Vil bygge kunstnartun
I Leveld er ei arbeids- gruppe i gang med å byggje eit kunstnartun.
DET ER DEN uvisse lagnaden til Bjørneboeloftet som har utløyst arbeidet. Loftet som forfattaren fekk sett opp hjå Nils Bergaplass på 50-talet, må flyttast. Festekontrakten har allereie gått ut.
– Me arbeider med å få til ei løysing slik at loftet framleis kan vera i Leveld, og me er på overtid, seier Therese Bjørneboe. Ho er dotter til Jens Bjørneboe og ynskjer at loftet og kulturminnet framleis skal få stå i Leveld. Initiativet har sett lokale krefter i sving. Tanken om eit kunstnartun har kome opp.
– Med bakgrunn i alle kunstnarane som opp gjennom tidene har vore i Leveld, ynskjer me å byggje opp eit kunstnartun. Der tenkjer me at Bjørneboeloftet kan vera ein del av bygningsmassen. Tanken er å byggje ein plass der kunstnarar skal få arbeide og bu, og der ein kan gjennomføre ulike seminar for folk som er interessert i kunst og kultur, forklarar Eldgrim Springgard i arbeidsgruppa.
– På den måten ser me ikkje berre bakover i tid, men også framover, seier han.
– LOFTET BURDE kunne brukast både for enkeltpersonar, for to, eller kanskje ein liten familie. Det vil alltid vera kunstnarar som er interessert i natur og lys. Det er no ein gong basic i norsk målarkunst, seier Therese Bjørneboe. Ho legg til at loftet sjølvsagt også kan vera skrivestugu.
– Kor viktig var Leveld for Jens Bjørneboe?
– Me finn mykje om Leveld i epistlane til far, og i diktet «Til meg selv på 35-års dagen». Han fabla nok ein del med «Jonas» medan han var her. Eg meiner Lisel sitt forhold til Leveld er like interessant. Ho brukte loftet og Leveld til ut på 80-talet. Me veit at ho var svært viktig for far. Det var ho som førde han inn i antroposofien. Dei to reiste saman rundt i eit utbomba Tyskland. Lisel kjende den tyske mentaliteten både før og etter det tredje riket, og ho var sterkt kritisk, seier Therese.
BJØRNEBOELOFTET framstår akkurat slik som då Bjørneboe sjølv brukte det.
– Dei nyaste gjenstandane i loftet er frå 1960. Derfor er bygningen også eit godt tidsbilete, seier Therese Bjørneboe.
– Kor langt har de kome i arbeidet med kunstnartunet?
– Me vurderer ulike tomter no, seier Springgard.
– Me fekk økonomisk støtte frå Ål kommune på 80.000 kroner til eit forprosjekt, og me kan vel seie me er i slutten av ein idefase. Framleis står det mykje att. Sjølve flyttinga av loftet vil ha ein kostnad, dessutan skal eit slikt tun driftast og finansierast. Det veit me førebels lite om, seier Springgard.
RSS
KONTAKT OSS

