Fredag 30.juli 2010

Rakfisksuppe

A A A

Dette treng du:

  • Rakfisk
  • Lauk
  • Sellerirot
  • Purre
  • Fløyte
  • Smør
  • Mjølk
  • Graslauk

Bruk alt avskjer frå rakfisken som basis til suppa. Ha avskjeret (bein og skinn) i ein kjele, og fyll på med kaldt vatn. Ha i gulrot, lauk, sellerirot og purre i terningar og la dette koke saman i 30 minutt.

Sil krafta. Spe krafta med fløyte, juster mengda slik at saltsmaken blir passe. Smak.

Kok opp og jamn med smør og mjøl. Smak til med pepar (bruk ikkje salt). Ha strimlar av purre, gulrot og sellerirot i suppa rett før servering, slik at dei blir møre før servering.

Del rakfisken i ca 5 mm tjukke skiver, og legg dei i suppetallerken.

Hell kokande suppe over, og dekorer med finkutta graslauk.


Frode
Hallingstuene

Sjå reportasjen om Hallingtapas på "God morgen Norge" på TV2.

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:06 | http://www.hallingdolen.no/tema/article62804.ece

annonse
annonse
annonse
annonse