Det begynte med YouTube-filmar på asylmottaket på Torpo. No er Heresh Kurdi (20) sjølv konkurrerande wrestlar.
Det begynte med YouTube-filmar på asylmottaket på Torpo. No er Heresh Kurdi (20) sjølv konkurrerande wrestlar.

Kjempar seg inn i wrestling-verda

– Det gjer jo vondt uansett.

WRESTLING: For Heresh Kurdi (20) frå Torpo er blod, sveitte og tårer ein obligatorisk del av draumen. Han er på veg til å bli profesjonell fribrytar, men nokre av dei tøffaste kampane har allereie funne stad utanfor ringen.

Debut

I ein gamal fabrikkhall utanfor Oslo skal det snart skje. Svære nevar riggar opp ein solid platting av stål og treverk midt på golvet. Om få timar er det duka for årets høgdepunkt i norsk wrestlingmiljø; konkurransen «Power Slam». Her skal nokre av landets største, sterkaste og mest hardbarka brake saman i ei tevling som blandar kampsport, stunt og show.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kveldens debutant kjem inn døra med treningsbagen over skuldra. I kveld skal Heresh Kurdi konkurrere éin mot éin for fyrste gong. Med sine 20 år og 1,62 meter på sokkelesten skil han seg ut blant dei mange breiskuldra muskelbuntane. Skal han verkeleg slåst mot desse karane? Heilt frivillig?

Oppslukt

Wrestling er ei form for kampsport med element frå bryting, fallteknikk, scenekamp og rollespel. Utøvarane har to hovudmål: Å overvinne motstandaren og sikre god underhaldning for publikum. Under oppveksten i Kurdistan såg Heresh Kurdi amerikansk wrestling på TV i lag med far sin.

– Seinare fann eg attende til sporten gjennom filmar på YouTube, og eg elska det eg såg. Eg visste at det var dette eg ville drive med, og skreiv brev til Norges Wrestlingforbund, seier 20-åringen.

Laurdag debuterte Kurdi i sin fyrste singelkamp mot norgesmeister Victor Dale.
Laurdag debuterte Kurdi i sin fyrste singelkamp mot norgesmeister Victor Dale.
– Wrestling er ikkje teater, men kampsort med stor showfaktor, seier Heresh Kurdi.
– Wrestling er ikkje teater, men kampsort med stor showfaktor, seier Heresh Kurdi.

Ventetid på asylmottaket

I mellomtida hadde familien på fem flykta til Norge, og i 2008 kom dei til Torpo asylmottak. Her venta mange år og ei heil ungdomstid med uvisse og søking om opphaldsløyve.

– Me fekk fyrst avslag, og eg kunne difor ikkje begynne på vidaregåande. Då gjekk eg tiande klasse éin gong til for å lære meg betre norsk, seier Kurdi.

Etter ein ny runde med ny advokat fekk familien til slutt avgrensa opphaldsløyve i 2012. Same år begynte Kurdi på dramalinja ved Gol vidaregåande skule, og han fekk plass i nybegynnarprogrammet til Norsk Wrestlingforbund. På Torpo var ikkje tilhøva særskilt gunstige for å starte som wrestlar, men annankvar helg tok ein målbevisst Kurdi bussen til Oslo for å få juling av proffane.

– Det har vore veldig tøffe år for heile familien. Men no har det snudd, seier han.

Politisk interesse

No har foreldre og søsken flytta med til hovudstaden for at Kurdi skal få satse for fullt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Far min slutta å sjå på wrestling i eit forsøk på få meg på betre tankar. Han veit jo at dette kan vere skadeleg. Men familien har likevel alltid vore der og støtta meg for at eg kan leve i draumen min. Eg er så stolt av dei, seier Kurdi.

Han opnar bagen, og plukkar ut konkurransedrakt, beskyttelsesutstyr og ei bok med tittelen «Politiske ideologiar i vår tid». Etter vidaregåande vil han studere statsvitskap ved sida av treninga.

– Når ein er kurdar, er den politiske interessa heilt naturleg. Me kjenner politikken på kroppen, både historisk sett og nett no.

Noko for hallingane?

Wrestling er framleis ein liten sport i Norge, med rundt 15 konkurrerande utøvarar. Ute i verda freistar profesjonelle klubbar og millionar av TV-sjåarar.

– Men med avgrensa opphaldsløyve har eg ikkje pass, og eg kan difor ikkje forlate Norge. Alle dei andre skal på treningshelg i England, men eg må bli heime. Det er skikkeleg synd, seier Kurdi.

Han ønskjer også å utvikle sporten her til lands, og har eit håp om å ein dag kunne arrangere wrestlingshow i Hallingdal.

– Det er der eg har mine beste vener. Det var ikkje lett å flytte derifrå.

Mørbanka og nøgd

I wrestling er det ingen vektklassar, og motstandarane har ofte langt høgare BMI og muskelomkrins enn lettvektaren Kurdi. Slik var det også i laurdagens kamp mot tidlegare norgesmeister Victor Dale.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har alltid likt dei små wrestlarane best. Eg har det ein kallar meksikansk stil, med mykje fart og akrobatikk, forklarer kamphanen.

Ein dag seinare tikkar det inn ei statusoppdatering frå Kurdi.

«Ligg på sofaen med smerter i rygg og ribbein. Kan ikkje gå skikkeleg.»

På førehand lova 20-åringen publikum noko dei aldri før hadde sett i norsk wrestling. Han vart til sist lagt i bakken av norgesmeister Dale, men hausta lovord og vert omtala som eit talent etter tevlinga.

– Kampen var veldig kul, og eg fekk gjort mykje bra, seier Kurdi nøgd.

Risikosport

Tre gonger har han vorte sendt direkte frå trening til legevakta. Wrestling er ikkje for dei beinskjøre.

– Mange trur wrestling er planlagt skodespel, men det er meir som improvisasjon. Me fokuserer på å underhalde publikum medan me konkurrerer, og me trenar mykje på fallteknikk. Men det betyr ikkje at det ikkje gjer vondt å bli kasta opp i lufta og lande på ei tynn matte, seier Kurdi.

Grunntreninga krev to-tre timar kvar dag, i tillegg til felles lagtrening kvar sundag. For å delta i konkurranse må ein gjennom omfattande profesjonell opptrening.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Aldri prøv dette heime, er bodskapen til Heresh Kurdi, som trass smerter og risiko ikkje vurderer å gi seg.

– Det er berre galskap og draumar som får meg inn i ringen. Det er denne verda eg høyrer til i, seier han.

* Show med blanding av kampsport, stunt, akrobatikk og rollespel.

* Vert utkjempa i noko som liknar ein brytering.

* Stort fokus på å underhalde publikum.

* Særleg populært i USA, Japan og Mexico der showa har millionar av TV-sjåarar.

* Norges Wrestlingforbund (NWF) vart oppretta i 2001 og arrangerer wrestlingskule og konkurransar.

Kjelde: Norges Wrestlingforbund (www.wrestling.no)