annonse

HFK med solid bortesiger

Best
Best: Kyrre Sataøen har vore sentral på HFK-laget i haustsesongen. (Arkivfoto)
Kampfakta

Hallingdal FK tok tre poeng og heldt nullen for niande gong då dei møtte Drammen FK i helga.

Mona N. Stensvold

Fotball: Hallingane fekk ein draumestart på kampen, og gjekk opp i føringa etter berre to minutt.

På ein tidleg corner slo Ole Cato S. Haugen inn til Jesper Taaje, som heada sikkert inn 1–0. Drammensarane stilte med eit lag med høgare snittalder og meir rutine enn det unge HFK-laget, og gjestene sleit med å bryte gjennom forsvarsmuren i fyrsteomgang. I det 45. minutt fekk gjestene straffe, men den sette Jørgen Holm i stanga, og laga gjekk til pause med 1–0 til gjestene.

Punkterte

I andre omgang var HFK det beste laget på banen.

Dei var samde om å slå hurtigare inn i bakrom og auke pasningstempo, og det resulterte i fleire sjansar etter pause. Etter to minutts spel var Tomek Jaczsz gjennom, men korkje han eller Markus Thorberg fekk ballen i mål. Etter det var HFK-spelarane fleire gonger på besøk oppe ved DFK-målet. Tolv minutt ut i omgangen scora kaptein Kyrre Sataøen sitt andre spelemål på to kampar, og sende gjestene opp i 2–0. Rett etter punkterte Håvard Gåsterud kampen då han sette inn 3–0.

Viktige poeng

Linus Hedlund spelte sin fyrste a-lagskamp frå start.

Han sette inn 4-0-målet etter ein godt slått corner. Andres Hammersbøen var kveldens andre debutant, og også han imponerte med å setje seg på scoringslista før kampslutt. Han vart spelt gjennom av Linus Hedlund som tok med seg ballen frå eigen 16-meter. Då dommaren bles av på Gulskogen arena, stod det 5–0 til HFK. Best på HFK-laget var kaptein Kyrre Sataøen og Pawel Kascorowski.

– HFK gjennomførte ein svært god kamp, og spesielt andreomgangen var sterk, oppsummerer trenar Jan-Eirik Thorberg på klubben sine heimesider. Sundag møter dei Birkebeineren 2 heime på Gol i den nest siste seriekampen denne sesongen. Med to serierundar att er Hallingdal FK på femteplass på tabellen. Dei er avhengig av å vinne dei siste kampane, og at tabellnaboane tapar poeng i dei siste rundane for att håpet om NM-plass framleis skal leve.