Sondre Rodegård t.h. scora to mål for HFK-juniorane. Her saman med trenar og storebror Jonas under Norway Cup i fjor.
Sondre Rodegård t.h. scora to mål for HFK-juniorane. Her saman med trenar og storebror Jonas under Norway Cup i fjor.

HFK-juniorane vann på Hallingmo

Juniorlaget til HFK slo til med storsiger over Vestfossen på Hallingmo fredag. HFK-juniorane avgjorde kampen etter ein knallsterk fyrste omgang.

Taktikken var å gå hardt ut og overraske Vestfossen med høgt press.

Det lykkast dei med. Etter to minutt fekk HFK frispark som Anders Mastrup ekspederte i mål etter fram og tilbake i feltet.Nokre minutt seinare auka Abdi Rizak til 2–0 etter flott samspel med Mastrup. Før det var gått ti minutt var stillinga 3–0 ved Sondre Rotegård.Etter ein halvtime scora Rotegård sitt andre mål då han dundra ballen i mål etter eit mønsterangrep. Like før pause vart også Anders Mastrup tomålsscorar, og det stod 5-0 til heimelaget.Kampen var i realiteten avgjort i fyrste omgang.Etter pause var ikkje HFK-spelarane i nærleiken av det dei viste før pause. Vestfossen overtok styringa og var åleine med keeper Thi fleire gonger. Han storspelte mellom stengene og sleppte berre ein ball forbi seg i sluttfasen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje kamprapporten var HFK heldige som ikkje fekk fleire baklengsmål i andre omgang. Ein knallgod fyrste omgang og ein svak andre omgang er ikkje godt nok til å kjempe i toppen.

Neste kamp er borte mot Mjøndalen onsdag.

Gutar junior 1. div:

HFK – Vestfossen: 5–1 (5–0)

Mål for HFK: Anders Mastrup 2, Sondre Rodegård 2, Abdi Rizak.