Øystein Garborg og Stabæk-benken på sidelina under cupfinalen fredag.
Øystein Garborg og Stabæk-benken på sidelina under cupfinalen fredag.

Suksesstrenar i Stabæk

For andre år på rad har Øystein Garborg trent eit av Norges beste 16-årslag til cupfinalegull.

Fotball: Garborg frå Gol har vore trenar i stabæksystemet i ei årrekkje.

I helga var han med på bærumslagets andre NM-gull på rad for G16. Då møtte laget han er trenar for 16-årslaget til Rosenborg i cupfinalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein cupfinale skal ein aldri ta for gitt. Me var ikkje favorittar til å ta gullet i februar i år. Laget har hatt ei kjempeutvikling i år. Då me stod i Spania og hadde tapt klart for to topplag der, skjedde det noko. Dei brukte det til motivasjon, dette skulle me snu, seier Garborg.

Opptur

Og den vegen gjekk det. Då dei slo ut Viking i semifinalen, venta Telenor Arena og finale på laget. Den avgjorde dei med tre mål i andre omgang.

– Rosenborg var best i fyrste omgang, men me var best i andre. Då har me nokre tryllekunstnarar som stod fram og avgjer. Det er litt spesielt å vinne ein finale der me ikkje er favorittar, det betyr det vesle ekstra.

16-årslaget til Stabæk jublar for NM-gullet.
16-årslaget til Stabæk jublar for NM-gullet.
– Alle på og rundt laget fortener ein del av dette cupgullet, seier Øystein Garborg som er gulltrenar på andre året.
– Alle på og rundt laget fortener ein del av dette cupgullet, seier Øystein Garborg som er gulltrenar på andre året.
– Alle på og rundt laget fortener ein del av dette cupgullet, seier Øystein Garborg som er gulltrenar på andre året.
– Alle på og rundt laget fortener ein del av dette cupgullet, seier Øystein Garborg som er gulltrenar på andre året.

– Korleis er det å stå på sidelina dei siste minutta når laget leiar ein NM-finale?

– Det er ei ekstremt deilig kjensle når det er to minutt igjen og du leiar 3–0. Det er eit utruleg trøkk som har vore der lenge, som resulterer i ei enorm glede, og ei tomheitskjensle når alt legg seg litt. Men det er ei kjensle både me i støtteapparatet og spelarane tek med seg inn i ein kald januarmånad. Både eg og dei andre trenarane blir rørte når me ser kor mykje det betyr for spelarar og foreldre.

Spesielt

Han understrekar at NM-gullet på langt nær er ein soloprestasjon.

– Det er mange som skal ha ros for å bidra til det. Både trenarar og andre i støtteapparatet og klubben, spelarane og foreldregruppa. Det betyr mykje for alle at me vinn. Alle i og rundt laget må kjenne at dei betyr noko, at innsatsen deira betyr noko. Det trur eg gjer dei ekstra prosentane som gjer at me tek NM-gullet, meiner Garborg.

No ventar nokre friveker før dei startar oppkøyringa mot ny sesong.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Planen min er å halde fram i Stabæk. Eg fekk nokre spørsmål på hausten frå andre, men per no er Stabæk mest interessant. Dei har gitt gode signal om at dei vil satse på meg. Eg skal også få hospitere litt meir som trenar på A-laget. Det er veldig kjekt å få litt kred for å ha vore i klubben lenge og lagt ned mange timar med arbeid.

Han rosar arbeidet klubben gjer med talentutvikling.

– Det blir jobba veldig bra i mange ledd over tid. Kvalitet og kontinuitet er viktig. Av dei som var med vann mot Ålesund onsdag, var det ti spelarar som har vore innom lag eg har trent. Mange av spelarane som tok NM-gull i helga har vore i klubben frå dei var seks år, så mange skal ha æra for det NM-gullet.