annonse

HFK taper terreng

God
God: Fredrik Garnås var av dei beste på eit HFK-lag som slit med å setje sjansane på heimebane. (Arkivfoto)

Hallingdal FK tapte ikkje berre kampen. Dei mista også heng på favorittane i opprykkskampen då dei mista tre poeng på heimebane fredag.

Mona N. Stensvold

Fotball: Heller ikkje på heimebane ville det seg for Hallingdal FK. No er dei tre poeng bak teten i 4. divisjon, og opprykkshåpet er svekka. Berre eitt poeng bak hallingane ligg Strømsgodset 3, som har starta sluttspurten tidleg i haust og har plukka poeng mot fleire av topplaga. – Drammen er eit lag me skal gi kamp til døra, eit lag me bør slå, meinte trenar Jan-Eirik Thorberg før heimekampen mot drammensarane fredag kveld. Det var HFK som kom best i gang og hadde den fyrste sjansen i kampen, men headinga frå Stian Bråten vart redda på strek. Drammensarane gav likevel HFK god motstand. Dei gjorde det vanskeleg å kome gjennom forsvaret og var effektive framover i kontringsspelet.

Flest sjansar

HFK hadde fleire sjansar i fyrste omgang, men sleit med å setje dei i mål. Både Kjetil Lien og Torjus Haugo hadde skotforsøk som DFK-keeperen redda, og Peder Romslo vippa ballen over keeper, men i stanga. Det var difor litt mot spelets gang då Drammen gjekk opp i 1–0 etter ein corner rett før pause. I pausen vart HFK-laget samde om å halde fram trøkket utover i kampen. Alt etter fire minutt kom den fyrste sjansen, då Peder Romslo sette avslutninga rett på keeper. Då var drammensarane langt meir effektive. Etter ti minutt kom ein av spelarane aleine med keeper Fagermo, etter rot i HFK-forsvaret. På 2–0 til drammenslaget heldt HFK fram med å skape sjansar.

Opprykk ikkje umogleg

Trass i det ville det seg ikkje for HFK-spelarane. Tre minutt på overtid sette drammenslaget spikaren i kista og vann til slutt 3–0. – Sett under eitt, basert på sjansar og ikkje minst ballbesittelse, kunne HFK vunne denne kampen. Men me var ikkje heldige og dyktige nok i dei avgjerande situasjonane, melder trenar Jansen på klubben si nettside. Sjølv om HFK no har sakka akterut i forhold til dei andre laga i tabelltoppen, har dei ikkje gitt opp opprykkshåpet. – Me har åtte kampar att og går for å avslutte dei på best mogleg måte. Det som lenge såg ut til å bli HFK sin beste sesong nokon sinne, kan framleis bli det. Sjølv om avstanden til opprykk er nokre poeng, er det ikkje umogleg. NM-kvallik og topp-fireplassering er framleis innan rekkevidde, meiner Jansen.

4. div. menn

Hallingdal FK-Drammen FK 2: 0–3 (0-1)