Helle Thoen og Hestigarth Ashlea kom gjennom hinderløypa utan riv.
Helle Thoen og Hestigarth Ashlea kom gjennom hinderløypa utan riv.

To dagars ridestemne på Gjeldokk

Hallingen Hestesportklubb starta sesongen med to dagars utvida klubbstemne med 67 deltakarar.

Riding: Fyrste ridestemnet til Hallingen Hestesportsklubb gjekk på Gjeldokk Hestesenter 24. og 25. mai.

67 startande deltok i sprang og dressur. Ryttarar frå Geilo, Sigdal, Valdres og Hønefoss hadde tatt turen til Øvre-Ål i tillegg til arrangørklubben sine eigne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dressur laurdag

Dressurstemnet laurdag starta med ryttertestklassen RLD1 Lilletur for dei yngste. Alle fire ekvipasjane fullførte på bra vis.

På neste nivå, klasse LC, vart det heimesiger til Beate Bjella og Eyarth Pavarotti i ponniklassen og andreplass til Lena Alver og RockyV.

LC Hest vart vunne av Liv Marit Lien med Dalilah. Lena Alver og Beate Bjella vart nummer to og tre.

Åsne Skrindo Danielsen og Prinsesse tok både fyrste- og andreplass i sprangriding på Gjeldokk.
Åsne Skrindo Danielsen og Prinsesse tok både fyrste- og andreplass i sprangriding på Gjeldokk.
Anne Marit Hefte Gudbrandsgard og Blacky vart klassevinnar i dressur.
Anne Marit Hefte Gudbrandsgard og Blacky vart klassevinnar i dressur.

På LB vart det både fyrste- og andreplass til Anne Marit Hefte Gudbrandsgard og Blacky i LB Ponni og klasse LB Hest.

I LB Hest vann Live Skrindo Danielsen og Larola. I klasse LA var Liv Marit Lien og Dalilah einaste ekvipasjen som fullførte.

Sprang sundag

Sprangstemnet sundag starta med dei unge lovande på 20 cm hinder. Åtte ekvipasjar fullførte med clearround og feilfritt over alle hinder.

Neste nivå var 40 cm og dømming av feil og stil. Åsne Skrindo Danielsen deltok i denne klassen både med ponnien Frosty og ponnien Prinsesse. Ho fullførte på beste vis og sikra seg både fyrste- og andreplass i klassen.

Klasse 60 cm samla 15 ekvipasjar og dei tre beste fekk plassering. Beate Bjella og Brown Magic Wind vann klassen med Live Skrindo Danielsen og Anne Marit Hefte Gudbrandsgard på dei neste plassane.

Artikkelen held fram under annonsen.

I klasse 80 cm var ryttarane frå nabodalføra best. Vilde Slevikmoen og Merlot Flight frå Sigdal vann, medan andreplassen gjekk til Geilo-ekvipasjen Hedda Bergseth Aaboen og Irish Lady. På ein meteren var Kinga Treczynska og hesten Pokusa frå Valdres best.

31. mai og 1. juni arrangerer Hallingen Hestesportsklubb stemne i dressur og sprang på Skaga Ridesenter i Gol.