HFK  junior gutar er vidare til åttandedelsfinale.
HFK junior gutar er vidare til åttandedelsfinale.

HFK ute av Norway Cup

Norway Cup-eventyret varte ikkje lenge for HFK i år. Både junior gutar og junior jenter er ute etter tap åttendelsfinalane torsdag.

Torsdag drog det seg til i Norway Cup. 18/19-årslaga til HFK var i A-sluttspelet, både i jente- og guteklassen.

I fjor tok HFK junior gutar seg heilt til finalen, der det enda med tap. I år vart det tøffare. Torsdag ettermiddag tapte HFK 2-1 for Oslo football academy Dakar Senegal, og dermed var årets Norway Cup-eventyr over.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rauk ut på straffer

Tidlegare torsdag rauk HFK junior jenter ut i åttendelsfinalen mot Herd. Det vart eit knallhardt oppgjer. HFK-jentene tok leiinga med ei skåring av Frida Strendo, men då sluttsignalet gjekk stod det 1-1. Dermed måtte kampen avgjerast på straffespark.

Og der trekte Herd det lengste strået, og vann kampen. Dermed er det Herd som møter Hødd i kvartfinalen fredag, ikkje HFK.

Også HFK jenter 18/19 sitt sjuerlag hadde marginane mot seg. i B-sluttspelet møtte dei Osterøy i kvartfinalen, og også her enda det med straffesparkkonkurranse. Der var Osterøy best. HFK tapte 3-4.

Senegal

HFK-gutane spelte sekstendelsfinale torsdag føremiddag. Der møtte dei Ørskog IL, og vann kampen 3–1. Ifølgje apparatet rundt HFK var det ikkje den beste kampen frå hallingane si side, men dei vann. Birk Bjerkrheim skåra eitt mål, Alfred Scriven to.

I åttandelsfinalen møtte HFK tøff motstand, Oslo football academy Dakar Senegal. HFK starta kampen bra og hadde lenge grei kontroll. Det var Hallingdal som gjekk opp i leiinga i starten av andre omgang. Markus Thorberg la inn til Anders Mastrup som sette ballen i mål.

Dette sette fart på Senegal. Laget køyrde spelarane i angrep, og på dei siste minuttane greidde dei å putte på to mål. HFK gjorde eit tappert forsøk på utlikning, men måtte konstatere at Senegal vann kampen 2-1.

Dermed var Norway Cup over også for HFK junior gutar.

Andrelaget til HFK gutar junior tapte torsdag sekstendelsfinalen i B-sluttspelet mot ASAL FC. Sluttresultatet vart 2-5.