Motocrossklubben på Ål har kjøpt tre crossyklar til utlån. Martine Marie Lunde Ruud, Sofie Etterlid Baklien og  Emilie Etterlid Baklien fekk prøve.
Motocrossklubben på Ål har kjøpt tre crossyklar til utlån. Martine Marie Lunde Ruud, Sofie Etterlid Baklien og Emilie Etterlid Baklien fekk prøve.

Opnar motocrossbanen

Er du nysgjerrig på korleis det er å køyre motocross? Då vil klubben på Ål invitere deg til å prøve.

– Nyleg fekk me 95 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen. Dei har me brukt til å kjøpe nye syklar for, fortel Odd-Steinar Skarsbø i Ål motocrossklubb.

Sporten er dyr, og om ein skal kjøpe nytt utstyr reknar han med at det kan koste opp mot 15–16 000 kroner før ein har nærma seg ein bane. Difor vil klubben no gje nysgjerrige ungar og ungdommar moglegheita til å prøve sporten, før dei tek valet om å kjøpe eiget utstyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Test

– Me har kjøpt tre syklar i ulik storleik, som er meint til gratis utlån for dei som er nysgjerrige på sporten, fortel Skarsbø.

Dei vil også invitere til opne treningar for nybegynnarar i forkant av dei vanlege laurdagsøktene. Fyrste moglegheit for å prøve motocross er laurdag 31. mai.

– Då kan ungar mellom fem og tolv år kome og prøve syklane på banen og finne ut om motocross er noko for dei. Meininga er at det er ein arena for å prøve før ein eventuelt kjøper eiget utstyr, seier Skarsbø.

- Tanken er at ungar og ungdom kan prøve motocross før dei bestemmer seg for om dei vil kjøpe utstyr sjølv, seier Odd-Steinar Skarsbø. (Arkivfoto)
- Tanken er at ungar og ungdom kan prøve motocross før dei bestemmer seg for om dei vil kjøpe utstyr sjølv, seier Odd-Steinar Skarsbø. (Arkivfoto)

Godt miljø

Han fortel at rekrutteringa til sporten har vore god dei siste åra.

Banen på Ål er no i bruk av motocrosskøyrarar frå nær alle kommunane i Hallingdal, og både store og små er med på treningane.

– Laurdagstreningane for nybegynnarar er også open for heile dalen. Me ser på det som eit rekrutteringstiltak òg, i tillegg til at folk då slepp å kjøpe dyrt utstyr som dei kanskje ikkje bruker, seier Skarsbø.