Liatoppen skiskyttarfestival samlar over 1100 unge løparar kvart år.
Liatoppen skiskyttarfestival samlar over 1100 unge løparar kvart år.

Hit kjem talent frå heile verda

I helga kjem 1100 skiskyttarar til Liatoppen, over 30 av desse kjem frå utanlandske klubbar.

Skiskyting: For 32. gong arrangerer Ål skiskyttarlag skiskyttarfestival.

Som tidlegare gjekk dei 1100 plassane fort unna, då påmeldinga opna. På 32 sekund var alle plassane borte, og mange stod på venteliste.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har 950 løparar på start fredag og sundag. Laurdag er det 1120. Det siste eg veit er at dei aller, aller fleste har fått tilbod om start, seier Nils Veslegard. Han er leiar i organisasjonskomiteen for skiskyttarfestivalen.

Frå mange kantar

Store delar av landet er representert med løparar. Sjølv har arrangøren over førti løparar på start, frå nybegynnarklassane til dei eldste i 16-årsklassen.

– Dette er sesongens høgdepunkt for veldig mange. Liatopprenna er ikkje berre eit høgdepunkt for nybegynnarane, men også for dei eldre årsklassane. Mange av dagens eliteutøvarar har gått på Liatoppen og gjort det bra. Det er stas for oss at det er eit renn mange ser på som av dei viktigaste, seier Veslegard.

Både unge talent og etablerte eliteutøvarar, som Tarjei Bø (midt i biletet), kjem til skiskyttarfestivalen på Ål.
Både unge talent og etablerte eliteutøvarar, som Tarjei Bø (midt i biletet), kjem til skiskyttarfestivalen på Ål.
Tarjei Bø skal etter planen vere med på opningsshowet i Hallingdal feriepark.
Tarjei Bø skal etter planen vere med på opningsshowet i Hallingdal feriepark.
Ole-Einar Bjørndalen og Tarjei Bø møter unge talent under opningsshowet fredag kveld.
Ole-Einar Bjørndalen og Tarjei Bø møter unge talent under opningsshowet fredag kveld.

– I tillegg til dei norske, som det er flest av, kjem det løparar frå USA, Sverige, Finland, Frankrike, Tyskland og Polen i år. Det er veldig kjekt. Dei stiller stort sett i 14-16-årsklassane, og det er både gutar og jenter med.

– Kvifor kjem klubbane tilbake år etter år?

– Me trur det er fordi me har eit godt produkt som folk synest er spennande. Me lagar ei sesongavslutning som er litt meir enn eit vanleg skirenn, då råker me fleire.

Mykje snø

Dei siste dagane har staben vore oppteken med dei siste førebuingane. Tidlegare år har mildvêr og lite snø skapt utfordringar, det er ikkje tilfelle i år.

– No er det veldig bra. Me har knapt hatt så mykje snø som i år. Me har faktisk fresa ut snø frå standplass og fått unna litt for å gjere forholda der betre. No ser det veldig bra ut. I dag driv dei og riggar til på arenaen, sa Veslegard onsdag føremiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

I løpet av helga er 250 funksjonærar i arbeid i ulike roller.

– Me har mange dugnadsfolk og frivillige som er flinke og kan jobben. Det er fantastisk at dei stiller opp, me hadde ikkje klart å arrangere utan dei som stiller opp og bruker dagane med oss på Liatoppen, både dei som har vore med i mange år og dei som kjem inn nye, seier han.

«Kongen» kjem

Fredag opnar festivalen med stafettar for 11–12 år og 13-16, både jenter, gutar og mixlag. Laurdag og sundag er det individuelle renn for alle årsklassene.

– Me har hatt ei auke i talet på stafettlag, som gjer at me måtte starte rennet ein halvtime tidlegare. Men det er berre kjekt.

Fredag er det også offisiell opning av skiskyttarfestivalen. Dit kjem etter planen «Kongen av skiskyting», som sjølv har eit nært forhold til Liatoppen.

– Ole-Einar Bjørndalen og Tarjei Bø er dei to eliteutøvarane som kjem på opningsseremonien, stadfestar Veslegard.

Renna på Liatoppen blir også sendt på nettsida til Hallingdølen i helga.