Heiv seg på telemarksvingen
Ruud-brørne frå Ål er framleis kongane av Galdhøpiggen.
LAGINNSATSEN TIL Ruud-brørne i Galdhøpiggrennet står framleis som noko av det råaste. Sju år vann Bjørn, Jan Egil og Geir Ruud Galdhøpigg- rennet i fjelltelemark.
– Me vann seks år på rappen. Det fyrste i 1988. Så tok me to andreplassar, så vann me att – og la opp på topp, fortel Jan Egil Ruud. Han kallar rennet rett ned landets høgaste fjell for eit villmannsrenn.
Då brørne køyrde Galdhøpiggen var det berre lov å bruke smale ski og låge støvlar. Bjørn, Geir og Jan Egil hadde dei største sigrane på skaraføre.
– Me var best på hardt underlag. For å køyre utover Galdhøpiggen på smale telemarkski måtte ein nok vera litt vill i hovudet, oppsummerer Jan Egil.
– NÅR DU ER REDD er du også topp fokusert. Derfor var det om å gjera å køyre nesten 100 prosent. Dessutan er det viktig å koma fort ned. Jo kortare tid, jo mindre slitne vart me, seier Jan Egil. Ruud-brørne var godt trente alpinistar.
– Men alle rundt oss starta med telemark. Me såg dei hadde det moro. Telemarkklubben på Ål fekk namnet Villom. Heile familien min deltok i klubbarbeidet. På det største var Villom den tredje, største telemarkklubben i landet.
DET FYRSTE telemarklaget var truleg Kløverteam på Geilo.
– Me var tidleg ute. I konkurranse gjekk det ikkje alltid så fort med oss, men me satsa stort på stil og flotte hopp, forklarar Greger Faye i Kløverteam. Dei fire kameratane frå Sudndalen, Hol og Geilo skaffa seg blant anna like anorakkar. Som telemarkpionerar var dei blant dei fyrste.
Tidleg ute var også Lars Kvamsø og Kjell Audun Aasen.
– Eg hugsar me heiv oss utover Holsåsen. Me visste ikkje at det var ein sport i utvikling i USA før me trefte på Duff i løypene på Geilo. Etter kvart vart me meir bevisst. Telemark vart tatt inn i løypene og det vart arrangert treff, seier Kvamsø som leverte fleire sterke resultat.
DET HAGLA MED meir eller mindre gode lag og utøvarar. Frå Hol dukka det opp ein sosial gjeng som kalla seg Puddingkillers.
– Me fokuserte på å fylle resultatlista, seier Erik Kaupang. I dag er han ordførar i kommunen. Saman med Sven Kåre Anfinset, brørne Torgeir og Jon Bryøen, Sander Lilleslett og Jørn Kleven reiste dei rundt på telemarktreff, mest for hygge.
– For oss var det moro, og eit spark i leggen til dei som stilte i kondomdress for å køyre telemark. På tidleg nittital var telemarksporten i ferd med å bli temmeleg straumlinjeforma, seier Kaupang.
Puddingkillers eksisterer framleis på resultatlistene. Ein ny generasjon høværingar har adoptert namnet.
RSS
KONTAKT OSS


