Per Henning og Ole Henrik Møllevold var to av golingane som avslutta sesongen med Mjøssvøm i helga. (Arkivfoto)
Per Henning og Ole Henrik Møllevold var to av golingane som avslutta sesongen med Mjøssvøm i helga. (Arkivfoto)

Vårform på Hamar

Seks svømjarar frå Gol avslutta sesongen med å setja personlege rekordar på Hamar.

Svømming: Gol idrettslag har ei aktiv svømmegruppe og stilte med seks deltakarar i Mjøssvøm på Hamar i helga.

Tredagarsstemnet har deltakarar frå heile landet, og konkurransen var beinhard.

Artikkelen held fram under annonsen.

Normalt blir det ikkje sett personlege rekordar i 50-metersbasseng. Men golingane viste at dei er i vårform og sette fem personlege rekordar.

Anette Steinbråten (15) sett klubbrekord på 400 meter medley. Denne distansen blir rekna som «manndomsprøva». På same distanse tok Fredrik Wischmeyer (13) ein flott andreplass på samei sin klasse. Etter mange års trening og konkurranse gjekk Ole Henrik Møllevold (20) til topps på 400-medleyen på Hamar.

Ole Steinbråten (13), Per Henning Møllevold (17) og Jan Harald Møllevold (12) sette også personlege rekordar og viste formstigning på tampen av sesongen.

Mjøssvøm var siste konkurransen for svømjarane frå Gol denne sesongen. Men aktiviteten og treningane held fram. I neste veke inviterer svømmegruppa i Gol til den tradisjonelle svømmeaksjonen for 60 barn frå Gol og Hemsedal.

Det er eit viktig tiltak som Gjensidigestiftelsen støttar. Svømmeaksjonar gjer at ungane blir trygge i vatn og reduserer drukningsrisikoen.