Fredag 30.juli 2010
Gjestebodsspelemenn i Skottgården i Brekken i 1917. Fremst står tippoldefaren til Åge Aleksandersen, Karl Fredrik Andreassen (1844-1920), også kalla ÓSpellmanns-FredrikÓ eller ÓGammel-FredrikÓ. Bak han står fire spelemenn frå Brekken. Spellmanns-Fredrik hadde mykje kontakt med lokale spelemenn der han reiste.
Gjestebodsspelemenn i Brekken i 1917: Fremst står tippoldefaren til Åge Aleksandersen, Karl Fredrik Andreassen (1844-1920), også kalla «Spell- manns-Fredrik» eller «Gammel-Fredrik». Bak han står fire spelemenn frå Brekken. Spellmanns-Fredrik hadde mykje kontakt med lokale spelemenn der han reiste.

På sporet av ei spelemannslegende

Kven kunne drøymt om at taterane som kom innom presten i Nes i 1798 for å gifte seg, skulle bli så viktige for norsk og skandinavisk musikkliv.

A A A

211 ÅR SIDAN, tidleg i april, kom eit par unge av det reisande folket, taterane, innom hjå presten i Nes i Hallingdal. Dei ville gifte seg. Den 7. april vart dei vigde i Nes Gamle Kyrkje. Karl Johansen Rosenberg, f. ca. 1775 i Fron eller i Sverige, og Magdalena Børresdatter, døypt i Flesberg i 1777. Etterslekta deira har prega norsk og skandinavisk musikkliv i generasjonar sidan.

«Fant-Karl» Johansen Rosenberg – gjennom mytisk tussmørke spelar han for oss, kastar det lange svarte håret attende og trillar fram or fela eit valsespel så eggjande at det aldri vart gløymt. Framleis lever slåttane hans mellom spelemenn, 150 år etter at Fant-Karl vandra vidare, ut or historia.

Kven var han, denne segnomsuste Fant-Karl? Tater, reisande, ein storspelemann av romanifolket.

Namnet Fant-Karl, eller Karl-Fant, (fant = vagabond, reisande) er godt kjent for folkemusikarar og – dansarar i Norge. Det lever mange historier om denne uvanleg gode felespelaren av romani/taterslekt frå første halvdelen av 1800-talet.

Det vrimla av gode slåttar og inspirerte spelemenn då Karl og familien tok farvel og reiste vidare på vegen gjennom norske bygder.

Etter som tida gjekk og musikken levde vidare i lokal tradisjon kvarv personen inn i historias tussmørke og vart erstatta av mytar og spelemannssoger. Ingen visste kven Fant-Karl eigentleg var, kvar han kom frå og kvar han vart av.

IKKJE FØR folkemusikar og antropolog Mary Barthelemy vart så interessert og fascinert av denne musikalske tradisjonen at ho begynte å leite, både i arkiv og i den levande tradisjonen. Ho har dokumentert at personen bak dei fleste historiene og slåttane mest truleg er Karl Johansen Rosenberg (cirka 1775–cirka 1855), ein hestegjeldar og vidgjeten spelemann som reiste land og strand rundt i Norge og delar av Sverige.

Arbeidet til Mary Barthelemy resulterte i ein mastergrad i folkekunst (Rauland 2006) og ei bok «Spellmann på dromen, på sporet av den legendariske Fant-Karl», (Rørosmuseet 2007).

TAKK VERA spelemannen Ola Mosafinn frå Voss (1828-1912) har vi eit førstehands vitneprov om Fant-Karl, frå Lærdalsmarken i 1850. Den unge Mosafinn var der saman med mange andre spelemenn både frå aust og vest, for å byte slåttar, tene pengar og kappspela.

Kven vart frikar i år? Kven var den beste spelemannen? Midt i dette kappspelet, medan spenninga er på det høgste, er det han dukkar opp, som regissert av meisterhand.

Ein gammal mann støttar seg opp mot ein husvegg og lyder på spelet. Han ser tufsut og skral ut og skjelv over heile kroppen. Nokre kviskrar om at han er av taterslekt, men at dette er ein kar som kan handtere fela. Ein som kjenner han skaffar ei fele, stikk ho bort til han og spør om han kan spela for dei.

Men karen har ikkje særleg lyst. Han har ikkje spelt på lenge, og han er ikkje i rette laget heller, seier han.

