Pål Golberg hadde ambisjonar om finaleplass i fyrste rennet i 2019.
Pål Golberg hadde ambisjonar om finaleplass i fyrste rennet i 2019.

Rauk ut tidleg i Finland

Fyrst no etter nyttår skulle resultata vere i fokus for Pål Golberg. Fredag gjekk han greitt vidare frå prologen i Skandinavisk Cup.

Langrenn: I helga går det tre nye renn i Skandinavisk Cup, i Vuokatti i Finland.

I herranes prolog vart Pål Golberg nummer ni. Han var 1,92 sekund bak prologvinnaren, Joni Mäki frå Finland. I det fyrste kvartfinaleheatet møtte Golberg mellom andre prologvinnaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Der vart han femtemann i mål, nærare to sekund etter heatvinnar Mäki. Golberg gjekk dermed ikkje vidare til semifinalen.

På damesida gjekk Emilie Fleten inn til 20. beste tid, åtte sekund etter prologvinnar Tatiana Aleshina frå Russland. Også Fleten sikra dermed avansement. I kvartfinalen var det slutt for golingsjenta, som vart nummer fire i det fyrste heatet. Tida var ikkje god nok til avansement.

Laurdag og sundag held Skandinavisk Cup fram med intervallstart 10/ 15 km klassisk og 20/30 km jaktstart i fristil.

Emilie Fleten gjekk ein god prolog i Finland.
Emilie Fleten gjekk ein god prolog i Finland.