Pionér på telemark
Det var amerikanaren Duff som lærte hallingane å køyre telemark.
MIDT PÅ EIT JORDE i Ustedalen og i god avstand til naboar ligg eit tømmerhus. Plassen heiter Mofeten. På folkemunne blir stugu kalla «Huset på prærien». I snart 30 år har Duff budd her. Tidvis med sambuar Simone og sonen Sondre. Dei siste åra åleine.
Stugu er full av bøker og historie. Sjarmerande og enkelt utstyrt. Duff har ikkje innlagt vatn og likar seg på utedo.
Livet kunne vore enklare, ein kommunal vassleidning går berre nokre meter forbi husveggen, men Duff har det slik han vil ha det. Litt slit i kvardagen er bra, meiner han. Vedfyring gir varme fleire gonger; hogging, kløyving, bering og omnsvarme.
DUFF KJEM FRÅ Rocky Mountains i Colorado. Han heiter Keith Sheldon, men svarar berre på Duff. Ski og snø har vore yrke, hobby og livsstil. Til Norge kom 66-åringen tidleg på 70-talet, som skiinstruktør hjå Arne Palm på Slåttajordet. I ledige stunder tok han av seg slalåmskia, spente på seg gamle treski og var berre utstyrt med lærsko og ein trestav i nevane. Med store klassiske telemarksvingar suste han nedover løypene. Det var eit oppsiktsvekkjande syn. Ein stil som fengja mange og spreidde seg raskt. Både bygdefolk og turistar kasta seg på telemarksbølga.
– I Norge vart telemarkkøyring på kort tid motkultur. Mot utstyrshysteri og strenge treningsopplegg. Det var ski og leik som var viktig. Sjølv køyrde eg på treski i starten, utan stålkant til og med. Det var Bonna 800. Dei gamle treskia til Arne Palm, seier Duff.
TELEMARK VART raskt populært på Geilo. Det fyrste rennet var i 1983. Det fyrste norgescuprennet i Halsteinsgardløypa i 1984. Duff preparerte 16 skipar natta før, bygde hopp og deltok. Han var så sliten at han krasja med ein bergensar i løypa. «Sist sundag vart det fyrste telemark-rennet arrangert i Halsteinsgard-løypa på Geilo. Arrangør var «Telemarkgjengen» på Geilo i samarbeid med Norges Profesjonelle skiinstruktørforbund», skreiv Hallingdølen torsdag 2. februar.
Det vart etter kvart fleire meir eller mindre formelle telemarkrenn. Duff var alltid med. Han reiste rundt med ein stor lavvo. Den fungerte som hotellrom og smørebu. Særleg var det viktig å ha konkurrentane i teltet kvelden før, i håp om å få dei i høveleg ulage til dagen etter.
1987 var ein ny milepæl i norsk skihistorie. Det fyrste uoffisielle VM i telemark vart arrangert i Hemsedal. Idrettslaget i Hemsedal var teknisk arrangør. Duff var med som dommar. Han har framleis invitasjonen på eit A4-ark. Rennet vart avvikla som parallellcup med to løparar på kvar stav. «Staven må holdes av begge gjennom hele løpet, også gjennom reiplykkja». Telemarkkøyrarane var kjende for å vera rause: «Premiering for alt mogleg», står det nederst på invitasjonen.
– Det vart diskusjon i Hemsedal. Franskmennene og amerikanarane var ikkje vane med hopp og reiplykkje. Dei stilte med plast- og blekksko, utanpå lærskoa. Etter forhandlingar vart me einige om å droppe reiplykkja, men fekk med hoppet. Etter det rennet såg eg kva som ville hende med telemark. Eg skreiv brev til FIS. Me måtte ha med hopp, reiplykkje og ein oppoverbakke. Dermed måtte utøvarane ha eit lett utstyr på seg. Det var jo heile ideen med telemark, og det har vore mitt mantra, seier Duff.
DET VAR HEIME I USA renessansen for telemarkkøyring starta, og det var der Duff lærde seg kunsten.
– Mitt fyrste møte med telemark var i Steamboat Spring i Colorado seint på 60-talet. Eg var på ski med Kristine frå Sverige. Ho hadde på seg treski utan stålkantar. Eg tenkte at dette kan umogeleg gå bra. Plutseleg skar ho til skogs med ein skistil eg aldri hadde sett før. Ho «dansa» gjennom skogen og venta på meg i botnen av bakken. Det var heilt rått.
