Turen frå Finse til Ustaoset kan bli vindfull for dei 12.000 som skal gå rennet.
Turen frå Finse til Ustaoset kan bli vindfull for dei 12.000 som skal gå rennet.

– Pakk gode klede

Det er meldt om sterk vind i fjellet fredag og natt til laurdag. Men om vêrmeldingane slår til, er ikkje Skarverennet truga.

Langrenn: – Oppmodinga til folk er at dei tek med seg gode klede, vindtett og varmt tøy, seier presseansvarleg Tine Skjoldmo.

Det er meldt vind frå vest og nordvest fredag og natt til laurdag. Ifølge meldingane på yr.no skal det blåse stiv kuling fredag, og gå over til liten kuling laurdag morgon og frisk bris utover dagen. På Ustaoset seier meldingane at det skal gå ned til laber bris i vindstyrke laurdag føremiddag. Begge stader er det meldt sol og 4–6 minusgrader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arrangørane er ikkje uroa for rennet.

– Om vêrmeldingane slår til så roar det seg litt laurdag. Det er også meldt sol. Men det kan snu fort i fjellet, så me følger nøye med, seier Skjoldmo.

Alle deltakarar i Skarverennet skal gå med sekk, og blir oppmoda om å pakke varmt, og vindtett tøy i denne. I tillegg til mellom anna ekstra mat og drikke.

Berre to gonger tidlegare har rennet blitt avlyst før start, i 1982 og 2003. I 1974 vart den fyrste utgåva av rennet avbrote, medan konkurranseklassen vart avlyst i 1996.