Mosafinn skjønar kva som må til. Han skjenkjer gamlingen ein pæl brennevin, utan at det hjelper stort. Men etter ein pæl til, tek karen til å klunke og stille på fela. Så rettar han seg opp litt, tek eit par lause strøk og set i gang med nokre krislande fine fyrispelgrep.

Ei lita stund sit han slik, småkjælande og leikande med boge og streng, før han plutseleg stryk opp ein springar, så frisk, fulltonande og sprettande lett at det nesten er umogleg å stå stille.

Dette er spel som duger. Dei andre spelemennene gnur på så godt dei kan, men fela til gamlingen let over alle andre. Det er ikkje vanskeleg å høyre kven som er den beste på Lærdalsmarken i år. Det samlar seg mykje folk rundt den gamle spelemannen. Og alle er samde om at dette er frikaren, meisteren dette året.

Og det vert seinare stadfesta at det er sjølvaste «Fant-Karl» dei har fått oppleve. Så langt Ola Mosafinn.

I BOKA SI tek Mary Barthelemy oss med på ei reise i ukjent landskap. Vi kjem på innsida av ein kultur som er ukjent og undervurdert blant folk flest. Ein kultur som har hatt svært mykje å seia for både for norsk og skandinavisk musikkliv.

– Taterane var bodbringarar med ny musikk til avstengde bygder over store delar av Sør-Norge, seier Mary Barthelemy. Dei reisande har fostra markante og viktige utøvarar både i gammal og ny tid.

Boka er bygd på mastergradsoppgåva hennar ved Høgskolen i Telemark avdeling Rauland. Og det er eit fascinerande puslespel ho har lagt over personen Fant-Karl.

– Eg måtte søkje attende til samtida hans, fortel ho. Med små bitar frå kyrkjebøker, protokollarkiv, lokalhistoriske skrifter, slektsgranskingsmiljø og den levande folkemusikken, teiknar ho gradvis omrisset av storfamilieleiaren, hestedoktoren, koparslagaren og meisterspelemannen Karl Johansen Rosenberg.

Født mot slutten av 1770-talet, kanskje i Sverige, vaks Karl opp i ein omreisande taterfamilie der hestegjeldaryrket hadde lang tradisjon. I ei samtid der hesten hadde om lag same rolle som bilen no til dags, var hesteskjæring ein etterspurd kunnskap.

– Dei reisande var ei stigmatisert sosial gruppe og styresmaktene prøvde å regulere livsforma deira gjennom eit lovverk som sette klare grenser for måten dei levde på, fortel Barthelemy.

– Etter kongeleg påbod av 1754 skulle reisande skaffe seg innanrikspass frå amtmannen. Kjeleflikkarar, hestegjeldarar og grytesmedar fekk lov til å reise i kraft av yrket sitt. Taterane var ofte knytte til slike yrke. Passetelen inneheldt namn, yrke og opplysningar om utsjånad, familiemedlemmer som var med på reisa, grunnen til reisa og kvar dei skulle. Alle reisepass vart protokollført. Dette er grunnen til at det er mogleg, den dag i dag, å følgje ein reisande familie gjennom fleire tiår, fortel ho.

DEN UNGE Karl og kona hans Magdalena Børresdatter, som han deler livet og dromen (landevegen) med i meir enn 50 år blir altså lovleg gifte i Nes i Hallingdal i 1798. Ein flokk med ungar kjem til etter kvart. Fleire av dei fører dei musikalske evnene vidare til nye generasjonar.

– Dei reisande representerte ein livskraftig kultur med intern omsorg og sterkt samhald, poengterer Barthelemy.

Første halvdelen av 1800-talet kan vi følgje spora deira over store delar av Sør-Norge. Øvre Romerike, Hedmarken, Solør og Gudbrandsdalen kan ha vore eit hovudområde for dei. Men reisene er mange og lange. Dei er ofte på tur frå Toten til Numedal, truleg for vitja familien til Magdalena. Av og til er dei i Sverige, truleg også for å vitja slektningar. Østerdalen til Trøndelag, Nord-Møre, Nordfjord og Sunnfjord, Sogn og Valdres er faste ruter. Men dei har også vore i Øvre Telemark og like til Røldal.

Talrike marknader og stemner var møteplassane både for fastbuande og reisande. Desse arrangementa spelte ei stor rolle både for handel og sosialt og kulturelt liv i samtida. Reiserutene til taterane følgjer eit naturleg mønster mellom alle desse møteplassane rundt om i landet.

Fant-Karl døydde truleg i Sør-Aurdal i Valdres om lag i 1855.

PÅ DEI ULIKE marknadene var det fest og dans og spel.

