Markus Thorberg scora to då HFK slo Holeværingen heime. (Arkivfoto)
Markus Thorberg scora to då HFK slo Holeværingen heime. (Arkivfoto)

HFK vann heime

Hallingdal FK sikra tre poeng heime mot Holeværingen.

Sundag tok Hallingdal FK imot Holeværingen på heimebane på Gol.

Dei to laga hadde begge hatt ein god start på sesongen, og før oppgjeret på Gol låg Holeværingen på sjetteplass, to poeng bak hallingane. Det var ein jamn start på kampen, og trass i fleire HFK-sjansar gjekk det over halvtimen før det fyrste målet kom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då var det Markus Thorberg som fyrte av, og sendte hallingane opp i føringa. Ti minutt seinare kontra HFK og Simen Renslo auka til 2-0.

Solid

Det var også stillinga til pause.

I andre omgang gjekk det dryge 20 minutt før det vart mål, då var det Chris Magnetun som var frempå etter eit fint gjennomspel.

4-0 kom då Markus Thorberg scora sitt andre for dagen.

Heng med

HFK sikra dermed full pott og sin femte siger for sesongen.

Etter sju kampar ligg dei på tredjeplass på tabellen, eitt poeng bak Fjell og fem poeng bak Steinberg som har fått luke i tet etter sju sigrar på sju kampar.

Sundag møter dei Strømsgodset 3 i Drammen.