I helga debuterer Sondre Evjen i Supercar-klassen under EM-runden i Latvia.
I helga debuterer Sondre Evjen i Supercar-klassen under EM-runden i Latvia.

Superklar: Sondre Evjen er klar for Supercar-debut i Riga

Sondre Evjen er klar for Supercar-debut i Riga til helga.

Dei siste dagane har Sondre Evjen ligge i hardtrening på Höljes i Sverige. Etter nokre særs vellukka treningsrundar er han no klar for å debutere i Supercar-klassen under EM-runden i Riga i Latvia. Der skal Evjen køyre ein Volkswagen Polo med firehjulstrekk og kring 600 hestekrefter.

Trass sin unge alder, har Evjen alt ei lang merittliste innanfor motorsport. Dei seinaste tre åra har han hevda seg godt både i den internasjonale RX2-meisterskapen og i Rally X Nordic. No er han klar for å ta steget opp i verstingklassa Supercar. EM-runden går på Bikernieki-banen utanfor Riga sentrum. Ålingen har eit spesielt forhold til denne banen. Det var nemleg her han tok sin fyrste rallycross-siger for to år sidan.