Ingvild Flugstad Østberg vann årets Skarverenn med ny løyperekord.
Ingvild Flugstad Østberg vann årets Skarverenn med ny løyperekord.

Vann med ny løyperekord

Raskt føre og medvind sørga for to nye løyperekorder i årets Skarverenn.

Langrenn: Stjernegalleriet varpå start under årets Skarverenn.

Som forventa vart det jamt i dameklassen. Marit Bjørgen og Krista Pärmakoski duellerte på den fyrste surten. Men bak lura Ingvild Flugstad Østberg, sim rykka frå alle mellom fyrste og andre spurtpunkte. Ho auka utover i løpet og i mål var ho raskast av alle og vann til slutt rennet med god margin ned til Marit Bjørgen. Den finske jenta tok tredjeplassen. Tida var den raskaste på kvinnesida i Skarverennets historie, 1. 30.19. Det er over minuttet betre enn den forrige bestetida, sett av Elin Nilsen i 2005.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg var veldig glad for at det var medvind i dag. Eg prøvde å starte litt roleg og berre prøve å gå jevnt fort. Det var god stemning til tross for vind. Det er ingenting som er betre enn å vinne skirenn så eg tek med meg dette, sa ho. 

Fornøgd

For to år sidan vart ho nummer tre. I fjor vart ho nummer to og i år kunne ingen slå Gjøvikjenta, som er sambuar med skøyteholing Christoffer F. Rukke.

 - Eg måtte jo følge opp den statistikken der, og kunne jo ikkje skuffe svigers så då måtte eg gjere ein så god innsats som mogleg. 

Ingvild Flugstad Østberg vart overraska over at ho gjekk frå konkurrentane.
Ingvild Flugstad Østberg vart overraska over at ho gjekk frå konkurrentane.
Martin Johnsrud Sundby var spent på om han hadde sett ny løyperekord på Skarverennet.
Martin Johnsrud Sundby var spent på om han hadde sett ny løyperekord på Skarverennet.

Etter eit skuffande VM smakte det godt med siger i sesongavslutninga.

- Sesongen har ikkje vore så dårleg som mange har trudd. I starten gjekk eg fleire av mine beste skirenn nokon sinne, så vart ikkje VM som eg hadde håpa. Men eg tek med meg ei god kjensle inn mot OL-sesongen. 

Rekordar

I herreklassa vart det eit oppgjer mellom Toni Livers og Martin Johnsrud Sundby.

Sist nemderykte midtvegs i løpet og kom aleine til mål.

- Har de vore her lenge? spøkte han til Bjørgen og Østberg då han gjekk over mål like før fjerdeplass i dameklassen, Martine Eek Hagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også han var spent på om tida var ny rekord. Lars Berger har gått raskast i herreklassen på 1.20.04. Begge i 2005.

- No venter eg berre på om det blir ny rekord, sa vinnaren. Toni Livers vart nummer to medan Sjur Røthe slo Henrik L’abee Lund i spurten og tok tredjeplassen.

Vêret snudde

Kulingen roa seg i løpet av natta og vêrmeldingane slo til då dei fyrste løparane la i veg frå Finse til Ustaoset.

Før dei fyrste toga gjekk med løparar laurdag morgon meldte organisasjonsleiar Jarle Uthus at vinden hadde løya. Med fem minusgrader og klarvêr vart det renn.

- Vêrgudane hørte oss i år igjen, sa ein nøgd Uthus.

Sju sekundmeter vind førte til ein vindfull tur over fjellet for både tur- og konkurranseklassane. Men sola skein og i målområdet var det fornøgde fjes.