Leiar Edel Therese Høiseth tek bilete av gullvinnaraner Sverre Lunde Pedersen,  Simen Spieler Nilsen, Sindre Henriksen og Håvard Bøkko etter gulløpet i Gangneung Oval under vinter-OL i Pyeongchang.
Leiar Edel Therese Høiseth tek bilete av gullvinnaraner Sverre Lunde Pedersen, Simen Spieler Nilsen, Sindre Henriksen og Håvard Bøkko etter gulløpet i Gangneung Oval under vinter-OL i Pyeongchang.

– Har jobba mot dette i mange år

Håvard Bøkko skreiv seg inn med gullskrift i den stolte norske skøytehistoria då han vann OL-gull i lagtempo.

Skøyter: – Det har ikkje gått opp for meg enno. Eg måtte sjå på tida tre-fire gonger før eg torde å juble, sa Bøkko til Eurosport ein halvtime etter gulløpet.

Men på tavla i Gangneung Oval stod det 3,37,32 mot finalemotstandar Sør-Koreas 3,38,52. Dermed var det berre å sleppe jubelen laus saman med Simen Spieler Nilsen, Sverre Lunde Pedersen, Sindre Henriksen og resten av det norske laget.

Artikkelen held fram under annonsen.

For Sør-Korea vart til slutt knust i ein nervepirrande finale.

Det norske laget opna sterkt og tok ei klar leiing på dei første rundane. Men med eit entusiastisk heimepublikum i ryggen skrudde sørkoreanarane opp farten halvvegs. Og då det stod att fire rundar, leia Sør-Korea med eitt tidel. Men så sette Norge fram Sverre Lunde Pedersen. Som eit lokomotiv drog han tremannstoget inn til gull. Med 3,37,32 vann laget med over eitt sekund. Laget følgde dermed opp den suverene semifinalen der Nederland vart slått. Då sette Norge også olympisk rekord med 3,37,08.

– Me har jobba mot dette i mange år. Det kan ikkje bli så mykje betre enn å vinne OL-gull i lagtempo med tre kompisar, seier Bøkko.

Håvard Bøkko, Sverre Lunde Pedersen og Simen Spieler Nilsen
Håvard Bøkko, Sverre Lunde Pedersen og Simen Spieler Nilsen
Simen Spieler Nilsen, Håvard Bøkko og Sverre Lunde Pedersen i finalen i lagkonkurransen.
Simen Spieler Nilsen, Håvard Bøkko og Sverre Lunde Pedersen i finalen i lagkonkurransen.

Lang veg

Håvard Bøkko har hatt ein lang og sterk innhaldsrik karriere sidan han slo gjennom som juniorløpar under trenaren Peter Mueller i 2005.

Høgdepunktet er nok VM-gullet på 1500 meter i 2011 og OL-bronsen på same distanse i Vancouver i 2010. Men det var som allroundløpar Bøkko var det store norske håpet i fleire sesongar. «Problemet» var berre at den suverene Sven Kramer dei siste ti åra har vore nærmast uslåeleg. Men onsdag hadde Bøkko ei spesiell kjensle på toppen av pallen.

– Det er spesielt å kikke ned på Kramer frå pallen, seier Bøkko.

– Verdt alt

Vegen fram til OL-gullet har med andre ord vore lang.

Og ekstra lang vart vegen etter 2016-sesongen då Bøkko bestemte seg for å ta eit pauseår. Då var framtida uviss. Men utover vinteren 2017 kom lysta til å satse tilbake, og då landslaget møttest til oppstart på den viktige OL-sesongen, var Bøkko tilbake. Men eit brot i foten ved påsketider i fjor sette comebacket i fare. Og like før OL-start i Pyeongchang skadde han seg på trening. Overfor Eurosport forsikrar Bøkko at comebacket har vore verdt all slitet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Akkurat no er det verdt all trening. Ein stor bonus, seier Bøkko, og hadde planar for gullfeiringa:

– Me skal til det nederlandske huset og øydelegge festen!

– Fortent

Mange unner Håvard Bøkko sitt første OL-gull.

Ein av dei er Eurosports ekspertkommentator, Mikael Flygind Larsen.

– Eg unner Bøkko gullet. Det er veldig fortent. Han har vore ein fantastisk løpar i mange år. No får han endeleg OL-gullet sitt. Han klarte å levere då det gjaldt som mest, seier han, og trur resultata i Pyeongchang er starten på ei ny stordomstid for norsk skøytesport.

Til Eurosport sa nederlandske Sven Kramer

– Norge gjekk på 3,37 to gonger i dag. Laget fortente gullet.