Eventyrslottet Villa Leveld
Gerhard Munthe var så imponert over Leveld at han døypte huset sitt på Lysaker for Villa Leveld.
I DAG ER Villa Leveld borte. Huset vart totalskadd i ein brann i 1981. Det staslege eventyrslottet til Gerhard Munthe ved Fornebu fekk ein trist slutt. Men i dei over 80 åra huset fekk stå, var det eit syn og eit landemerke. Inspirasjonen til namnet Villa Leveld fekk Gerhard Munthe på turane til Hallingdal. Til Ål kom han for fyrste gong i 1890.
– Då budde han hjå kjøpmann Nielsen på Sundre, i det som seinare vart kalla Fjellheim-huset. Munthe måla den gongen mange motiv frå Ål, blant anna det store friluftsbiletet «Fra Hallingdal» frå garden Hus. Måleriet heng i dag på Holmenkollen Park Hotel, forklarar forfattar og målar Nils Ellingsgard, som har skrive boka «Hallingdal i biletkunsten».
– Kvifor kalla han huset for Villa Leveld?
– På hausten i 1890 reiste Munthe til Leveld. Då var haustfargane på det sterkaste, og ein imponert Munthe omtalte Leveld for «Lauveld», fortel Ellingsgard. Han har også lese dagbøkene til Munthe. Der er det oversikt over reiserutene. I Ål var han både i Kvinnegardslia, Vats – og Leveld. Særleg likte han hallingfargane, som Munthe meinte uttrykte noko opphavleg norskt. Fargane fann han i åklevev og i rosemåling.
GERHARD MUNTHE sette opp Villa Leveld saman med den 20 år yngre kona Sigrun Sandberg – som seinare vart kona til nabo og polarhelt Fridtjof Nansen. I 1899 flytta Gerhard og Sigrun inn i Villa Leveld. Huset var teikna av Munthe sjølv. Han ville vise korleis ein heim kunne vera intim, hyggjeleg og «norsk», med enkle grep. Munthe hadde ein nasjonal smak, som han kopla med inntrykk frå gardshus og embetsmannsheimar.
– Fargane i huset var viktig for Munthe. Det var blåe vegger og hallingraude møblar, fortel Ellingsgard. Forstugu var måla i gult, kvitt og grønt. Spisestova i gult, blått og kvitt. Stolane raude, med gråkvite ryggfelt med ulik dekor. Golvet var kvitskura. Atelieret var største rommet i huset og kvitmåla. Huset var møblert med antikvitetar og åkle. Sigrun vov, jernomnar og peisar gav varme. Det var eit eventyrhus. Nabo og målar Erik Werenskiold skreiv i eit brev at «det er pent hos sig – det stråler nesten for meget af farver». Erik Werenskiold var sjølv i Leveld, og teikna blant anna den gamle låven på Oleivsgard.
VILLA LEVELD PÅ Lysaker vart eit kultursentrum. I nabolaget var Munthe i godt selskap.
– Forutan Fridtjof Nansen budde kunstnarane Erik Werenskiold og Eilif Petersen der, og i den såkalla Lysakerkretsen er det vanleg å rekne Harriet Backer, Kitty Kielland, Moltke Moe og Nordahl Rolfsen. Kunstnardalen i Asker høyrer også med under Lysakerkretsen. Der budde Tilla og Otto Valstad, Arne og Hulda Garborg, Rasmus Løland, Kristoffer Uppdal, Oskar Braathen og Johan Bojer. Felles for alle var at dei ville styrke Norge som nasjon, bygge samfunn og fremja tradisjonell norsk kultur. Det var ei samling framståande kunstnarar, sjølv om Christian Krohg kalla kretsen for «de kulturelt engstelige», forklarar Ellingsgard.
Det fyrste huset til Fritjof Nansen kalla han for Godthåb. Det var sterkt inspirert av Villa Leveld. Etter kvart vart Godthåb for lite for Nansen, då bygde han herskapelege Polhøgda, framleis i same nabolaget på Lysaker.
ARKITEKTEN Magnus Poulssen har skildra Villa Leveld, Poulssen teikna blant anna Oslo Rådhus: «Leveld, det hjem som Munthe for mange år siden – efter egne tegninger – bygget seg ute på Fornebulandet, utfyller på mange måter bildet av den store mester. Den gule bygningen inne i haven med det vesle røde uthuset skutt fram mot innkjørselen og veien er et stykke boligkunst av rang. Selve huset ligger stillferdig og nydelig innunder den lille mørke skoghaugen som luner mot øst. Hovedinngangen ligger på husets langside mot syd – inn fra den vakkert utformede forhaven. Det er altså ikke den vanlige planløsning, at man kommer inn over en nordvendt gruset gårdsvei».
«Haven, som for Munthe betydde så uendelig mye, er bevisst trukket inn. Gjennom den – som en forstue – var entreen til huset. Her fikk man inntrykket av sommerens hele blomsterprakt, av høstens sterke farger med rødt og gult i de løvrike kroner. Men også vinteren med sitt rene hvite dekke av snø ga det sin tone. Haven var vakkert beplantet og knyttet seg som den naturlige ramme til bygningene. Det var i sannhet et trivelig hjem. Utefra – men ikke mindre inne. Den solfylte gule forstuen med de grønne møbler, den knallblå spisestue med de røde stolene langs veggene og så de høyre hvitmalte atelier med alle bildene. Det var fest å tre over dørstokken på «Leveld». Blant innboet var mange, vakre ting. Men de slutte seg på ein selvfølgelig måte til alt det nye. Dette hjemmet var ellers helt og holdent et uttrykk for vår tid. Det var bygget på tradisjon, men ingenting fra gammel tid var etterlignet. Ikke en detalj var gjort etter. Det var den selvfølgelige og intime ramme om Munthe selv.»
POULSSEN SKRIV også om kor viktig Hallingdal var for Munthe: «Munthe hadde også gjennom sine mange reiser på landsbygden her hjemme lært land og folk å kjenne. Han elsket Hallingdal med den glade, farverike bondekunst. Her – i Torpo stavkirke – fikk han også se de gamle praktfulle middelalderdekorasjoner som han satte umåtelig høyt og som fikk betydning for hans egne dekorative arbeider. Etterligning av tidligere tiders kunst var Munthe en vederstyggelighet. Det helt moderne – det som var naturlig uttrykk for vår egen del – lå hans hjerte nær», skreiv Poulssen.
Då budde han hjå kjøpmann Nielsen på Sundre, i det som seinare vart kalla Fjellheim-huset. Munthe måla den gongen mange motiv frå Ål, blant anna det store friluftsbiletet «I Hallingdal» frå garden Hus
RSS
KONTAKT OSS


