Dette treng du:
- Røykalaks frå Tamt & Vilt
- Potetlefse
- Stølsrømme
- Friske urter: graslauk, kjørvel, basilikum
- Sitronsaft
Start med urtekrem. Stølsrømme blir best.
Finhakk urter med graslauk, kjørvel, basilikum eller anna.
Bland urter og stølsrømme saman med pressa sitronsaft og smak til med salt og pepar.
Smør kremen ut over potetlefsa og legg eit teppe med finskoren røykalaks over.
Rull til sylinder og del i fine bitar, ca 2 cm.
Set bitane på høgkant på serveringsfatet.
Pynt gjerne med graslauk.
Tips ein ven
RSS
KONTAKT OSS


