Henrik Fagerli Rukke var del av det norske laget som vann lagsprinten sundag.
Henrik Fagerli Rukke var del av det norske laget som vann lagsprinten sundag.

Rukke med å sikra norsk siger i lagsprint

Henrik Fagerli Rukke, Håvard Lorentzen og Bjørn Magnussen sikra sesongens fyrste siger med fyrsteplass i lagsprint sundag.

Magnussen, Fagerli Rukke og Lorentzen gjekk ut i fjerde par mot Canada i sundagens lagsprint i Polen. Etter ein feilfri opning vart det fort klart at Norge låg særs godt an i kampen for pallplassering.

Nesten feilfritt

At Magnussen streifa isen med handa i ein sving vart det einaste håret i suppa. Trass glippen til Magnussen, klarte den norske trioen å halde farten oppe og samstundes sørgje for gode vekslingar. Etter ein sterk avslutning frå Lorentzen låg Norge på topp, med tida 1:21.27. Då korkje Nederland eller Russland i siste par greidde å ta att luka, var den norske fyrsteplassen eit faktum. Nederland tok andreplassen, 16 hundredelar bak Norge. Russland gjekk inn på tredjeplass, med tida 1:21.74.

Artikkelen held fram under annonsen.

Åttandeplass til kvinnelaget

Sundagens lagsprint for kvinner vart derimot ingen høydare. Hege Bøkko, Martine Ripsrud og Anne Gulbrandsen gjekk ut i tredje par, også dei mot Canada. Det norske laget opna greitt, men tapte mykje tid med Bøkko i front på mellomrunden. Anne Gulbrandsen hadde ei stor oppgåve framfor seg då ho i siste runde skulle prøve å ta att etterslepet. Norge enda på åttande og nest siste plass, med tida 1:31.73 – tre sekund og drygt ni tidelar etter Japan på fyrsteplass. Russland tok andreplassen med tida 1:28.18, 36 hundredelar føre Nederland på tredjeplass. Dette vart også siste verdscup-runde i lagsprint for dei norske løparane, der Norge ligg på sjuandeplass samanlagt.

10.000 meter

Håvard Bøkko opna showet på 10.000 meter sundag kveld, då han gjekk ut i fyrste par med japanske Seitaro Ichinohe. Det vart ein lang og seig kamp. Dei to siste rundane var det tydeleg at Bøkko var køyrt. Holingen gjekk inn på tida 13:46.07 og enda på niandeplass, 20 sekund og nær åtte tidelar bak nedarlandske Marcel Bosker på fyrsteplass. Bosker tok verdscupsigeren med tida 13:25.27. Dei to resterande pallplassane gjekk til Russland. Alexander Rumyantsev tok andreplassen, eit sekund og 48 hundredelar bak Bosker. Danila Semerikov tok tredjeplassen med tida 13:28.71.