– Håvard er ein løpar du berre kan drøyme om
Peter Mueller elskar raske båtar, raske bilar – men aller mest raske skøyteløparar. Ein dag skal dei bli best i verda. Den dagen bør koma i OL-sesongen.
EIT KVARTER for seint hastar han ut av Volvo`n med to liter Cola under armen, og viser venleg, men heseblesande veg opp i leilegheita der CNN spyttar nyheiter framfor stovebordet som er oversvømt av treningsprogram. Sofaen er ikkje reidd opp etter natta. For det er her han søv, på sofaen.
Han hoppar ut av slippersane og slepp den store kroppen under det lange karakteristiske håret ned i godstolen og set beina i kors mens overleppa buler av ein skikkeleg pris med snus.
PETER ALAN MUELLER. Født i 1954 i Madison, USA, olympisk meister på 1.000 meter og entusiastisk norsk skøytetrenar. Hjernen bak Håvard Bøkko.
– Håvard er ei Guds gåve, smiler han, og legg håret bak øyro.
Han har brukt mange store ord sidan han overtok skøytelandslaget i 2003. Det var kanskje ikkje så lurt å seie at nordmennene skulle tapetsere premiepallen og at nederlendarane måtte begynne å trene om natta om dei skulle ha ein sjanse. Mueller er ikkje redd for å fyre av. Derfor har han også sine kritikarar.
– Eg er her for å få resultat, ikkje for å få vener, parerer han, og smiler.
Han smiler ikkje når eg bringer namnet Claudia Peckstein på banen, den tyske meisteren som har trent med Mueller og det norske landslaget – og som no er teken i doping.
– Det vil eg ikkje kommentere, seier han, og blir alvorleg for første gong.
Peter Mueller er ein fargeklatt. Tøff i stilen, frisk i kjeften og med sedvanleg amerikansk tru på det han driv med. Han er vorte sparka – men er kvar gong raskt tilbake på isen.
– Eg ser meg ikkje om etter jobb, eg blir spurt, seier Mueller.
– Alle gode trenarar er vorte sparka. Eg vart sparka sju månader før eg fekk telefonen klokka elleve ein kveld om eg ville bli norsk landslagstrenar, det var ei gåve frå Gud å kome hit.
HAN HAR TRENT amerikanarane Bonnie Blair og Dan Jansen til olympisk gull. Han har trent nederlandske toppløparar som Gianni Romme og Jan Bos, og han gifta seg med ein av løparane sine, Marianne Timmer. Det er over, men Mueller rappa til i ei bok om livet i Nederland.
– Det vart litt personleg også, seier han, og rekkjer meg boka. Men pytt, pytt.
– I Norge passar løparane på kvarandre, dei elskar kvarandre. I Nederland elskar dei også kvarandre, men mentaliteten er slik at dersom du slår meg så «piss off».
– Huff, da?
– Dei drep deg om du ikkje har suksess. Det er trenarane og andre som får skulda. Eg likar meg verkeleg her, seier han og ser svært tilfreds ut.
Han verkar som ein godsleg bamse der han sit. Ikkje den Peter Mueller me ser som sklir baklengs på skøytene på vekslingssida og skrik «Go, go, go, Håvard», og «you are not tired» til ein gjennomsliten løpar. For han veit kva han vil, han vil bli best. Det er det som tel. Førebels manglar prikken over i -en som norsk trenar.
Kritikarane passar på å framheve det. Men han har Håvard Bøkko. Utan han ville dei kritiske røystene for lengst fått vatn på mølla.
– Mange trudde eg var gal då eg tok Håvard inn på landslaget. Han var jo berre 16 år. Men eg såg potensialet, slik eg ser potensialet til systera hans, Hege. Hege vil overraske verda. Ho hadde ikkje power, no er ho mykje sterkare og ho er teknisk bra.
HOLINGANE er i det heile gode å ha for Mueller. Han ventar seg mykje av Christoffer Fagerli Rukke også.
– Han er mykje sterkare, går bra på skøyter og har god psyke. Han vil få ein stor sesong, seier Mueller, og brukar som vanleg brei penn.
Men det er eit monster der ute. Sven Kramer.
– Me har hatt suksess, utan Kramer ville me ha hatt meisteren. Men me kjem nærare. Skuldra til Håvard er betre enn nokon gong, no er den festa skikkeleg med skruar, seier han og viser kor grove dei er.
– Eg trur ikkje Kramer vil ha ein sjanse på 1500 meter mot han. Håvard vil overraske både på 1500 og 1000 meter.
– Men kva er det eigentleg som skil dei?
Han forklarar. Kramer har hatt ein betre aerob base. Han er meir uthaldande, fordi han begynte å trene tidlegare. Han er også eitt år eldre enn Håvard. Faren hans var ein god skøyteløpar, og han pusha han fram.
– Men 2010 er ÅRET for oss. Eit perfekt år.
Nedturane som han har opplevd, ikkje minst i Torino-OL, har ikkje knekt sjølvtilliten. Mueller er på hogget som aldri før.
– Håvard er ein løpar du berre kan drøyme om. «I love him», han klagar aldri. Og stiller aldri spørsmål om det me gjer er dumt. Eg høyrer aldri at «dette vil eg ikkje gjere». Og han har alltid eit smil om munnen.
– Kva er det med holingane?
– Dei bur høgt over havet og har mykje frisk kluft. Dei går i fjella og er vane med å drive fysisk aktivitet.
– Håvard spring isolert sett ikkje fort, han er ingen Hushovd på sykkelen og ikkje vektløftar. Men det er når du set dette saman at du får skøyteløparen. Han kunne bli god i andre idrettar også. Heldigvis er det skøyter som han likar best.
