Fredag 30.juli 2010
Erik Solbakken Hemsedølen som har trollbundet hele barne-tv-Norge. I fem år har 25-åringen jobbet med tv, barn og unge på NRK. Og han har slett ikkje tenkt å gi seg med det fyrste. Kvar laurdag kan du sjå han på NRK1 sitt program
Erik Solbakken frå Hemsedal er programleiar i NRK.

Fekk kremjobben

Ingen har kyssa så mange i NRK som hemsedølen Erik Solbakken.

Fontstørrelse A A A

LANG, TYNN og i lilla bukser tek han imot oss i NRKs resepsjon på Marienlyst. I eit bygg med eit virvar av snarvegar, dører og gangar. Men Erik er lommekjend. Etter ein lang spasertur er me i Krem Nasjonal sitt studio. Staben pustar ut etter ein heftig opptaksdag med mange ungar. No er det berre to ungar att. Dei faste programleiarane Signe og Magnus. Siste kommentarane blir tatt opp for denne dagen. Erik og barna kan tre av. Det populære barne- og ungdomsprogrammet på NRK1 er siste prosjektet til hemsedølen som er vorte rikskjendis og kjent som NRK-kyssaren.

OPPVEKSTEN på ein gard i Hemsedal, i lag med tre sysken, var ein god skule. Erik har alltid vore full av skøyarstrekar og fargerike påfunn. Kreativ, som det heiter på fint. Kreativiteten får han leve ut i NRK-jobben. Slik sett har han fått ein jobb «Midt i smørauge».

Men eplet fall litt lenger unna stammen på det musikalske området. Foreldra har i ei årrekkje drive Hemsedal Barnegospel. Musikk har og har alltid hatt ein sentral plass i kvardagen. Men Erik meiner han ikkje fekk utdelt noko særleg på dette området. Rett nok spelar han litt saksofon. Ja, han har til og med spelt solo på fleire av barnegospel-cdane til Hemsedal Barnegospel.

– Men heilt ærleg, dei var nok veldig greie som let meg spele, ler han.

Difor fekk både vener og familie nesten sjokk då dei høyrde at han skulle synge i TV-programmet «Beat for Beat».

Attpåtil to gonger. Å sitje rett opp og ned og synge ville aldri ha fungert for Erik. Så «Beat for Beat» vart til parodiering og parykk.

Men Erik nøydde seg ikkje med Bit for bit-stuntet. Nyleg laga han Kyssesangen der han kyssar fleire av arbeidskollegaene i NRK. Songen og kyssinga kan ein sjå og høyre på nettstaden YouTube. Erik sjølv skrattler av heile videoen. Det same gjer kollegaene hans. Karen Marie Ellefsen, Arne Scheie, Dan Børge Akerø, Jon Gelius, Ingerid Stenvold – alle er med på Kyssesangen. Til og med systera til vaktmeister Narvestad i Borettslaget og tidlegare formannskapssekretær i Hemsedal, Sissel Forslund, fekk eit velfortent kyss.

– Kva fekk deg til å kysse alle desse menneska?

– Eg laga songen for å syne kor glad eg er i arbeidsplassen min. Rett og slett, smiler han.

3000 arbeidsplassar er det i NRK-systemet. Og skravlesjuk som han er, har Erik mange faste han skravlar med i gangane. Hemsedølen trur han kunne brukt heile arbeidsdagen berre på å gå rundt og preike med folk. I karakterboka var det alltid ein kommentar om skravlesjuka.

– Ein lærar sa at eg skravla så mykje at det kvalifiserte til TV-jobb, humrar hemsedølen. Læraren fekk rett.

PÅ TV FRAMSTÅR lysluggen frå Hemsedal som både mild og snill. Men taggeinnslaget i humorprogramet Krem Nasjonal i haust utløyste sjåarstorm. Ikkje minst frå dei kristne miljøa. Erik fekk til og med foreldra på nakken.

Sædfuck var eit av dei fyrste orda som vart tagga i Norge. Den 23 år gamle graffitien på betongbrua ved Bøler T-banestasjon har fått kultstatus med eiga Facebook-gruppe. Graffitien blir stadig restaurert, sjølv om den er prøvd fjerna mange gonger. At Solbakken tagga sædfuck i eit barne-TV-program, vart for sterk kost for mange foreldre.

– Det var ein tabbe. Eg likar i eigentleg ikkje stygge ord. Så blir eg plutseleg «stygge-ord-kongen», seier han oppgitt og legg til;

– Sketsjen vart for avansert for barn. Krem Nasjonal har nok også eit yngre publikum enn programmet er retta mot. Men som sagt – det var ein tabbe. Heretter vil sendingane vere frie for stygge ord, lovar Erik som helst vil legge debatten død. Å bli hugsa for ordet sædfuck, er det siste han ynskjer. Dessutan skyr han konfliktar.

