Pål Golberg tok til slutt NM-sølvet på 10 km klassisk.
Pål Golberg tok til slutt NM-sølvet på 10 km klassisk.

Tok NM-sølv i Alta

Pål Golberg viste seinvinterform og tok sølv på 10 km klassisk.

Langrenn: Fredag vart det sekundstrid under NM-distansen på herresida.

Med over 300 junior- og seniorløparar på start på 10-kilometer klassisk. Som venta vart det ein kamp mellom landslagsløparane. Alt ved 2 km hadde Pål Golberg (Gol) sett opp medaljefart. Ved fem kilometerspasseringa hadde Golberg tatt over teten. Den heldt han også ved 7, 1 km, der han hadde åtte sekund ned til Sundby. I mål var han til slutt 3,4 sekund føre sistnemnde. Men bak kom det fleire favorittar i angrepsposisjon. Blant dei var ein av Golbergs beste kompisar, Sjur Røthe. Han kunne gå på tidene til golingen heile vegen, og med ei sterk avslutning parkerte han kompisen med 1,3 sekund. Det vart til slutt NM-sølv på Golberg, medan Martin Johnsrud Sundby tok bronsemedaljen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Legg opp

– Litt kjipt med NM-sølv når eg leia nesten heile vegen. Eg kjente eg var sliten og klarte ikkje å mobilisere det som trengdest, sa han til NRK etter løpet.

Han unnar kompisen NM-gullet.

– Det er berre å ta av seg hatten for Sjur. Det har vore berg- og dalbane for han. Han har konstatert ein sjukdom som mange slit berre med leve med, då er det sterkt og kome tilbake og gjere det han gjer.

Emil Intelhus Brøto og Pål Golberg har vore sprintduoen til Gol IL dei siste meisterskapa.
Emil Intelhus Brøto og Pål Golberg har vore sprintduoen til Gol IL dei siste meisterskapa.
Kasper Andersson Herland gjekk på lag med Trym Halbjørhus Fikke på teamsprinten i Alta.
Kasper Andersson Herland gjekk på lag med Trym Halbjørhus Fikke på teamsprinten i Alta.

Golberg har sjølv hatt ein sesong med både opp- og nedturar, frå sjukdom og OL-finale.

– Det er godt å få bekrefta at når eg er i form og har dagen, så kan eg vere oppi der. Det er mange som prøver å gå fort på ski her i dag, men det er moro når ein går nest raskast. Eg hadde kanskje ikkje trudd eg skulle gå OL eller så mykje meir ved juletider, men no er eg topp motivert for å gå fleire skirenn, sa sølvvinnaren.

Emilie Fleten vart nummer 18 av 157 startande i dameklassen.

I mål var ho eitt minutt og 14 sekund etter Marit Bjørgen. Sistnemnde tok gullet suverent, same dag som ho annonserte at ho legg opp etter denne sesongen.

To team

Torsdag starta NM del to med teamsprint i fristil. På herresida var det to hallinglag med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fyrst ut var Hemsedal med Trym H. Fikke og Kasper Andersson Herland. Dei hang godt med, og vart til slutt nummer seks i sin semifinale. I det siste heatet hadde Pål Golberg og klubbkamerat, Emil Intelhus Brøto håp om avansement. Dei låg godt an, men utover i løpet tapte dei sekund til teten. Til slutt vart det sjetteplass på dei òg, og ingen av hallingdalslaga gjekk vidare til finalen. Der tok til slutt Lillehammer NM-gullet, med Håvard Solås Taugbøl og Martin Løwstrøm Nyenget på laget.

Laurdag er siste NM-øving for seniorane med tremil og femmil. Sundag er det norgescupfinale for dei beste langrennsjuniorane.