EG DRISTAR MEG frampå golvet. Spør om det ikkje er slik at Kramer har eit teknisk forsprang. Eg doserer om den lange vegen, at Kramer brukar meir is og såleis får lagt meir tyngde bak kvart fråspark fordi han får heile overkroppen over beina når fråsparket kjem. Nordmennene går meir rett fram. Mueller følgjer meg med augo mens eg sklir rundt på stovegolvet hans. Eg ser at han grin litt på nasen.
– Håvard gjer ein mellomting.
Eg nikkar. Han går ikkje typisk norsk, og han brukar ikkje like mykje is som Kramer, men ...
– Eg veit kva som er best for oss!
Mueller avbles diskusjonen.
I 1968 sat ein skøyteinteressert 14-åring og såg på sommar-OL i Mexico. «Eg vil også vinne gull», sa guten. «OK, son», svara faren – og slik vart det. Peter Mueller vann OL-gullet sitt på 1000 meter i Innsbruck i 1976.
Men han er ikkje berømt i USA, sjølv om amerikanarane elskar gullmedaljevinnarar.
– Sjølv Eric Heiden har dei gløymt. Nei, det er ishockey og basketball som er dei store idrettane.
DAN JANSEN derimot, gullvinnaren på 500 meter i OL i 1994, klemte amerikanarane til sitt bryst. Han gjekk for si kreftsjuke og døyande syster i OL i Calgary i 1988. Ei heil verd følgde med amerikanaren då han fall på 500 meter og seinare på 1000 meter. I OL fire år seinare fall han igjen, men under Lillehammer–OL fekk han revansje og vann 1000 meteren.
– Han hadde ein «story». Det hadde ikkje eg, seier Mueller.
Eg kikkar på treningsprogrammet som ligg på bordet. Det er merka med «Norway-09». Det går i syklusar. To-tre veker med solid basetrening og ein periode med spesifikk trening. Stikkorda er sykling, vekttrening, løping og imitasjonstrening.
– Det er løparane på landslaget som gjer det best, skyt Mueller inn, og tek det for gitt at eg veit at bror og syster Haugli har valt å stå utanfor landslaget. Treninga til Mueller passa dei ikkje.
– Me har fleire unge Håvard’ar på gang no, seier den evige optimisten.
– I Norge har me færre å ta av, og det er fleire vinteridrettar å velje i, forklarer han om den store forskjellen på Nederland og Norge.
– Kva må til?
– Ein skøyteløpar må ha ein god og stor motor, sterke musklar og ein tøff mentalitet. Eg ser etter atleten og løparar med den rette innstillinga. Skøyter er ein tøff sport.
Han tek tak i det lange håret som om han vil flette det bak. Vinn Håvard Bøkko eller nokon andre gull til vinteren, får dei setje saksa i hårmanken hans.
– Eg er klar. Eg held alltid ein lovnad.
Men solbrillene har han kasta.
– Dei var eit «image». No har eg lagt vekk brillene. Det gjeld å sjå kva ein driv med, ler han.
ETTER SEKS ÅR i Norge har han ikkje lært seg å like den ekte norske maten, eller kva meiner han om prim?
– Den du smør utover? Den orkar eg ikkje å sjå på ein gong. Nei, eg elskar sushi.
– Men rakfisk då?
– Ikkje den heller, men eg likar torsk.
– Pinnekjøt...?
– Nei, nei, og ikkje julemat. På ein treningsleir fekk med julemat tolv dagar i eitt strekk. Men eg likar øl og akevitt.
– Pratar du ikkje norsk?
– Jau, då, eg kan seie «faaaaen». Meir er det ikkje nødvendig å kunne, løparane pratar bra engelsk.
Den godslege amerikanaren, for han er faktisk ein godsleg gut der han sit i stolen i ein blomstrande bermudashorts med beina i kors, likar seg kor han er. Men lever han ikkje eit einsamt liv?
– Eg likar livet kvar dag, eg. Her eller i USA. Eg kan ha dårlege helgar, sjølvsagt. Men då gjeld det å kome seg opp, og ikkje synast synd på seg sjølv.
– Er du kontroversiell?
– Nei, nei. Eg gjer berre det eg meiner er rett. Eg er meg sjølv, eg. For meg er det viktigaste å bli best.
HAN VIL VERE i Norge så lenge han kan, eller rettare sagt: Så lenge Skøyteforbundet vil ha han på vekslingssida.
– Folk bryr seg om kvarandre her i landet. Det er eit sosialdemokratisk samfunn, javel. Det passar for fire millionar menneske, men ikkje i USA med 150 millionar.
– Ein Obama-mann?
– Det er greitt at han får prøve seg. Men eg stemte ikkje på han. Eg er eigentleg veldig konservativ, forstår du.
– Og eg som trudde du var ein raddis?
– Du kan ikkje lese boka på coveret, humrar han.
– Folk er så hyggelege i Norge. Det må vere håret mitt. Amerikanarane er meir aggressive i praten, dei er galne heile tida. Nordmenn er det berre når dei drikk.
Han skrur på fjernkontrollen TV’n. På skjermen blir CNN avløyst av eit råskinn av ein båt. Kraftige motorar virvlar opp vatnet bak han, mens båtføraren sjølv ler triumferande framfor skjermen i leilegheita i Oslo sentrum.
– Ein av mine gode dagar, jublar han.
– Eg er ein glad person. Entusiastisk, javel. Men det er meg, altså. Og så gjer eg ting enkelt. Til meir komplisert det blir, til verre er det. Eg trur rett og slett på hardt arbeid.
– Kven er du eigentleg, Mueller?
Han ser overraskande over bordet.
– Eg? – Eg er heilt normal.
RSS
KONTAKT OSS


