annonse

Juven i VM-finale i kveld - følg med her

Til finale
Til finale: Sondre Juven (bakerst midt i feltet) gjekk vidare frå forsøksheatet tysdag og er klar for VM-finale på 1500 meter. Finalen går i kveld. (Foto: Decabild)

Klokka 19.25 i kveld spring Sondre Juven VM-finale på 1500 meter.

Tone Merete Tho

Det er ei historisk hending i Hallingdals idrettshistorie.

Aldri tidlegare har ein utøvar frå Hallingdal vore i ein VM-finale i ein av dei store sommaridrettane.

FØLG FINALEN HER

– Det er heilt rått. Eg er kjempefornøgd. Finaleplass har vore målet heile sesongen, seier Juven.

– Det er ein fantastisk prestasjon. Me er i finalen i eit verdsmeisterskap på 1500 meter, ein av dei prestisjefylte distansane for dei aller største friidrettsnasjonane, seier ein strålande fornøgd trenar, Magnus Lindahl.

Vidare på tid

19-åringen frå Nesbyen sprang forsøksheat tysdag morgon då junior-VM starta i finske Tampere.

Og det gjorde han godt. I eit godt kalkulert løp la han seg på halen av feltet dei første 800 meterane. Så avanserte han fram til teten samen med to av førehandsfavorittane, Justus Soget frå Kenya og Brihanu Sorsa frå Etiopia. Ut på sisterunden låg Juven i tetklynga på fem som fekk ei luke til resten av feltet. I mål var Soget, Sorsa og amerikanske Cooper Teare på dei tre plassane som gav direkte kvalifisering til finalen. Men Juven sprang så bra med 3,45,64, at han gjekk vidare på tid. Finalen går torsdag kveld, klokka 19.25 norsk tid. Om løpet seier Juven:

– Eg følte meg bra, men ikkje topp. Det var tidleg om morgonen.

Trenar Lindahl meiner Juven lykkast grunna eit godt taktisk løp, han unngjekk trøbbel og er i så god form som ein må vera for å hevde seg i dette selskapet.

– Samt ei rask sisterunde, legg Lindahl til.

– Topp fem

Finalen blir også historisk for norsk friidrett.

For aldri før har ein 1500 meterfinale i eit VM vorte sprunge med to nordmenn. Det blir den no når Juven møter verdas beste mellomdistanseløparar saman med Jakob Ingebrigtsen.

– Hallingdal har gull og finaleplassar i vinteridrettar, men det er fyrste gongen i ein av dei store sommaridrettane at ein halling er med i toppen, seier Lindahl.

Ingebrigtsen er ein av dei store favorittane til medalje torsdag, men ein offensiv Juven siktar også høgt no.

– Eg har ein plan. Målet er topp fem.

– Det er mange som har overraska i finalar før, nikkar Lindahl.

Juven var med på å sikre den norske troppen ein flott start på meisterskapets første dag. Løpet blir vist på det internasjonale friidrettsforbundets (IAAF) nettsider. 

FØLG FINALEN HER