Det var her spelemannen Karl møtte sitt publikum og der ryet hans som meisterspelemann gradvis bygde seg opp. Folk reiste lange vegar for å høyre han. Ikkje minst fordi han spelte vals, den nye og moderne musikken, europeiske rytmar som hadde vorte svært populære i Christiania og Austlandsområdet på slutten av 1700 talet. Det var i møte med eit danselystent publikum, og lokale spelemenn, at virtuosen Fant-Karl bygde opp ettermælet sitt, eit ry som har halde seg levande heilt fram til i dag.

VALSEN, 1800-talets rock ‘n roll, vart utruleg populær i Europa då Karl Johansen Rosenberg levde, i tida mellom cirka 1775 og cirka 1855.

I dag blir Fant-Karl-valsane rekna som folkemusikk og ein del av den nasjonale kulturarven i Norge. Historia om Fant-Karl og musikken som framleis lever etter han gir eit fargerikt innsyn i ei mangfaldig verd av tradisjon og musikkhistorie.

Historia om Fant-Karl er ei positiv forteljing, om ein profesjonell utøvar og innovatør som tolka den nyaste populærmusikken for impulssvoltne bygdespelemenn og dansarar.

Men like mykje er det historia om ein kunstnar som evna å gripe samtida, som skapte nytt av gammalt. Ei kreativ kraft som utløyste gneisten til skapande endring også hjå andre, der han fòr.

Det er også historia om dei reisande i Norden og Norge. Det er ei forteljing om kulturutveksling og om kjærleiken til musikken, blant romanifolket/taterane så vel som bufaste bygdefolk.

Karl Rosenberg likte truleg ikkje merkelappen «fant» som bufaste nordmenn klistra på han. Paradoksalt nok er dette kallenamnet likevel ein viktig grunn til at slåttane hans har overlevd. Ein kan ein takke den levande feletradisjonen blant ikkje-reisande nordmenn for at musikken etter Fant-Karl framleis lever, og dermed er med på å gi spelemannen og hesteskjeraren Karl Johansen Rosenberg den spesielle plassen som han fortener i historia.

SISTE HALVDELEN av 1900-talet var det ei vanleg oppfatning blant folkemusikkjennarar at det næraste ein kunne koma Fant-Karlspelet var å lytte til spelemannen Hilmar Alexandersen (1903-1993) frå Steinkjer. Hilmar var eit naturtalent og ein av dei store spelemennene i førre hundreåret.

Nils Bakke (1887-1969) frå Nord-Møre var ei viktig inspirasjonskjelde for Hilmar i ungdommen. Hos begge desse er det både slekts– og traderingsliner attende til Fant-Karl, Karl Johansen Rosenberg.

I Fant-Karls tid var det valsen som var i vinden. I dag er det andre takter.

– Fleire av etterkomarane til Karl og Magdalena, og andre i storslekta deira, har livnært seg som moderne underhaldnings– og dansemusikarar, seier Mary Barthelemy. – Vi snakkar om bevisste, kreative musikarar og karismatiske formidlarar med stort hjarta, gode antenner for publikum og teft for musikkens konjunkturar.

To av desse er trekkspelkongen «Kalle Jularbo», Carl Carlsson Jularbo (1893–1966 – Sverige) og trønderrocken personleg, Åge Aleksandersen (f. 1948).

Boka er rikt illustrert med trykk og litografi frå samtida til Fant Karl, med gamle kart, reiseskildringar og praktfulle fotografi frå nyare tid.

– Eg håpar at dei opplysningane eg har samla om Karl Rosenberg, familien hans og reisene deira kan vera med på å gi innblikk i og betre forståing av samtida hans og dei reisande si rolle som kulturformidlarar, seier Mary Barthelemy.

I BOKA ER det også teke med eit rikt utval av musikkeksempel, i hovudsak valsar, som er tekne vare på av fleire generasjonar spelemenn og som er sikra for ettertida både på notar og i opptak. Det finst vel 50 Fant-Karl-valsar i tillegg til ein del hallingar og springleikar.

For kort tid sidan kom CD-utgjevinga ”Fant-Karl – spelemannsarven» som dokumenterer denne 200 år gamle levande tradisjonen. Eit variert utval av livlege, melodiøse slåttar – ja, mest valsar! – som framleis blir spelte i område der ein spelemann og tater med namnet Karl reiste saman med familien sin for mange generasjonar sidan.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:21 | http://www.hallingdolen.no/tema/article88233.ece

annonse
annonse
annonse
annonse