Journalistkarrieren starta i Radio Hallingdal. Der gav radioredaktør Knut Medhus Erik og ein kamerat store oppdrag. Mellom anna fekk dei intervjue band som «Faithless» og «Hello» på fjellrock-festivalen i Hemsedal.

– Me strekte mikrofonen opp på scena og ropte: «Can you say you are listening til Radio Hallingdal», flirer Erik, som også har jobba på Forsvarets mediesenter.

Men etter eitt år ved journalistutdanninga i Volda hoppa han av. Sommarjobben i NRK «balla på seg». Det skulle syne seg å bli eit godt val. No har han vore knytt til kanalen i fem år. Han har laga barne-TV, NRK-Super, vore på Sommermorgen, Julemorgen og Superqviss. Og han likar framleis å leike. Erik er ein av tre tekstforfattarar som skriv manus til barne- og ungdomsprogrammet Krem Nasjonal som har gått kvar laurdag. Eit program med mykje tøys, tull og fjas. Det hender også han er på skjermen i dette programmet som skal gå fram til hausten. Kva han skal gjere vidare i NRK, vil han ikkje røpe.

MEN DET VAR ikkje journalistikken han tenkte på då han trødde barneskorne i Hemsedal. Derimot ville han bli fotballproff.

– I dag nøyer eg meg med bedriftsfotball. Men ein skal aldri si aldri. Eg drøymer framleis om at eg skal bli oppdaga av ein talentspeidar, ler Erik. Men om han er ærleg, held nivået knapt nok for 7. divisjonsfotball i Hemsedal.

Langrennsløpar var også noko han såg for seg.

– Dessverre gjekk eg samstundes med dåtidas beste 14-åring, bestekompisen min Gunnar Kristiansen. Sekundanten stod på bakketoppen og ropte: «Kom igjen Gunnar. Du leier med to sekund». Då eg kom til syne i løypa, var det meir trøystande: «Kom igjen Erik. No er det ikkje langt att til mål», smiler han.

Også volleyball prøvde han seg på. Hemsedal har gode tradisjonar på dette området og kompisane møttest ofte for å spele.

Dette tende eit nytt håp. Kanskje volleyball var noko for unge Solbakken. Men håpet slokna då landslagssjefen uttrykte at det var lettare å gjere ein lang spelar god, enn ein god spelar lang. Erik såg seg ikring og måtte innrømme at dei fleste var langt høgare enn han sjølv.

Konkurranseinstinktet er likevel stort. Når han vinn, for eksempel i kortspel, kan det bikke over til det usympatiske i det han brølande syng «We are the champions» eller «The winner takes it all». Han er heller ikkje kjend som sympatisk tapar. Motparten må finne seg i grundige analyser av resultatlistene.

Erik er i det store og heile ei uroleg sjel. Å sitje stille passar han dårleg.

Etter fleire mislykka forsøk på å bli idrettsstjerne, enda han opp som flugefiskar. Ja, han har til og med delteke i VM i flugefiske – som 14-åring.

– Men det var ikkje mange deltakarar, altså. Og det var nabo Tor Grøthe som drog meg med. Men dette var nok fyrste og siste gongen eg representerte Norge i ein internasjonal konkurranse, legg han lattermildt til.

– Og i dag er flugefiske rekreasjon?

– Tja. Men om fetteren min frå Oslo får fleire fiskar enn meg. Ja, då er me i gang, ler han.

I STARTEN TENKTE Erik at han skulle snakke halling på barne-TV. Men det vart berre komisk. Kort og godt fordi han aldri har snakka dialekt. Sjølv ikkje etter at mora hans tilbaud han 500 kroner. På barne-TV prøvde han seg med raud genser, vatn og ikkje sant. Men så fort han vart litt ivrig, var det attende til bokmål. Og ivrig, blir han ofte. I tillegg har han snakketøyet i orden.

Likevel – etter fem år i Oslo er han vorte ganske så patriotisk til Hemsedal. Han likar godt å koma heim til mor og far og nyte godt av servicen, som han seier. Så snart han har høve, blir det ein tur til heimbygda. Men jobben kjem til å halde han i Oslo i mange år framover.

– Eg er vorten hallingurban. Det betyr at eg ikkje lenger ler av kaffi latte. Men eg vil alltid sjå på meg sjølv som hemsedøl, sjølv om eg ikkje seier raud eller vatn. Og om nokon ropar Gospelbakken etter meg, ja då veit eg at det er hallingar i by`n.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:05 | http://www.hallingdolen.no/tema/article110178.ece

annonse
annonse
annonse
annonse