Vetle Sjåstad Christiansen kan ta juleferie med godt samvit etter tre sterke løp i Hochfilzen.
Vetle Sjåstad Christiansen kan ta juleferie med godt samvit etter tre sterke løp i Hochfilzen.

Vetle i sekundstrid mot Sverige - varslar revansje i Østersund

Vetle Sjåstad Christiansen kan reise heim på juleferie med godkjensla. Etter tre sterke løp i Hochfilzen har skiskyttaren frå Geilo tatt steget opp i toppsjiktet i internasjonal skiskyting.

Ein 10. plass på sprinten, tredjeplass i jaktstarten og ein sterk sisteetappe på dagens stafett vart fasiten for Vetle Sjåstad Christiansen under verdenscup-helga i Hochfilzen.

Overtok for Thingnes Bø

I fråvær av Johannes Thingnes Bø som valde å stå over stafetten, fekk geilingen tildelt ankeretappen. Og Sjåstad Christiansen meir enn leverte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjåstad Christiansen gjekk ut som nummer fire, snaue 15 sekund etter teten. På fyrste skyting måtte han bruke eitt ekstraskot og tapte nokre sekund til teten.

Lukta gulløp

Men 26-åringen frå Geilo var tydeleg innstilt på eit gulløp. Det osa også sjølvtillit etter gårsdagens pallplass.

Med to fulle hus og berre fem sekund opp til Sverige etter siste skyting låg det an til eit realt spurtoppgjer. Men Sveriges Sebastian Samuelsson held unna og kom i mål 3,6 sekund føre Sjåstad Christiansen. Tyskland tok den tredje pallplassen, 28 sekund etter Sverige.

- Lynande forbanna

Men sjølv om han gjekk ei solid ankeretappe, var Sjåstad Christiansen irritert på seg sjølv etter målgang.

– Eg var lynande forbanna. Eg hadde så lyst til å slå Samuelson i spurten, men orka rett og slett ikkje meir på den siste kilometeren. Men me skal slå svenskane under VM i Østersund, lova Sjåstad Christiansen til NRKs Ole Kristian Stoltenberg.

Meirsmak

Ankeretappen gav også meirsmak. Men med ein frisk Johannes Thingnes Bø får han neppe gå denne under VM. Men Sjåstad Christiansen bør ha sikra seg ein fast plass på det norske stafettlaget. Så får tida vise kva etappe han skal gå.

Sju ekstraskot

Lars Helge Birkeland, Henrik L´Abée-Lund, Tarjei Bø og Vetle Sjåstad Christiansen utgjorde det norske stafettlaget. Nordmennene måtte bruke sju ekstraskot. Det svenske stafettlaget greidde seg med berre fem.

- Gjorde jobben

– Vetle gjorde jobben sin til gangs i dag. Me hadde håpa på revansje etter OL då svenskane vann. Men avstanden opp til Samuelsson var for stor før sisteetappen. Me burde ha gjeve Vetle ryggen på svensken ved veksling, fastslo Tarjei Bø etter dagens andreplass.