Nokre år seinare fekk han igjen nærkontakt med telemarksvingen. Ei gruppe skilærarar og fjellfolk frå skidestinasjonen Crested Butte kom til Duff si heimbygd Breckenridge for å køyre telemarkrenn. Dei to bygdene skulle konkurrere i det Duff meiner kan ha vore det fyrste organiserte telemarkrennet. Året var truleg 1975. Karane frå Crested Butte hadde på seg hjelmar, knebeskyttarar og køyrde med stålski.
Dei var gode. Det var miljøet i Crested Butte som var fyrst ute. Boka «Come ski with me» av Stein Eriksen hadde inspirert dei. Der er det eit bilete av Marius Eriksen, far til Stein Eriksen som gjer ein klassisk telemarksving.
– Fotografiet sette i gang det heile, forklarar Duff, og viser fram eit svartkvitt foto av ein mann i laussnøen.
SKIINTERESSA FEKK DUFF inn med morsmjølka. Det same gjaldt dei seks søskena hans. Dei vart alle bergtekne av ski og fart. Det var far som tok dei med.
– Me vart vel eigentleg meir eller mindre skigale alle saman, smiler Duff, men han blir også blank i auga. Skilivet har kosta. To av brørne omkom i snøskred under frikøyring. Brian i 1978 i staten Washington og Dougo i Colorado i 1982. Duff snakkar engasjert om sikkerheit og førebyggande tiltak. Dei siste kveldane har han sett på nokre frikøyrarar som har køyrt ned Eimeheii, ikkje langt frå der han bur.
– Dei er kanskje dyktige på ski, men dei har ikkje greie på farane. Domskap og uvitenheit rår. Underlaget no er som skapt for snøras, seier Duff.
Dei siste åra har han gått mest på langrennsski, men har ikkje brent bruene til telemarksvingen. Kroppen er framleis rask og lett. Sjølv om han nærmar seg pensjonsalder har han kjøpt seg nybrukte telemarksutstyr. I fjor køyrde han både i Aspen, Telluride og Breckenridge.
VEGEN FRÅ BRECKENRIDGE til Mofeten i Ustedalen var lang. Duff har bak seg eit omflakkande liv. I sju år var han på farten.
Han reiste frå USA for å sleppe Vietnamkrigen. Det enda med ein stor runde i Europa, via både Alpene, Shetland og bryggearbeid i Bergen, før han gjekk inn for landing på Mofeten. På Geilo er han godt kjent for mange. Forutan å ha vore skiinstruktør, var han ansvarleg for å byggje opp skipatruljen på Geilo – og han var med på å starte skibarnehage i Vestlia.
For tida arbeider han deltid ved Ustedalen Hotell. Men når månen står i rett posisjonen ynskjer han seg til austen. Nokre månader i året i varmare strøk fortener han, seier han, men fyrst må månen stå riktig på himmelen.
– Eg er ikkje buddhist, men likar buddhismen godt. Respekt for liv er grunnleggjande, seier Duff som også uttrykkjer stor sympati for antroposofien. Han har arbeidd ved steinerskular i både Sveits og Bergen.
DET ERGRAR Duff at telemark aldri vart OL-grein.
– Eg ville at telemark skulle bli OL-grein på Lillehammer i 1994. Mange arbeidde for det, men det gjekk ikkje.
– Kvifor ikkje?
– Fordi me var «the silent majority». Ein dag vil det kanskje skje. «The return of the telemark». «The big telemark-movement», seier Duff på hallingengelsk, slår neven i bordet og smiler. Sjølv om telemark ikkje kom til Lillehammer, prega han arrangementet på sin måte. Då OL-elden vart tent i Morgedal var det Duff som bygde hoppet «Sondre Norheim» hoppa på. Kringkasta til millionar av tv-sjåarar verda rundt.
I STADEN FOR TELEMARK vart snøbrett ny OL-grein i 1994. Duff ristar på hovudet. Han legg ikkje skjul på at han syns snøbrett er «uharmonisk». Men twintipski er betre enn snøbrett og ingenting er betre enn telemark. Alt du treng er gode allroundski; gå til topps, køyr ned, innom eit hopp og ein runde i reiplykkja, det er skikøyring.
– Når eg såg nordmenn i Norge i skiløypene på 70-talet som bar tynne langrennsski nedover løypene skjønte eg at noko var gale. Både med ski og folk.
Medan Duff ventar på ein ny telemarkrenessanse, ser det ut som han har det bra på Mofeten. Han er nærmaste nabo til vikingplassane på Fekjo og lever på historisk grunn. På vikinggrunn.
RSS
KONTAKT OSS


