andre idrettsarrangement på Geilo. Pluss prosjektstillingane, treninga på kveldstid og dei mange skiturane. I tillegg kjem eit omfattande hagebruk på tomta, som gir 80 kilo jordbær i året – på Geilo – snautt 800 meter over havet. Og før ho fekk permisjon frå rådgjevarstillinga, sette ho i gang eit prosjekt som andre kommunar i landet no vil prøve. Som heimkunnskapsleiar i eit prosjekt som heile Hallingdal no er i ferd med å adoptere. Og kjent for å ha godt humør heile tida, i barndommen vart ho faktisk kalla «Smilebrita».

«Men de må ikkje tenkje: – Huff, no er det Erna igjen»

– Du må ha ein veldig kapasitet?

– Eg er vaksen opp på gard, og er vant med å jobbe. Eg kan nok jobbe intenst i periodar, når det er noko eg vil få til.

Det er altså moro å få til noko, ifølgje Erna. Til dømes det nye utdanningsløpet som tiandeklassingar no er i ferd med å søkje på. Ho vart altså spurt om å ta den stillinga, som i dei to andre prosjekta. Det går altså gjetord om prosjektrivjernet på Geilo.

– Du blir vel headhunta til nye prosjekt i byen når reiselivsprosjektet er ferdig?

– Eg vil ikkje flytte frå Geilo. Det er ein ypparleg stad når ein likar å gå på ski – sjølv om eg saknar ein ordentleg vår. Det er jo ein nedtur med gråvêr og snø 17. mai. Dessutan vil eg gjerne attende til skulen, eg likar godt møtet med ungdommen i rådgjevarrolla.

Men avisutklippa på veggen: Redaksjonen i Hallingdølen har lagt merke til at Erna Viken Holvik ofte er den som tipsar om forskjellige ting som skjer på skulane i dalen.

– Eg tykkjer det er viktig at positiv aktivitet blir omtala. Det er prisverdig at yrkesutøvarar tykkjer det er viktig å stille opp i skulen. Til dømes når ordføraren i Ål stiller opp som lærar, fortener han omtale. I tillegg er det viktig at folk får interesse for til dømes det nye utdanningsopplegget.

– Men de må ikkje tenkje: «Huff, no er det Erna igjen», kjem det frå tipsaren.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:11 | http://www.hallingdolen.no/tema/signaturen/article130158.ece

annonse
annonse
annonse
annonse