Fredag 30.juli 2010
Elevar frå 6B ved Nes barneskule leikar i leikeanlegget til Hallingdal Museum.
Tømmerfløyting: Ustyrt med fløytehakar i miniatyr får elevane prøve seg på mini-tømmerfløyting.
FOTO: Sigmund Krøvel-Velle

Fritt for plastikk

Bak Staveloftet kan ungane sage tømmer og fare av garde i ein løypestreng. Dei kan sette potet – og ta den opp når den tida kjem. Dei kan fløyte tømmer i ei minifløytingselv – og dei kan gå på piknik.

Fontstørrelse A A A

– Dette er aktivitetar fri for plastikk, seier museumsstyrar Marit Mehlum.

Hallingdal Museum i Nesbyen går nye vegar. Dette friluftsmuseet, som er eitt av dei eldste i sitt slag her i landet, satsar på ekte vare. Nyskapinga som opna i sommar, er stappfull av aktivitetar.

- Stikkorda er leik og læring, seier Mehlum.

Museet har bygd opp ein utandørs temapark. Her kan ungane boltre seg, men erfaringane er at også mor og far blir som ungar når dei kjenner att gamle leikar og aktivitetar.

– Dei vaksne blir like mykje aktivisert, humrar museumspedagog Magnhild Bærøe.

Ho viser rundt i anlegget saman med arkitekt Finn Tore Lindahl. Parken er klar.

Handkraft, eldkraft og vasskraft. Det er kva det i korte trekk handlar om.

ENERGIKJELDER i det gamle bondesamfunnet. I denne delen av parken bak det prektige Staveloftet frå mellomalderen kan ungane setje opp eit minitømmerhus, dei kan sage tømmer, kløyve ved og mykje, mykje meir.

AKTIVITETSHUS. Det ligg nokre få meter unna oppe i bakken. Det er gamle Skåterudmoen skule som er vorte eit aktivitetshus. Her kan ungane bake og steike på ein vedfyrt omn. Ved sida, midt i idyllen, blir det dyrka poteter, grønsaker og urter. Denne delen av parken vart opna i fjor. Ungane fekk vere med på noko så spennande som å ta opp poteter.

– Avlinga vart knallbra, seier Lindahl.

Me ruslar vidare, og enda lenger opp i bakken. Her blir det kornproduksjon i år: – Bygg, seier museumspedagogen.

TØMMERFLØYTING. På veg til brøtningselva kan ein plukke bær og ta ein liten rast for den del. Eit steinkast unna kjem den gamle brøtningselva Rukkedøla buldrande ned frå fjellet. Ei infotavle fortel om Rukkedøla som brøtningselv. Noko av vatnet tek ein liten avstikkar og blir til ein bekk som renn inn på museumsområdet. Her er det laga eit mini tømmerfløytingsanlegg. Her kan ungane prøve seg som tømmerfløytarar. Det er laga ein dam, og med små tømmerhaker kan ungane styre tømmerstokkane nedover elva.

BRØTNING I MINIFORMAT. Her blir ungane forklart korleis tømmer vart frakta før trailerane overtok tømmertransporten.

– Og her får ungane kjenne på kreftene som er i vatnet, seier Lindahl.

Parken er også perfekt for skuleklassar. Eit utandørs klasserom. Museumsstyrar Mehlum er stolt av temaparken.

– Me vil vere oss sjølve. Me har mange tilbod for barn og ynskjer å byggje opp vår eigen «image».

– Kva for ein «image»?

– Det ekte og det opphavlege. Her er ikkje noko «fake». Me tilbyr historisk læring, og ikkje berre rein underhaldning. Me formidlar på vår måte, seier Mehlum.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:08 | http://www.hallingdolen.no/tema/article88231.ece

annonse
annonse
annonse
annonse